onsdag 19. april 2023

Skule i Fossedalen

Det opprinnelege skulehuset i Nedre Fossedal til høgre.
Bygget var i to etasjar med soverom i andre etasje.

 Som vi alle veit var det i si tid skule i Fossedalen. Vi kan ta ei lita republisering av denne soga. Stykka er lagde ut på Fossedalen - i grøne far på Facebook

Skule i Fossedalen (1)
(Klikk på bilete under for alle namn)
I Innlegget 13/2 er det nemnt at Fossedalen hadde skule. I skuleprotokollen for Fossedal krins kan ein m.a. lese kven som gjekk her i året 1921-1922, På vedlagde bilde ser ein fødselsdato på barna og kor tid dei kom i skulen. I "Tidt eg minnest ein gamal gard" er det skrive ein heil del om korleis skulen fungerte.
I 1880-90 åra gjekk Fossedalsborna på skule i Øyna, der det vart bygt skulehus. Skulen var i bolkar på 2 eller 3 veker med skule frå mandag til laurdag. Ein rotur frå Fossevka til Øyna tek ein halv time til tre kvarter, så det var ikkje snakk om å reise til og frå skulen kvar dag. Borna stelte seg sjølve i Øyna.
I 1916 søkte så folk i Nedre og Øvre om å få opprette eigen skulekrins. "Etter søknad frå mennerne i Fossedal, Fossevik og Otterstein vart det samrøystes vedteke aa skipa ein ny skulekrins for desse gardane. Dette vedtaket gjeld berre solenge som der er so stort barnetal i denne krinsen at den med rimelege utgifter kan haldast uppe".
Skulehuset vart såleis nyestova i Nedre Fossedalen der læraren òg måtte bu dei vekene skulen varte. Frå hausten 1917 vart det fast skule i Fossedal med 7 gutar og 1 jente. Lærar var vikarlærar fanejunker Neumann som reiste mellom Fossedal og Øyna.
(Held fram)
Kan være et bilde av obo og klarinett

iker
Kommenter
Del

Framhald skule 2 & 3

(foto Nedre Fossedal - skulestova til høgre)
Til skuleåret 1918/19 skulle ny lærar tilsetjast for Øyna - Fossedal. Det hadde meldt seg 2 søkjarar.
1.Fanejunker Neumann, som ikkje hadde utdanning, "men som hev verka til konstituert lærar i heradet i umlag 2 aar".
2. Ein kvinneleg lærar med utdanning.
Neumann vart tilsett med denne grunngjeving: "Daa denne posten er svært mødesam med lang og tung veg millom krinsane er det mindre høveleg aa tilsetje ei lærarinna. Ved aa halde posten paa konstitusjon inntil vidare held ein vegen open til seinare aa faa ein fullt utdana mannleg lærar".
Året etter kom Søren K. Hauge til Fossedalen. Han vart lærar i krinsen i mange år.
Barnetalet i skulen auka, vinteren 1919/20 var det 10 elevar i skulen, skuleåret 1921/22 ville det bli 12 elevar (sjå eige foto over namna). Skulerommet i nystova i Nedre Fossedal var så alt for lite, og hausten 1920 søkte krinsformannen, Johan Fossedal (Nedre) om at krinsen måtte få skulehus med det aller første. Skulestyret svara med å setje ned ei nemnd på 2 mann "til å kome med framlegg til heradstyret um kva der må gjerast for å skaffe krinsen brukeleg skulerom". Dei som vart valde var ikkje frå Fossedalen.
Ved elva nedanfor Fossedalsfossen hadde Johan Fossedal bygt sag. Her skar han no material og gjekk i gang med å byggje skulehus sjølv. Huset vart bygt i tilknytning til bustadhuset, men i to høgder, og med kjellar under. Første høgda vart innreidd til skulerom, og stod klar til skulestart hausten 1921. No vart det betre om plassen, men skulestyret, som stod føre alle nyinnkjøp til skulane, var ikkje slepphendte med pengane. På skulebudsjettet var posten "skuletarvende" i alle år oppførd med 100 - 300 kr for heile kommunen.
(held fram)
Skulestova til høgre

Framhald skule (4)

