lørdag 16. november 2019

Bærre lækkert

På stien til Krikavatna.
Stavenesodden t.v.

Krikavatna.
Elva frå Toreheia er no beinfrosa - noko haren likar.....

Skylefjellet t.h.

Sol over Moldura

Dei kjende i aust

Dagens selfie på Toreheia 

Krikavatna og Mangevatna ute mot høgre

ds

Svanøy - Sunnfjords perle - ber sit namn med rette

Fekk ikkje teste dei på
annan måte i dag...
I dag vart det ein tur att her heime. Standardruta over Toreheia og Skylefjellet. Kroppen hadde ikkje så lyst på særleg "meir". Då er dette ei perfekt runde på tre, fire timar. Alt etter som. Også med ein god del sol! Litt tid går det med til fotografering. "Leik på is" høyrer jo med slike fantastiske vinterdagar òg. 

Ja, for det er vel vinter no. Isen held iallefall. Klok av skade har eg med meg ispiggar (foto t.h.). Sjølv om isen på vatna såg bra ut også førre helg. Noko anna er at det ligg ein del is i stien. Spesielt mot flatene bort til hyttene ovanfor Rinda. Det vart elles ein liten rævadans på meg i dag òg. Ned vestsida av Toreheia på veg mot Skylefjellet. (Her skulle eg sjølvsagt ha teke på meg broddane). På sistnemnde fjell hadde allereie min tidlegare kollega ute på Hogjen vore. Til sin "isdans" for å seie det slik... Elles? Bærre lækkert....😃





fredag 15. november 2019

Jomfrueleg på Moldura

Siste stigninga til Moldura frå nord.
Vi ser Toreheia og Ytrevågefjellet i bakgrunnen
(alle foto mobil)

Rett under toppen med ruta frå nord

Vinterleg på Moldura no

Vestover mot Størdalsstauren

Størdalsstauren i dag

Ytst i Stongfjorden i november-sol

Eg traff Ansgar Bjarne borte på tunet på Neset i dag tidleg før eg starta turen opp på Moldura. Han tipsa meg om ein liten variasjon på ruta oppover ved å gå inn til andre elva og følge vestsida beint opp. (Det er elles godt merke opp vest om første elva). Så til Ansgar Bjarne - dette funka heilt perfekt. Fann vardane og merka og kom inn att på den vanlege stien nedom Langedalen. Alltid kjekt å prøve seg på ein ny variasjon på rutene.  

Eg vart litt overraska over at det var kome såpass med nysnø oppe mot toppen. Kanskje 20 centimeter frå ca 600 moh. Men enkelte plassar hadde snøen fonna seg og var djupare. Turen opp vart såleis hakket tyngre enn eg hadde tenkt. 

Elles var frose terreng og is ei lita utfordring i dag. Nysnø på islagde hamrar veit du. (Ned igjen fekk ræva det eit par gonger oppe i høgda....) 😃 Men spesielt ned frå Størdalsstauren, der det i tillegg er stupbratt fleire stadar, er dette farleg. Så går du på stauren må du ha broddar! Noko anna er ikkje forsvarleg! For no er alt frose - mark, myr, gjørme og i tillegg ligg det issvullar overalt. Fjella vinterstid har klart andre utfordringar enn sommarsdagen -  både når det gjeld utstyr og risiko for at noko kan gå gale. Sjølvsagt. Så take care! 

Noko anna er at det knapt er vakrare i fjellet enn når dei ligg der i nysnø. I sporsnø. Og du kun ser dine eigne spor i tillegg til hjorten, haren, rypa og reven. Og når låg vintersol speglar alt i lange skuggar. Du kan puste frisk og kald fjelluft. Utan fluger, klegg, flått og knott... Kanskje er det òg nett no ein har mest bruk for slike flotte fjelldagar som i dag! I pur novemberglede. 


torsdag 14. november 2019

VinterDokka

Holmedal og Straumsnes i vintersol

Ranen opp

Berre eg ser Dalsfjorden

Fantastisk på Dokka i dag
   
Dokka frå Vikastølen

Herleg morgontur på Dokka i Holmedal i dag tidleg. Jomfrueleg i nysnø opp ranen. Rett nok litt is her og der. Og spesielt mot toppen der nysnøen låg  var det obs obs. Her valde eg å ta på broddane. Perfekt utsikt på toppen i nydeleg vintersol og drivande kvit nysnø. Og ingen andre spor enn mine... 

