lørdag 16. april 2016

Grandiosa

Nygylla bakkar heime (sjå blogg torsdag)
Foto frå stigninga opp frå Neset

Selfie Moldura

I dag bestemte eg meg for å gå den flotte turen på Moldura frå Neset i Stongfjorden igjen. Eg synest det er greitt å bruke nærområda, og såleis sleppe å køyre for å gå på fjellet. Ein opplever jo ikkje så mykje nytt terreng då, men det har eg heller ikkje behov for. Det er kombinasjonen av vandringa i sitt eige og det fysiske som tèl mest for meg. Og ikkje minst legge merke til detaljar rundt meg og fotograferinga. Litt musikk på øyret er alltid kjekt òg. Min andre hobby. Men no kjem trekkfuglane då... Min tredje hobby. Fleire gleder på ein gong. 
Praktfulle forhold. Her rett nedom Langedalen t.h.
Skålefjellet t.v.


Oppe i bakkane ovanfor Langedalen vart eg i dag teken igjen av primus motor av merkinga på den flotte ruta frå Neset til Moldura, Ansgar Bjarne Høivik. God form på den karen. Vi slo av ein liten prat. Men medan han sette seg ned ved ein varde der, heldt eg fram vidare mot toppen. I vindstille, praktfull sol, fast snø med litt nysnø på, var det ein rein nytelse. Bakkane låg som eit skinande fløyelsteppe oppover. Reint jomfrueleg. Og veldig fint å gå på berre føtene...
Med skarp sol i auga - Mister Høivik


Etter å ha vore på toppen, gjekk eg bort på toppen i aust og fotograferte litt. Deretter følgde eg kanten på fjellet her på austsida og ned nordsida til Fanafjellet. Skjeringa gjekk heilt greitt å gå ned. Så gjekk turen vidare til toppen av Mannskaret, opp på sørsida av Svarthamrane til toppen her. Første del av stigninga var ganske tung sidan det låg blautare snø oppover. 


Holmedal og Straumsnes
Austkanten på Moldura.
Vi ser i bakgrunnen Toreheia og Ytrevågefjellet
Skjeringa på nordaustsida.
Mot Fanafjellet t.v.

Frå Svarthamrane gjekk eg den vanlege ruta mot nord til Skålefjellet. Retta litt på vardane etter merkinga i fjor. Og nådde fint opp på Skålefjellet. Flotte forhold. Nydeleg utsikt til bygda. Så tok eg ned ruta om Skålefjellsvatnet og Gjerdedalen. 

Svarthamrane frå Skålefjellet 
Ved ankomst butikken fekk eg servert nytrekt kaffi av Svenn og Gro ute i solveggen. Sidan Olaug skulle levere tippinga si fekk eg skyss til Neset etter bilen. Kjempetur!

 
Selfie Svarthamrane.
Moldura bak.

Bilder
160416

fredag 15. april 2016

Herleg gyllelukt....(?)

Residensen som ligg i starten på bakkane mot demma og til Osland
Foto 27/3.

Med gyllelukta rivande i nasa sprang eg etter jobb inn vegen til Stongfjorden og opp bakkane på høgda til Osland og heim att. 

Ein kan sikkert seie mykje om gyllelukta. Men faktum er at eg er glad det framleis finst bønder som gyllar bøane. Og spesielt her heime sjølvsagt. Nesten mot alle odds! Det vitnar om at det er menneske her som trur på framtida. Ei framtid for oss som sit att på ei skjør grein. Ei grein dei sentraliserande høgrekreftene gjer sitt ytste for å sage av. Personleg synest eg det er pinleg at ein ikkje ser at flytting av makt svekkar vårt eige livsgrunnlag og fridom. 

Joggeturen var elles kanon. Sveitt og god og kvitt kontorstøvet for dagen.  


torsdag 14. april 2016

Eg veit ei lita jente...

"Holmedal i Førde Storkommune"?

Eg veit ei lita jente

1) Eg veit ei lita jente, ja eg kjenne ho så vel 
eg veit ei lita jente nord i skogen 
Med raude kinner augo blå, 
med fine hender føter små 
eg veit ei lita jente nord i skogen 

2) Med blomstertjørna langt til skogs, 
så langt så langt til skogs 
Der talatrosten synge så om kvelden 
På setervollen stod, Ei vene jente glad og lo 
For straks austan tjørna der gjekk losen 

3) Og raud og rund gjekk sola attom Åsen ned i vest 
Så mørkt, ja så mørkt det var i skogen 
På setervollen gav Ei vene jente bort sitt ja: 
Eg har ein liten kjærast nord i skogen 
Ja, på setervollen gav Ei vene jente bort sitt ja: 
Eg har ein liten kjærast nord i skogen 

...sang mor mi til meg då eg var liten. Det er då ein veit ein er blitt gamal seiest det. 
Når ein går i barndomen. Men som Erik Bye sang 

"Så lenge skuta kan gå, så lenge hjertet kan slå 
Så lenge solen den glitrer på bølgene blå"

er det lov å seie i frå!