Magnus Steiestøl var lærar i Fossedalen eit par år, og våren 1925 då han reiste, skreiv han ei "helsing" i skuleprotokollen til etterkomaren sin m.a.:
"De må vera om Dykk etter dei anatomiske plansjar. Dei vantar. Varsku Fagerheim at De må få, for han hev gjeve lovnad fyrr. Eg hev av den grunn ikkje fått havt anatomi, det som i gr. skulde vera det viktigaste ved heile naturfag-opl. Fysikken treng vel også repiterast, sjølv om det lite gagn gjer med dei hjelpemidlar Fossedalen skule hev. Kva som vert gjort eller ei, så må her skaffast nye pultar. Syrg fyre det, for elles vert borna krafryggja kvart eit. Eg hev fenge lovnad både om pultar og veggtavla, men det lyt nok enno ei påminning til. Av hjelpegreidor er her som sagt smått, men so kan ein heller ikkje krevja meir enn ein gjev.
Den stundi eg hev vore her hev eg havt mange vanskar å strida mot, so i nokon mun kan det orsakast at borni ikkje er lenger komne. Ein udelt skule kan ingen rekna ut eller skyna seg på fyrr dei hev prøvt honom. Mange gode ting vert nok bortkasta utan å koma dei fleste til nytte.
Fossedal 28 mars 1925. Lukka til strevet. Magnus Steiestøl".
Kommentar: Ein kan ut frå dette gjerne anta at skulen i Fossedalen vart noko stemoderleg handsama frå Dale.
(Held fram)
Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.
tar
Liker
Kommenter
Del

Framhald skule (5)

"I skulestova stod 3 lange bord eller pultar, der elevane sat på benker, 3 og 4 ved kvar pult. Dei fekk veggtavle, stor og svart, og på veggen hang tre kart: Norge, Europa og Jødeland. Dei "anatomiske plansjar" fekk dei nok ikkje, men her var plansjar av dyr og fuglar. Lesebøker hadde skulen til utlån, men alle andre bøker, som Katekisma, Landkunna og soga, måtte elevane kjøpe sjølve. Frå hausten 1918 vart "delvis fritt skuletarvende" innført i kommunen. I reglane for bruken står m.a.: "Det skal staa fritt for læraren aa lata borni faa skrive- og teiknesaker med heim i den mun han finn det turveleg". Dette varte fram til hausten -24. Då vart rikstilskotet oppheva, og lærarane vart av skulestyret oppmoda om å halde skulemateriell til sals, kvar til sin skule.
Så læraren hadde skrivesaker og kladdebøker til utdeling, men alt vart nøye bokført, og foreldra betalte alt det borna brukte gjennom året. Papir til å kladde og rable på, kjøpte ein ikkje, her nytta dei det dei hadde heime - og kladda på gamle konvoluttar, gråpapir og anna".
Held fram
Aslak Nyhammer, Ivar Johan Takvam og 6 andre
6 kommentarer
1 deling
Liker
Kommenter
Del
Framhald skule (6)
"Det kunne vere folksamt i Nedre Fossedalen i skulebolkane vinterstid. Læraren budde i nystova. Var veret dårleg, låg også elevane over, både dei frå Øvre F. og dei frå Ottersteinen. Loftet i skulehuset var innreidd til soverom for borna i Nedre F, dei var så mange sysken. Men her var saktens plass til nokre ekstra".
"Skulevegen frå Øvre Fossedalen var ikkje alltid så lett. I godver om våren og hausten gjekk dei langs vatnet, der var ikkje veg. Om hausten slutta skulen litt tidlegare enn vanleg, for at borna skulle nå heim att om kvelden. Når dei ikkje kunne gå, var dei rodde til skulen om morgonen, av far eller bestefar. Og når skulen var slutt, vart dei henta i Vassenden. "Då var det alltid spanande å sjå kven som kom og henta oss".
Om vinteren var det verre: Det hende dei måtte vere borte frå skulen når det ikkje var framkomeleg over vatnet. Etter snøfall gjekk dei vaksne føre og trakka veg, eller dei pløgde med hest.
Om våren når isflaka losna, hende det også at dei dreiv med "fanteskap" på skulevegen - dei gjekk på isflak - endå det visstnok ikkje mangla på åtvaringar heimanfrå".
(Held fram)
Bilete skulevegen til borna i Øvre Fossedalen vinter/vår.