Vinterskrud på Dokka 

Returen gjekk eg om Nyksvatnet der Nykshytta spegla seg i låg vintersol. Nydeleg. 

Nykshytta under Moldura i dag

mandag 11. november 2019

Is og gjørme

Utsikt mot Raudøyna, Heggøyna, Smelværet og Høgeheia t.h. frå Blåfjellet i dag tidleg.
Mot Grane midt i bildet. 
Knall flott på Blåfjellet i Askvoll i dag tidleg. Med frosa mark og frosa gjørme var det i dag heilt topp å ta seg opp dit. Tidlegare har her vore reine gjørmebadet oppe i bakkane. 

No ligg det rett nok ein del issvullar her og der. Og det er forsåvidt lett å tryne om ein ikkje ser seg for. Men isen som ligg er i grunn grei å trakke ut om. Er du skeptisk er broddar og stavar tingen. Og sjølvsagt gode sko. Sjølv synest eg iallefall det er betre med frosa jord enn med gjørmebadet som er her i plussgrader. Og no er det jo råd å gå på butikken etter turen òg utan å skremme vitet av folk...😃 

søndag 10. november 2019

Stålis og raude kjakar

Stålis på Mangevatna i dag

Toreheia
Florø i bakgrunnen.

Issvull under toppen på Toreheia

Flott utsikt på ruta frå Toreheia til Skylefjellet t.h.


Frisk heimetur i dag. Rundturen Toreheia og til Skylefjellet. Kaldt, fint og klårt. Og for det meste solskin heile turen. Det er det fine med å gå nordsida av fjorden. For her er det sol heile året. 

Ja, for i motsetnad til i går valde eg i dag turen på solsida av fjorden. Ekstra kjekt å kome seg opp i sola når fjorden og bygda elles ligg i skuggen. Vel, her på Yndestad har vi sola endå då - på ettermiddagen. Ho er heilt vekke 3 veker før og etter solsnu. Men sørsida av bygda har mist ho no. Dagane går no likevel så fort at sola snart har snudd igjen - så slik går no åra...😄 Tida styrer seg sjølv. Sameleis med sola....  

Elles traff eg hyttefolk frå hi sida av fjorden som òg valde solsida for søndagsturen i dag. Vi slo av ein liten prat oppe ved Rinda. Dei på veg opp - eg på veg heim att til varm kaffi og dusj. I minusgradene og den kjølige austatrekken, vart dette nok ein flott og frisk tur. Så friskt at eg gjekk stålisen over vatna. Utan problem...😄

lørdag 9. november 2019

Tok ikkje sjansen

Andre elva
Toreheia i morgonsol

Skålefjellet i dag

Skålefjellet og barfrost på Slettestølen.

Etter ein flott 25-års jubileumskonsert med Real Ones på Samvirket i Dale i går kveld, gjekk turen på Skålefjellet i dag tidleg. Opp frå Gjerdedalen og Brekka i barfrost. Temperaturmålaren viste minus 5 grader heime. Men der inne brukar det å vere noko meir. 

Ruta på denne tid ligg i skugge heile vegen. Sola skin berre på toppen av fjellet. Som i dag har jo det sine utfordringar. Mykje is og kald gufs. Såpass at eg faktisk ikkje tok sjansen på å gå opp "første ruta" over hammaren ved første elva. Isen og issvullane låg så tett at eg fann det vanskeleg å finne fotfeste. Så for ikkje å skli og slå meg forderva gjekk eg ned att bakken, og heldt fram opp til den andre ruta ved den andre elva lenger oppe i Mannskaret. Og gjekk opp via Skålefjellsvatnet og til toppen.  

