fredag 10. juni 2016

Skuleavslutning Peter

10 klasse Askvoll skule 2016

Blide elevar

Skinande elevar


Blide ladies

Som vanleg tek fruen seg bra ut
Ordførararen må ha eit minne...


Odin Hestholm med tale til 10 B og forsamlinga

Ordførar Frida Melvær med tale til forsamlinga

Peter får gåve av ordførar Frida Melvær

Vi hadde ei veldig kjekk og flott skuleavslutning for Peter og 10. klasse på Askvoll skule i går. Høgtidleg med talar, god mat og stillbilete-innslag med innsende foto frå foreldra til elevane. Ordførar Frida Melvær var tilstades og overrekta ei lita gåve til avgangselevane. 

Elles må ein få lov til å nemne ein særs flott og personleg tale av klasseforstandaren til Peter, Jannicke Gjervik. Sjeldan ein høyrer ein slik takketale til eit elevkull. Veldig kjekt å høyre. Talen var toppen på kransekaka. 
Ein minnerik kveld.  

Jannicke Gjervik held takketale til 10A

onsdag 8. juni 2016

Frå Mountains in Askvoll


Nyleg har vi hatt føre oss eksempel på konglomerat fjell. Som beskrive er fleire av fjella våre i Askvoll av denne "støypte blandinga" av stein. Men steinen eg tok bilde av på lørdag viste seg å vere meir spanande enn som så. Ei intiutiv kjensle gjorde at eg markerte han godt i haust for å finne han att i år.
Eg tok såleis kontakt med min geolog-ven Even Vie i dag, og synte han bildet. Han virka nærast i "fyr og flamme". Eg har fått lov å referère han litt på dette.
"Sjå der ja. Kva bergart det er snakk om er vanskeleg å sei ut frå biletet. Men når ei rund blokk har ein annan bergartssamansetnad enn den lokale berggrunnen, og den i tillegg ligg oppå ei høgde slik, er det så og sei diagnostisk for flyttblokk - altså istransportert. Desse er fine å datere. Når dei smelta ut av brefronten vart dei eksponert for kosmisk stråling som omdanna enkelte isotop i steinen. Vi kjenner kva rate dette skjer med og kan dermed rekne ut kortid isen forsvann frå Kringla. Eg var med eit par professorar og tråla heile Alden etter sånne for nokre år sidan, utan å finne noko. Så i enkelte område er dei ganske ettertrakta pga. informasjonen dei kan gje".
Og...
"Dette er akkurat i eit område kor isen er tolka til å ha stoppa opp for ein periode, under tilbakesmeltinga. Grusen ved Dingemoen og ei morene på Lekneset er relatert til same event".
Så fjell er spanande. Kanskje meir enn den vanlege fotturist tenkjer på? Uansett er det kjekt å vite kva ein ser eller trakkar på. Om ein er på fjellet eller ei...
‪#‎mountainsinaskvoll‬

søndag 5. juni 2016

Raskt over heia



Vi hadde to små tuller på besøk i natt, så difor vart det ei roleg og fin morgonstund i dag. Så i staden for å stikke til fjells, stulla vi med forskjellig. Då sola kom på plenen, fann eg ut at vi skulle lufte fjellteltet mitt. Det var populært. Men det vart fort så varmt at der var det ikkje mogeleg å opphalde seg...

Rundt lunsjtider tok eg meg så ein springetur over Toreheia og ned igjen på Osland. Og ein joggetur etter vegen heim igjen. Nokre bilder vart det no i dag òg. Flott trimtur!


lørdag 4. juni 2016

Super lørdag

Øyravatnet i dag tidleg kl 06.56

Praktfull ligg ho der i morgonsol....


Søstrene Vigdis Flaten  Kvamme og Grete Flaten Vårdal på Eitrenipa i dag tidleg

Selfie må til
My old town
I dag lèt eg i grunn bilda tale for seg. Vèret er for fint til å sitte inne og skrive blogg. Men nokre ord lyt det bli.

