| Veldig nøgd på toppen 😃 |
| Soloppgang ved Eitrenipa |
| Gjelsvikestølen i morgonlys |
| Selvikestølen (på returen no i sol) |
| Karakteristiske Fossedalshengenipa sett frå nord |
Video i 4K frå Gjelsvikefjellet
| Veldig nøgd på toppen 😃 |
| Soloppgang ved Eitrenipa |
| Gjelsvikestølen i morgonlys |
| Selvikestølen (på returen no i sol) |
| Karakteristiske Fossedalshengenipa sett frå nord |
Video i 4K frå Gjelsvikefjellet
Det kjennest ut som vinteren kjem tidlegare og tidlegare kvart år. Men det er vel gjerne ein illusjon. Iallefall vart det reint vinterleg no med minusgrader og lett snøfall.
Eg kom meg likevel på Høgeheia igjen i dag. Ei stund sidan sist no. Nokre minusgrader i natt hadde gjort stien knallhard. Også isete over hamrar og steinar somme plassar. Med lett snø opp igjen på veit vel alle at dette kan vere utfordrande. Ikkje verre enn at ein fint kan trakke utom slike lumske kvite steinar...
Elles traff eg på utgangarane oppe ved toppen. I eit område eg har møtt dei ved fleire anledningar. Dei såg heilt fine ut i novembersola.
Fin trimtur!
| Ein hyggeleg liten passiar på toppen av Gjelsvikefjellet i dag |
| Eitrenipa t.v. og Fossedalshengenipa t.h. |
| Blegja i skodde og Keisarlivatnet i framkant |
Det har vore litt for lite fjellrangling i det siste. Mykje dårleg vèr og barnepass får ta deler av skulda. Men kanskje viktigast - at eg ikkje MÅ avgarde til fjells lenger - i alt slags vèr. Sikkert like greitt 😄
Vel, i dag vart det likevel til ein tur på den nye fjelltrimposten på Gjelsvikefjellet i Kvammen. 663 moh. Der Olaug og Sissel vart med. Av arbeidsmessige årsaker kom vi oss ikkje avgarde før nærare klokka 12, så beste vèret gjekk frå oss. Likevel kom vi oss vel opp og ned medan det var opplett.
Elles ganske så blautt mange plassar. På ruta via Fesselia, Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Vèret var noko disig, med 5-6 plussgrader. På toppen litt sørvest trekk.
No lei det såpass langt på dag i dag, i forhold til lys og regnet som var venta, at noko matykt på toppen vart det ikkje anledning til. Vi får håpe på fine haustdagar framover så kaffien og skivene blir etne på fjellet - og ikkje heime igjen.... 😄
På ein særs våt sein-oktoberdag kan vi vel dra fram nokre bilder for november månad. Som kan vere ein fin månad den òg - om veret lagar seg!
| Det er ein god del flatt fjell på Heileberget |
| Flott utsikt til Fossedalen frå Nonsholten. Elles ser vi m.a. N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten. |
| I nord ser vi Markahengenipa og Fossedalshengenipa. Langevatnet med Nipebu midt i bildet. |
| Vintermotiv frå Nonsholten. Søndre Kringla t.v. Blegja, Heilevangstaurane, Storehesten og Laukelandshesten. |
| Foto frå Driveknolten - Nonsholten midt i bildet (Fløyen bak) |
| Gjelsvikefjellet (ny post på fjelltrimmen òg), Fossedalshengenipa, Høgefjellet og Eitrenipa Dalsstoredalen går i nedre kant - løypa frå Fossedalen til Nipebu |
Nonsholten på Heileberget er ny post på fjelltrimmen i Askvoll for 2024/2025 sesongen, Første gong toppen stod på programmet var i 2017/2018 sesongen. Blogg her. Her er fleire ruter opp. Dei står beskrivne på ut.no
Ovanfor plukka eg nokre tilfeldige bilder frå fjellet. Frå gamalt av har eg gått mest frå Rivedal. Og då flest gonger over Hundeheia og Driveknolten. Spesielt om vinteren er denne ruta å føretrekke. Ved vanskelege snøforhold kan det vere greitt å gå via Vagstaddalen og Atlevatnet. I år er det merka frå Otterstein og via Fløyen og ut til Nonsholten. Det er ei forholdsvis utfordrande rute. Spesielt vinterstid krevjande og ikkje for "kven som helst". Då er det posten"snillare" å nå frå Rivedal. Og også frå Nipebu. Fin som skitur!
Heileberget, Driveknolten og Nonsholten har fantastisk utsikt til Dalsfjorden, bygdelaga kring fjorden og eit utruleg fjellrike i alle retningar. Askvoll og Fjaler på sitt ypparste.
Nonsholten er ein såkalla 30 poengs tur. Og den som er tyngst på årets program. Utanom Blegja som er frivillig. Så får vi berre håpe på nokre fine haustdagar framover så vi kan nyte ein tur på dette flotte fjellet òg.
| På Hekkelfjellet i dag - i ly bak ein hammar.... |
| Kleppenes- Bogestølen |
| Dokka og Kringla. Midt i bildet ligg Hålandsstølen. Vikastølen t.v. |
| Det kveldar på Jamneheiane Steinheia t.v. Alden, Atløy, Raudøyna og Heggøyna |
| Askdalen i kveld |
Eg møtte Olaug i Askvoll i dag etter at ho var ferdig på jobb. Saman gjekk vi Askdalen inn til endes, opp bakken her og nord til Fismavatnet og Jamneheiane. Her er det ny fjelltrimpost for komande sesong 24/25. Vèret var delvis skya med sol inn att i mellom. Temperaturen rundt 6 grader.