Mykje is og issvullar på veg til Skålefjellet i dag.
Moldura i bakgrunnen.

Det var steinkaldt på toppen. Sur trekk frå aust. Sola er heller ikkje så mykje tak i no. Sjølv om den gir ein psykologisk boost. Eg skrinnla difor planane om å gå over Svarthamrane og vestover, og gjekk ned att same vegen. Det var greitt som det var. Fekk meir lyst heim å legge innpå ovnen...😃

torsdag 7. november 2019

Smak og behag


Moldura t.h. i dag tidleg
Første solstrålane for dagen øvst i skaret til Fagredalen i Holmedal

Florøkanten frå toppen i vest

Størdalsstauren i dag


Neset og Stongfjorden

I dag gjekk eg ruta frå Neset i Stongfjorden til Moldura med retur via Størdalsstauren. Kjempeflott rundtur dette. Og så slepp ein bry seg med logistikken då ein kjem ned att på same staden. Denne ruta er godt merka av Ansgar Bjarne på Neset. Kanskje litt lenger enn ruta frå Holmedal. Men flottare? Ikkje det? Nei, dette blir vel litt hipp som happ eller smak og behag. Eg for min del synest det er kjekt å byte litt på kosten...😃

Det var kaldt i dag. Fleire minusgrader. Endå kaldare var det sjølvsagt der oppe. Alt av myrar og væte var frose til. I tillegg låg det eit dryss med nysnø eit stykke oppe i høgda. Mot toppen også noko gamal snø. Nysnø på is og hamrar er glatte greier! Føl ein med terrenget ser ein som oftast desse fellene og kan trakke utom.  







tirsdag 5. november 2019

Solskin over Dalsfjorden

Sola skin over Dalsfjorden 

ds

Holmedal


Utløpet av Langevatnet i Holmedal 

Hekkelfjellet
med utsyn til Dokka, Kalderasnipa og Moldura
i bakgrunnen Atløyna og Alden

Bakkestølen

Kleppenes og Bogestølen
I dag gjekk turen til Holmedal igjen, og rundturen som nemnd i fotolinken. Herleg og flott haustvèr med nokre minusgrader i lufta på morgonen. Noko som gjorde til at marka var godt frosa. Myrar og vasspyttar likeeins. Ein tek seg lett fram på barfrost. Men må sjølvsagt vere obs isen på berg og hamrar. Også is som kan vere gøymd under gamalt gras. Det er vel eit uttrykk som heiter "å gå seg frampå" - det er vel ikkje noko særleg - same kva situasjonen er.... 

Elles? Tja... Eg såg ikkje eit menneske. Ikkje dyr eller fugl heller. Men ein veldig flott tur likevel. Det er jo som skrive før "berre eg ser Dalsfjorden". I dag kan eg føye til Bakkestølen, Kleppenes- og Bogestølen. Veldig kjekt å kome ned frå fjellet til desse idylliske stølane. På veg mot haustsola over Dalsfjorden. 



mandag 4. november 2019

Frostig glede

Krikavatnet og Toreheia bakerst i midten

Frose skum i vasskanten

Is ved vadet

T.v. Den kvite Blegja i aust
Eitrenipa er snøfri

Etter å ha vore i Bergen i 50-års dag i helga, vart det ingen fjell. Men i dag mandag gjekk eg turen heime. Til Toreheia via Krikavatnet. Det er denne oppturen eg likar best. Returen valde eg å gå over Yndestadhøgeheia og ned Selda. Det blir litt hipp som happ å gå om Skylefjellet/Mangevatna eller Yndestadhøgeheia og til fjorden igjen. Så eg brukar å byte litt på dette. 

Veret seier vel bilda alt om. Også at det var frose på vatn og berg. Men isen stig ein berre ut om. Lite vind og nydeleg tur. Kjekt å kome seg opp på solsida...