Eg var tidleg ute for å gå over Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla og via Fossedalen til Dale. Så eg skreiv meg inn i boka på Eitrenipa kl 08.10, og rekna ikkje med at det var andre i området. Eg kvapp difor bra til der på toppen då nokon ropte hallo. Og der dukka jammen søstrene Flaten Vårdal Kvamme opp. Dei kvapp jo ikkje sidan dei hadde sett både bil og spor nede frå Skjerlia. Bilde fekk eg ta, men om det er noko symbolsk i "de foldede hender" veit eg ikkje... Det var gjerne eg som skulle ha gjort det, sidan eg med dette fekk køyrt bilen min heim igjen i Stongfjorden. Grandiosa!

Den vanlege ruta over Kringlene og ned igjen i Øvre Fossedalen er vel ikkje så mykje å skrive om. Perfekt. Tørt og fint. Lett i shorts og goretex joggesko #Inov8 Og fantastisk temperatur. 

I Øvre Fossedalen traff eg på tre ungdommar. Dei budde der for helga. Og var i gong med å skifte tak på austre sèlet. Kledninga skulle visst bytast òg. Kjempegreier. Forfallet sèt fort sitt preg på bygningsmassen her oppe i fjellheimen. 

Øvre Fossedalen i dag.

Ved Vassenden
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla eg nett har "feia" over....
Nedre Fossedalen

Sidan bar turen ned den vanlege ruta langs Fossedalsvatnet, og via Nedre Fossedalen og Fossevikja til Otterstein. På stien som hadde 1-års dag 31/5 traff eg fleire personar. Og før eg rakk å kome meg til brua, tok to superspreke jenter meg igjen. Det andre søskenparet for dagen. Dette var Eli Terese Sande og Anne-Tove Sande. Etter ein hyggeleg preik fekk eg tilbod om haik til Dalstunet. Kjekt. Og i Dalstnet traff eg mor mi og Olaug. Klokka var 11.50. Og jammen min santen nådde eg sommarkonserten til hornmusikken kl 12. Hadde du sett. Ein aldeles strålande tur på ein super lørdag. Turen kunne simpelthen ikkje blitt betre!  


 (Sjå foto frå Dalstunet inn under teksten)

Foto
Eitrenipa Nordre & Søndre Kringla Fossedalen Dale 040615


Rundkøyringa i Dale er vakker...
 Sommaravslutning for hornmusikken i Dale

Torbjørn og Halvard Arstein.
Sistnemnde med litt av ein tuba..
Han bytte tuba alt etter melodi...

Sommartemperatur ungar og is framfor gamlehuset mitt i Dalstunet

Grand old men!
Magne Stensaker. Andreas Ramstad og Asbjørn Eikerol på plass i Dalstunet for sommarkonsert.
Tid for blomehelsingar til Jørgen Alisøy og Ole Jakob Nedrebø

Monica Nyland overrekker blome-helsingar til Ola Jakob Nedrebø og Jørgen Alisøy 



fredag 3. juni 2016

Fjellagarden

Fjellagarden

...med Moldura og Størdalen på hi sida av Stongfjorden

Mot Eidsfjorden
Eg sprang meg ein kveldstur til Fjellagarden i går kveld. Og når sant skal seiast bomma eg på stien ute i Skora/Ramnefjellet og hamne ned i einerkavar, urar og hamrar så det svei etter. I berre shortsen såg det ut som eg hadde vore i kamp med ein tiger då eg kom heim att. Hjorten der ute var tydlegvis ikkje van med at det kom folk denne "ruta", så det sprang opp fleire stykker der vest. Eg kom meg no ut til garden til slutt med alle kroppsdeler intakt. 

Etterpå gjekk eg berre rett opp ei bratt elv for å kome meg opp på sjølve heia. Så sprang eg ein tur rundt Svartevatnet før eg klok av skade sprang ned att Rinda-vegen... 