Ja alt var betre før. Ein psykolog ville heilt sikkert sagt at det er slik menneskehjernen er laga - ein hugsar berre det beste og har gløymt alt det andre. Men saka er den at eg er i krigshumør om dagen. Ja rett og slett forbanna. Over prosessen ikring kommunesamanslåing i Askvoll (og Fjaler for den del). For eg føler eg har ein fot i kvar av kommunane. Bokstaveleg tala. Og då lyt ein få lov å bruke sine demokratiske rettar både her og der. Til å seie i frå!

Mamma og pappa
(det er 1 år 1 månad og 1 dag sidan pappa døde)
Pappa hadde vore i harnisk over SIS flørten...
Pappa var ein klok mann!


At eg sjølv ikkje var vaken nok, og gjekk i bresjen for å protestere, då Fossedalen, Dalsstølen, Heileberget og Kringla gjekk til Askvoll, har eg måtte avfunne meg med (sidan eg er på turbloggen min så nemner eg ikkje alt anna).  Men at no det same området skal gå til Førde, er meir enn eg kan akseptere. Fossedalen og Kringla i Førde! Førde Vgs. avd Dale? Eg får mareritt. Eg får ikkje sove. Og i reint fòksinne lèt eg det gå ut over stakkars Olaug i går kveld òg. Men ein ting er sikkert - høgrefolk skal ikkje få frårøve meg identiteten min. At dei sjølve ser ut til å mangle slikt er deira problem. Ikkje mitt. Eg er daling! Eg er hafs-ar. Ikkje Askvolling i Førde eller eit kvart anna... Eg er lojal til mitt distrikt og min heimkommune. Eg legg meg ikkje flat. Verken for fanden på veggen eller hans oldemor!  

Dette området kan i framtida høyre til "Førde Storkommune"


Så kan eg sjølv starte med å ramse opp, fram og tilbake, opp og i mente om alle mogelege grunnar for at eg meiner ein er mest lukkeleg som liten. Om maktarroganse. Sentralstyring. Om folkestyre eller elitestyre. At det er professorar som meiner det same som meg kan du lese om her. Men eg treng faktisk ikkje nokon til å fortelje meg kva som er rett og gale. Eg veit det sjølv. Takka vere mor mi og far min, Dale og alle andre som er ein del av min identitet. Og som har vore med på og skapt min lojalitet til Dalsfjorden, Fjaler og Askvoll! Dette er ikkje Førde. Førde er noko heilt anna. Bygt opp på andre identitetsprinsipp. Som aldri, aldri kan bli mine!

Dale i Sunnfjord ein tettstad i "Førde Storkommune"?

onsdag 13. april 2016

Blikkstill solnedgang







Etter nokre dagar med opptørking heime, er boka på Toreheia komen på plass att. Nesten like fin som før. Og godt innpakka. Så no kan Karen H. og de andre halde fram med å ta denne flotte turen på høgste toppen på nordsida av Stongfjorden. Ein av dei finaste i kommunen. I ope og lett terreng med fantastisk utsikt m.a. til solnedgangen. Eg tok turen opp etter jobb og før middag i går. Blikkstille på toppen! Det ligg no berre snøflekker igjen, og supert å gå på berre skorna. 

søndag 10. april 2016

Magisk tur på Eitrenipa Nipebu Skjerlia

Nydeleg på Eitrenipa i dag tidleg
klokka er 10

Praktfullt ved Leknesvatna
Knallhard skare opp
Foto Eitrenipa Nipebu Skjerlia
100416
  
Selfie må til
Dale frå Eitrenipa


Utsikt austover mot Blegja, Blåegga, Synste Stauren og Storehesten

Eitrenipa frå kloppa ved Krokavatnet

Øvre Fossedalen
med Nordre og Søndre Kringla
Ein varm grasbakke ved Nipebu

I den strålande morgonen i dag tidleg bestemte eg meg for å ta turen på Eitrenipa igjen sidan det var ei god stund sidan sist. Toppen er post på fjelltrimmen i år. Som sikkert fleire veit går eg ikkje så mykje på postane på fjelltrimmen lenger (vann den 5 sesongar på rad), men går meir dit eg vil når eg vil. Relativt stor var difor undringa mi då eg nådde opp i dag, og såg at det ikkje hadde vore folk her i år (iflg. trimboka). Litt artig å ynskje Godt Nyttår i boka 10. april. Eg gjekk nemleg ein del om vinteren hit sist Eitrenipa var post på fjelltrimmen. 

No skal det seiast at Eitrenipa kanskje ikkje er det enklaste fjellet å gå på vinterstid. Spesielt frå nord der Askvoll-folk går, men likevel... Mitt retoriske spørsmål blir difor - var ein tøffare før...? (Smiley) Vel vel det toget har gått uansett... 
Desse brillene heng ved Botnatjerna
for dei som eig dei...

Eg var i grunn på jakt etter isøksa mi i dag. Den som eg miste på turen med Agnar og Aleksander i vinter. Men øksa såg eg ingenting til. Om nokon finn den i partiet før strengen og Eitrefossen no til våren er eg takksam for å få ho att. 