No må eg innrømme at Askdalen nærast er for ein transportetappe å rekne. Og ganske lang inn - og ikkje minst ut att. I dag var det likevel fint innover i kveldslyset. Flotte fargar på lauv og vegetasjon. Men rimeleg vått mange stadar. Det vart ein super fin tur til posten. Tidlegare år har eg gått ein heil del frå Fisma til Jamneheiane. Her ligg ein del bilder.
| Utsikt mot Flokeneset og Førdefjorden i nord |
| Fin tur på oss to... |
| Flott utsikt til Vågane og Flokeneset og øyane i Florø-bassenget |
| Håsteinen i kveldslys |
| Utsikt austover til Gjelsvikefjellet og Blegja |
Nerviknipa er ein ny post på fjelltrimsesongen 24/25. Og har heller ikkje vore med på programmet tidlegare. Det er faktisk eit fjell som eg er litt usikker på om eg har var vore på før òg (mogeleg på sauesanking). Før i går ettermiddag. No har eg rett nok gått ein god del på tidlegare postar i nærleiken som Middagsnipa og Indrevågefjellet. Dei ligg høgare og høvesvis litt lenger aust og sør. Og då med start i Vågeskaret eller Oslandsbotnen.
Starten på turen til Nerviknipa startar ved busskuret i Vågane. Og gjennom grinda her. Det er godt merka heile vegen med breie oransje plaststrimlar på tre og vegetasjon oppover. Også ein del vardar lenger oppe. Stien er ganske bra oppgådd. Undervegs er det lagt ut 4 taulengder opp nokre relativt bratte hamrar. Veldig bra jobba 😄! Hamrane er ganske glatte når dei er våte. Som i går kveld. Og taua var gode å halde seg i, spesielt ned igjen. Kanskje greitt å vere obs på framover sidan ruta også ligg unnasols. Spesielt til vinteren med snø og is. Gode sko og broddar/stegjarn absolutt ei forutsetning ved slike forhold.
Når dette er sagt har fjellet på 391 moh ei fantastisk utsikt i nord til Vågane, Flokeneset, Førdefjorden og øyane i Florø-bassenget. Og til kjende fjell i aust som Gjelsvikefjellet og Blegja. Førstnemnde også ny fjelltrimpost for komande sesong. I vest har ein utsikt til Ytrevågefjellet. Turen er elles skissert på ut.no her.
Pass på væte, snø og is framover! God tur!
| Storfe ved Krikavatna |
| Litletjørna - Moldura i midten bak |
| Dagens selfie |
Eg tok turen til Toreheia igjen i dag for å hente ned fjelltrimboka til AHIL (Askvoll og Holmedal idrettslag). Den hadde "utløpsdato" i går. Samtidig la eg ut igjen boka, "Toreheias vener", som plar ligge her fast. Alltid kjekt at det ligg ei bok på fjellet ein kan skrive seg inn i sjølv om ein ikkje får registrert trimpoeng! Som selskap hadde eg ein bøling med storfe (sjå foto). Nokre av dei gjekk i dag ved Krikavatna.
Vèret var stille og overskya. Og bra temperatur. Men det var ganske vått mange stadar. Det må ha regna ein del lørdag. Sjølv har vi vore i Bergen i helga.
No står nye postar på programmet for fjelltrimmen (NB. Opprinneleg låg MIddagsnipa inne. Men den er bytta ut med Nerviknipa). Det skal bli kjekt å få besøke desse framover.
Ja, 1.oktober kunne vel ikkje bli flottare. 16,6 plussgrader no i ettermiddag, blikkstille og knall sol. Rett nok var det ikkje meir enn 6,3 grader i dag tidleg, men når sola fekk tak vart det utruleg flott. Nett som på mange av oktober-bilda eg la ut i går.
Såleis måtte eg sjølvsagt til fjells. Måtte jo bruke deler av dagen her. Og det mest naturlege valet er å gå frå dørstokken heime og på Toreheia. Mitt kjære Toreheia. Elles er her fleire andre alternative ruter som til Ytrevågefjellet, Skylefjellet og Blåfjellet. Alle òg som kombinasjonsruter. Det fine er at alle ligg på solsida no når det haustast.
Eg følgde den vanlege ruta opp til Rinda, Svartevatnet, Krikavatna og opp dalen til topps. Her har eg merka i vår. Fin sti. Men litt vått enkelte plassar. Eit godt stykke oppe i dalen såg eg to personar på veg ned Yndestadhøgeheia som eg vinka til. I boka på toppen synte det seg å vere Dag-Tore og Anita. Morgonfuglar litt tidlegare i gong enn pensjonisten 😊På toppen var det elles fantastisk. Heilt vindstille (og det er sjeldan) og utan ei sky på himmelen. Sjå (litt dårleg) video.
No var det meininga å gå om Skylefjellet heim igjen. Men eg vart fiklande med mobilen då eg gjekk og var brått på veg hin vegen. Ja, ja, då vart det retur via Yndestadhøgeheia då 😃 På Skylefjellet var eg hin dagen, Så då vart det nokre bilder av bygda og heim igjen i dag òg. Siste biten gjekk såleis ned Selda og ikkje via Rinda.
Perfekt turdag! No er det berre å håpe på fleire slike!