Vel, vel det kom seg med kroppen etter ein dusj og eit strøk body-lotion...:-)

Blegja står som ein diamant i aust

Stongfjorden i går kveld


onsdag 1. juni 2016

Dei gamle i Myrane

Myrane ved Oslandsvatnet i 1918

(Alle gamle foto Paul Stang. Henta frå Fylkesarkivet)


Anne Kirstine Larsdotter hadde
som livrett sterk kaffi og god
røyk på kritpipa.
Ho døydde i 1922, 91 år gamal

Jakob Osland var boresmed på dam-
anlegget ved Stangsvatnet då
aluminiumsfabr. tok til i 1906


Lars Gundersen Stavestrand
(Stranda Lars)
Sjå tekst.

Frå folketeljinga i 1910 for Kinn herred kan ein lese at det budde 4 personar i Myrane, Gnr. 111 bnr. 1. på sørsida av Oslandsvatnet. Dette var:

Jakob Andreassen Osland f 1504-1840 yrke. Jordbrugsarbeide og Kreaturstell
Maren Gundersen Osland f 2402-1836 Sengeligende sygeli
Anne Kirstine Larsdotter Oslandsbotten 2907-1829 lidt Husholdning offentlig understøttet
Lars Gundersen Stavestrand f 0305-1849 lit Jordbrugsarbeide

På dei to gardane på Osland budde det 14 personar. På Lien ved Vågeskardet 4 personar. Og i Oslandsbotten 5 personar. I alt 27 vaksne. Ein kan ikkje lese ut frå digitale data kor mange born som budde her, men i følge eit anslag budde det såleis ein stad mellom 50-60 personar. I dag er her ingen fastbuande. Men garden på Osland blir halde fint i hevd. Her har ein både geiter og hestar. 

Utsikt til Osland frå stranda ved Myrane arkiv

Eg har vandra mange gonger langs Stongsvatnet og Oslandsvatnet. Og restane av husmanssplassen i Myrane har interessert meg. Den fortel ei historie. Ei historie som eg synest er vel verdt å ta med seg. For det er faktisk ikkje meir enn godt 100 år sidan det budde og levde folk her under totalt forskjellige kår om ein samanliknar med i dag. Dette kan igjen gje tankar om korleis ein vil leve om 100 år igjen - frå i dag av... 

Myrane i går

Den gamle stova i Myrane

Det er særleg Lars Stavestrand, kalla Stranda Lars, eg tenkjer på. Han må ha vore ein særskild person. Han var fødd på Stavestranda i 1849. Faren Gunder Stavestrand var lærar på Askrova og klokkar til Svanøy kyrkje. Han var vide kjend som ein flink songar. Bror til Lars, Ananias, var telegrafist, og var på Skorpa i dei store sildeåra. Lars fungerte då som telegrafbod. Lars arbeidde òg i Grimelid gruver og sidan Viksnes Kobberverk. Etter arbeid både her og der slo han seg ned i Myrane der søstera levde. 

Her i den vesle stova var det trangt om plassen.


Lars fekk difor ha loftsrommet. 


På loftsrommet var det så trongt under taket at han ikkje kunne stå oppreist. Varmen fekk han frå stova gjennom ei luke i golvet. Maten heldt han seg for det meste med sjølv. 

Av natur var han smålåten, stillfarande og nøysam, men ein herda kar. Berrføtt gjekk han frå tidleg vår til seine haust. 

Her sit Stranda-Lars berrføtt -
legg merke til nevane og vèlslitne klede

Når nokon skulle ha hjelp til tungarbeid vart det alltid sendt bod på Lars. Og om haustane følgde han treskjemaskina frå gard til gard. 

Lars sleit og bar mykje ved frå vedaskogen. Også kvistbører til sopelimar. Desse gav ein vekk i byte for mat.


Ein dag kom han ned til bygda og fortalde at det hadde skjedd ei ulukke oppe i dalen. Kva var så dette ville folk vite? 