Framhald skule - siste del (7).
"Borna frå Otterstein måtte i båt for å kome til skulen. Faren skyssa dei til Vika - og henta dei der, når dei ikkje låg over. Eit år søkte Andr. Otterstein om skyssgodtgjersle "for det han ror med borna sine til Fossevika". Det fekk han ikkje, men han skulle få - "godtgjerdsla for dei døger borni hans ligg borte frå heimen i skuletidi, med 40 øyre for kvart døger for kvart barn". Året var 1922".
"Hausten - 28 var det berre fem elevar att i skulen. Året før var det 8. No var her heller ikkje fleire born under skulealder, og det var fare for at skulen vart nedlagd. Men Dorthea fekk hit ei jente som ho var tante til, Helga Mandelid frå Askvoll. Ho budde i Fossedalen denne vinteren og gjekk på skule der. Året etter kom broren Hjalmar, og han budde og gjekk på skule i Fossedalen. Men så var det også jamnt slutt med skulen i Fossedalen. 20. febr. - 32 vart kroken sett på døra. Frå hausten av måtte dei tre siste elevane, Inger og Anders frå Nedre, og Alma frå Øvre Fossedal reise til Øyna på skulen.
Inger fortel: "Eg var 12 år, bror min 2 år yngre. Me budde hos nokre folk der. Mamma sende med oss mat so me hadde heile veka. Det hende kona hengde på potetene for oss, men elles stelte me oss sjølve".
"Som vanleg reiste mennene i Fossedalen på vintersildfiske, og dei søkte skulestyret om skyss for borna til Øyna skule medan dei var borte. Skulestyret gjekk med på dette og vedtok å betale skyssen, "- og soleis at dette for nemnde tid kjem i tillegg til innkvarteringi".
Nokre år seinare vart også skulen i Øyna nedlagd. Der var ikkje fleire elevar. Men denne skulen starta seinare opp att, for ei tid og av den siste generasjon born som voks opp i Fossedalen, borna til Øystein og Gunnhild, gjekk dei eldste på skule i Øyna. Dei måtte innhysast, på same måte som generasjonen før. Så vart skulen i Øyna nedlagd for godt i 1956, og elevane overførde til Dingemoen skule i Dale. Det vart sett inn skuleskyss mellom Fossevika og Dale, så borna kunne kome heim kvar dag".
Klikk på bilete for tekst.
(Slutt)
Del
l, Helga Mandelid frå Askvoll. Ho budde i Fossedalen denne vinteren og gjekk på skule der. Året etter kom broren Hjalmar, og han budde og gjekk på skule i Fossedalen. Men så var det også jamnt slutt med skulen i Fossedalen. 20. febr. - 32 vart kroken sett på døra. Frå hausten av måtte dei tre siste elevane, Inger og Anders frå Nedre, og Alma frå Øvre Fossedal reise til Øyna på skulen.
Inger fortel: "Eg var 12 år, bror min 2 år yngre. Me budde hos nokre folk der. Mamma sende med oss mat so me hadde heile veka. Det hende kona hengde på potetene for oss, men elles stelte me oss sjølve".
"Som vanleg reiste mennene i Fossedalen på vintersildfiske, og dei søkte skulestyret om skyss for borna til Øyna skule medan dei var borte. Skulestyret gjekk med på dette og vedtok å betale skyssen, "- og soleis at dette for nemnde tid kjem i tillegg til innkvarteringi".
Nokre år seinare vart også skulen i Øyna nedlagd. Der var ikkje fleire elevar. Men denne skulen starta seinare opp att, for ei tid og av den siste generasjon born som voks opp i Fossedalen, borna til Øystein og Gunnhild, gjekk dei eldste på skule i Øyna. Dei måtte innhysast, på same måte som generasjonen før. Så vart skulen i Øyna nedlagd for godt i 1956, og elevane overførde til Dingemoen skule i Dale. Det vart sett inn skuleskyss mellom Fossevika og Dale, så borna kunne kome heim kvar dag".
Klikk på bilete for tekst.
(Slutt)
Alle reaksjoner:
Ingvar Solheim, Johan Johansson og 33 andre
2 kommentarer
1 deling
Liker
Kommenter
Del

lørdag 15. april 2023

Merking TiTur Dalsfjorden

På ruta til Yndestadhøgeheia er det utsikt til tidlegare TiTur toppar.
På bildet ser vi Hovden på Atløy og Høgeheia på Stavenesodden ute ved havet.
Skylefjellet ligg utanfor høgre bildekant (sjå video under).

Utsikt mot aust frå TiTur-posten til Krikavatna og Toreheia.
Yndestadhøgeheia er fleire toppar som vi ser med snøflekker til høgre.
Det er fint å gå alle toppane austover til Toreheia. Deretter ned att til Skylefjellet utanfor venstre bildekant og retur til Yndestad ved Stongfjorden.

Video 15/4

Då er ruta til Yndestadhøgeheia merka for opning av TiTur Dalsfjorden posten her 1.mai. Det vart litt tyngde opp med nye merkestikker! Så får vi tru at ikkje folk forvillar seg vekk om havskodda skulle sige på. Ruta er elles merka slik at det skal passe for ein senior-tur hit òg (eller best for ungar). Såleis at vi går opp til hytta rett vest for Krikavatnet (hytte nr.3.) og tek den ganske korte bakken opp mot sør. (Ei anna litt kortare rute er å gå opp ranen frå dalen). Eg har tidlegare laga eit gps-spor av denne "nye" ruta som du finn på ut.no her.

Tidlegare Blogginnlegg her

Fotoserie Yndestadhøgeheia under

onsdag 12. april 2023

Turar i det siste...






