fredag 23. desember 2022
Lyset
God Jul
lørdag 17. desember 2022
Sykje og tappa kropp
lørdag 10. desember 2022
Vintersola 2
onsdag 7. desember 2022
Vintersola
Fabelaktig rein vintertur på Høgeheia i dag. Drivande kvit nysnø. Og vintersol! Men det såg ikkja akkurat slik ut då eg starta. Det snøa nemleg ganske heftig då eg tok av garde frå Holevika. Opp gjennom "stien" låg det vel 15 cm snø eller noko slikt. Akkurat slik at råsa oppover var synbar. For sikkerhets skuld hadde eg teke på meg brodddane då eg starta for det låg is under nysnøen.
Oppe ved julegrana som Anita og Dag Tore har pynta så eg at det lysna i nord. Suverent! Og lenger oppe i bakkane møtte eg vintersola...
| Anita og Dag Tore har pynta julegran ved stien til Høgeheia - her i eit godt lag med nysnø ...det skin av sol i nord... |
Ja, bakkane låg bada i dei flottaste vinterstrålar du kan tenkje deg. I tillegg var det heilt vindstille! Snakk om flaks. For lenger ute i havet låg det heftige snøbyger. Reint spanande om dei ville nå inn medan eg var oppe på toppen. Men det gjekk heilt supert. Bygene heldt seg unna! Og eg fekk ei herleg stund på toppen. Ned igjen var det rein moro i snøen.
For ein flott tur dette var i dag. I det flottaste eventyrlandskap!
tirsdag 6. desember 2022
Smak av vinter
fredag 2. desember 2022
Nydeleg adventstur i Holmedal
| Soloppgang frå ranen på Dokka - lett frost på Straumsnes og i Holmedal |
| Nydeleg utsikt til kjende fjell i aust |
torsdag 1. desember 2022
mandag 28. november 2022
Desember
Desember nærmar seg. Her er ein serie arkivbilder frå månaden.
Dette er ei fin tid i fjellet. Spesielt om det lagar seg med vèret.
Det pastellfarga og låge lyset om vinteren er vakkert.
tirsdag 22. november 2022
Kjøleg austavind
Hadde eit par ærend i Askvoll i dag så då passa det med ein tur oppom Hjartåsen òg. Vindstille inn Askdalen då sola rann. Men ganske så kjøleg austavind oppover mot toppen. Elles frose underlag med is her og der. Flott trimtur!