"Eg kom ovafrå stølsdalen dragande med ein bjørkestrongje, somme tide bar eg somme tide drog eg. Då eg skulde hive strongjen yve garden rykte togenden - so eg bar i kjefta - til og drog ut to tenner på meg". 

Ein vinter Lars skulle til bygda med ei bør gjekk han gjennom isen på Stongsvatnet då han korta vegen over vika i sørenden. Då heldt han på å drukne. Men etter ein dramatisk kamp slo han seg gjennom isen og kom seg til lands. 

Med omsyn til klokskapen så var det mange som tok feil av Lars og trudde han verken kunne lese eller skrive. Såleis hadde han eit arbeid på fabrikkanlegget og bere varer til fjells. Då han kom på kontoret for å kvittere for pengane lurte kontoristen på om han kunne skrive. Men då Lars kvitterte såg dei på han og undra seg over den fine handskrifta hans. 

Bokleg stoff var det lite av på Plassen. Men andaktsbøker og salmebøker hadde dei. Ei bok som Lars tykte om var Berte Kanutte Årflot si bok "Sanger og Salmer". Bladet "Vestlandsposten" hadde dei òg. 

Det er ikkje veg hit i Myrane. På vinterstid var det såleis ikkje alltid like lett å kome seg til folk. Mest omgang hadde dei med menneska i Oslandsbotten og på Osland, der ein fekk bytt til seg noko kvitt til kaffien.  Det er fortalt at ei jul ein kar frå Stongfjorden skulle sjå til dei, bar det opp til nordvest-kuling med snø og hagl, så karen måtte utsette turen til 2. juledag. Då han kom opp til Myrane, sette dei fram steikte geiteribbar til han. Litt etter kjem Lars ned frå loftet og tek til å bale med noko borte ved ovnen. "Kva er det du står og balar med spurde mannen. 

"Å eg står å tina på ein frosen grautabite, han er så hard at tolekniven står ikkje i han". 

Det var maisgraut han tinte på, som han hadde kokt for fleire dagar sidan... 

Dei siste åra Lars levde budde han på Osland. Her døydde han 6. juli 1937, 88 år gamal.  

Når eg stundom set meg ned på ein av dei gamle steingardane her oppe i Myrane, tenkjer eg ofte på livet og folket som budde her. Det gir meg refleksjonar over eige liv. 


Utsikt mot Oslandsbotten frå Myrane 

Den gamle stova der det i si tid budde 5 gamle menneske (1906)

Eigne dikt frå Myrane

Stranda-Lars

Ein kròken rygg



Kjelde: Anton Stang Jul i Sunnfjord 1961

"I Myrane levde dei av nokre geiter og sauer. Dei spøta og sydde for folk. Og selde sopelimar av bjørkeris. Mange av dei som budde her vart gamle. Ane i Myra døydda i 1915, 97 år gamal. Søstera Anne Kristine Larsdotter døydde i 1922, 91 år gamal. Det seiest at livretten hennar var sterk kaffi og ein god røyk på kritpipa. Ane var kjend for å vere mykje nytta til å ta koppeblod av slike som kjende verkeknutar i ledd og lemer. 

Ane hadde ein son, Jakob Osland. Han jobba på jodfrabrikken i 1897 og seinare som boremeister på damanlegget på Osland då aluminiumsfabrikken tok til i 1907. 

Stranda-Lars var bror til kona til Jakob. Berrføtt bar han varer til fjells i anleggstida for utbygginga av elektrisitet til aluminiumsfabrikken. Han var både lese- og skrivefør. Av lesestoff hadde dei andaktsbøker og salmebøker, og bladet "Vestlandsposten". Lars heldt seg med maten sjølv. Ein person frå Stongfjorden som vitja Myraplassen ein 2.juledag har fortalt at Lars då stod og tinte på frosen graut. "Han er så hard at tolekniven ikkje står i han"vart det sagt..." 

Frå Stangfjordalbumet