Bilder frå turar 4. - 12.april 

Motiva er vel kjende for dei fleste - ja kanskje utanom ansikta...😉

lørdag 1. april 2023

Kjempetur heime

Utsikt heim til m.a. Yndestad frå Yndestadhøgeheia 2

Yndestadhøgeheia 1 og 2 i skaret mot Toreheia
Stavenesodden t.h Skredvarden på Atløy med snø på t.v.
Hovden på Atløy og Alden i midten

Mange fjell i aust - 
Frå venstre mellom anna - Blegja, Storehesten, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Vardenova, Skålefjellet og Svarthamrane

I dag gjekk eg den fantastiske ruta heime i frå og til Yndestadhøgeheia 1 & 2, vidare til Toreheia og vest til Skylefjellet og heim igjen. Herleg tur i strålande solskinn og rundt null grader då eg starta i 8-tida. Eg sette på ein gpx-tracker då eg ved skiltet som det står Skylefjellet på ved vegen. For å ha dette sporet til TiTur Dalsfjorden som opnar 1.mai. Som vi veit er Yndestadhøgeheia (1) eller Yndestadheia ein av toppane på årets program. 

Innover Yndestadhøgeheia låg det noko snø. Det var både laust og skare om eit anna. På toppen av Toreheia var eg ganske pløst - for å seie det slik...Men du verda for ein fornøyelse det var å sitte ved varden og nyte nokre bitar melkesjokolade og saft. Strålande sol, ikkje ei sky på himmelen. Og panoramautsikt i alle himmelretningar. Toreheia er eit fantastisk flott fjell! "Heimefjellet" mitt... 

Påskestemning på Toreheia

Turen vestover fjellet og til Skylefjellet gjekk heilt greitt òg. Litt snø her og der. For ei utsikt til havs... Isen ligg endå på Krikavatnet og Mangevatna. Sein issmelting i år. Men isen er sjølvsagt ikkje til å gå på. 

På veg ned igjen til Yndestad traff eg folk. Først ein kjend gamal kollega. Deretter ein kar frå Holmedal. Eg slo sjølvsagt av ein god prat med dei begge. 

Heime igjen 

Fantastisk start på påska dette. Håpar det held fram slik.  

Foto under på link 

   Yndestadhøgeheia 1&2, Toreheia, Skylefjellet 010423

onsdag 29. mars 2023

April i bilder

April og påske nærmar seg med stormskritt. Her er ein liten kikk på nokre tidlegare bilder frå denne månaden. Frå snøkledde lier og toppar til blomstrande tulipanar og påskeliljer.

"Jeg velger meg april"... 

søndag 26. mars 2023

Utegangarliv

Skikkeleg snøbyge på toppen

Her gjekk utegangarane i dag - trekt ned frå fjellet

Snøbyge i ferd med å gi seg

Tilbake i Holevika

Olaug vart med på Høgeheia i dag. I alt slags ver. Frå flott sol til ei isande snøbyge på toppen. Utegangar-sauene gjekk i dag heilt nede ved fjorden før Staveneset. Dei ynskjer seg vel litt vår dei òg. For det var både isete og glatt mange plassar oppover på fjellet. Greitt å bruke broddar på ein del av ruta ned att. Det er som vi veit fort gjort at det kan ryke eit handledd. Fin tur!

 

tirsdag 21. mars 2023

Facebook Fossedalen i dag


Fossedalen og fjella ikring

Frå eit facebook-innlegg på Fossedalen - i grøne far i dag. Interessant stoff om skjøtselsplanar for slåttemark, områdeskildring for naturbase og vekstar. 

mandag 20. mars 2023

Utegangarar

Utegangarar ved Høgeheia i dag

ds

Kystgeit/melkegeit 🐏i Sogn er eit heitt tema om dagen. Mattilsynet vil visst få avliva den gamle flokken som går i fjella der inne. Av omsyn til geitene. Så rart det enn høyrest ut. For min del håpar eg dei finn ei fornuftig løysing og let geitene få leve. 

Nokre tøffingar av utegangarar finn vi og på Stavenesodden. I Høgeheia traktene. Eg traff på dei igjen i dag tidleg. Nesten på høgste toppen. Dei klarar seg godt. Trekkjer ned nord/sør til granskog og fjære om det kjem mykje snø. 

Landskapet blir halde vedlike av geit og sau. Ja, vi skulle hatt endå fleire gåande ute heile året. Meiner no eg 😉🐏

lørdag 18. mars 2023

Fjell og ved

 


Flott morgontur på Høgeheia. Deretter arbeid med ved i Gjerda med Håvard og Olaug. 
Vår i lufta!

fredag 17. mars 2023

Mars i bilder

Etter ein vinterleg og hustrig marsmånad kan det vere kjekt å sjå tilbake på litt flottare dagar. Så her er nokre tidlegare bilder frå denne vårmånaden.

God helg!