Under Eitrefossen var det forresten blanke isen av drevet frå fossen. Forbi her, og opp til strengen over hammaren, hadde det vore umogeleg å kome seg opp utan broddar i dag. 

Innover Leknesvatnat med Blegja og Eitrenipa midt i mot var det heilt fantastisk i dag tidleg. Fjella låg som smaragdar i morgonsola (sjå foto ovanfor). Og nesten heilt vindstille.

Eg var litt i stuss om eg skulle gå over vatnet frå vest, men tok ikkje sjansen. Sidan det er regulert veit ein aldri korleis straumforholda er, så eg gjekk nordsida av vatnet inn. Og inne ved brua var isen på vatnet gått opp.

Oppover bratta, og i skårane mot toppen, var det knallhard skare. Unnasols som fjellet ligg her på denne tid. Det gjekk likevel greitt med vanlege broddar, sjølv om desse på langt nær er så sikre som stegjern når det er så hardt. Så eg klatra rett opp fjellet før det smale partiet, der det for det meste var snøfritt opp. Eg sette opp nokre nokre vardar her i fjor sommar så andre finn lettare opp denne ruta om ein vil.  

Etter å ha toppa ut gjekk, eg ned  Eitreskaret der sola delvis hadde tina på snøen. Vidare over den frosne Botnatjerna, og følgde heile ruta til Nipebu. Her tok eg meg ei lita matykt i ein grasbakke ved Langevatnet, før eg returnerte over dette vatnet og Nipevatnet til Skjerlia. 
Fantastisk flott vår tur! 


lørdag 9. april 2016

Down in the cellar

Det spirer og gror i hagen no...


Etter å ha slite litt med ein strekk i lyska som eg gjekk på meg etter 4 timar på trugar forrige helg, fann eg ut at det var best å halde seg nokolunde i ro i dag tidleg. Fint vèr eller ei. I staden rydda, støvsuga og vaska eg kjellaren. Og såg over 14 par fjell- og joggesko som visst er brukande alle i hop...:-) Frå fruen i huset fekk eg åtgaum. Om enn ikkje for skopara...:-) 

Murringa og stinga i lyska får eg berre sjå an. Problemet er sjølvsagt å halde seg i ro i det flotte vårvèret.... Å gå ilskene av seg fungerer ikkje alltid...

Seinare på dag i dag fekk eg med god hjelp av Håvard og Runar O. båten på sjøen. I år i hamna til nabo Hans Y. i fjæra nedom huset. Kjempeflott! Ja, kanskje var dagens gjeremål vel så mykje verdt som ein fjelltur. Iallefall var det best for  lysken min.... Så får vi sjå i morgon tidleg kva det blir til.  



søndag 3. april 2016

Portafjellet Stordalsfjellet og Vardenova

Portafjellet
Stordalsfjellet t.v. Vardenova t.h.bak



Velkomstkommitè i Oslandsbotnen

For ein flott tur det vart i dag. Og vèrmeldingane heldt det dei lova med flott vèr tidleg på dag....

Så eg var på plass i Oslandsbotnen litt før 08. Der eg vart ynskt velkomen av geitene på Osland. Dei sov ikkje dei heller.... 

Etter å ha helst på geitene bar det opp Brekka til Botnastølen. Eg var litt spent på snøforholda. Men dei var som forventa. Eg gjekk gjennom snøen med skorna med ein gong. Så då var det berre å feste på seg trugane. Dei vart for det meste på føtene resten av turen. Eg tok dei berre av på dei tre toppane eg besøkte. 

Frå Botnastølen gjekk turen så vidare opp lia mot aust til Porten. I dag tok eg nordsida av Portafjellet og først opp på toppen her. Der denne utsikta  møtte meg i dag tidleg: 

Nydeleg utsikt frå Portafjellet til
Dokka, Moldura, Skålefjellet, Høgeheia,Toreheia og Stongfjorden

Eg heldt så fram bort toppane på Portafjellet, før eg gjekk over på Stordalsfjellet. Med blant anna denne utsikta:

Utsikt mot sørvest frå Stordalsfjellet
Vardenova bakerst og litt av Dokka

Søndagsmorgon på Stordalsfjellet

Eg gjekk så ned dalen på vestsida av Stordalsfjellet til øvst i Stordalen. Her tok eg så vidare opp og vestover til Vardenova. Som vèrmeldingane hadde varsle var det no begynt å dra over med lette skyer for sola. Litt vind kom det òg. Men i nord var det framleis ganske klårt:

Utsikt mot nordvest frå Vardenoa der vi ser
Ytrevågefjellet, Florø og Osland

Sidan eg var litt usikker på snøen på den relativt bratte nordvest-sida ned til enden på Svelivatnet, gjekk eg beint ned på nordsida til Porten igjen på vestsida av Portafjellet. Deretter ned igjen på Botnastølen og Oslandsbotnen. 

Diverre er det ikkje så mykje liv å skrive heim om. Det er nesten for vinter å rekne i fjellet endå. Litt spor etter rev, hare og rype ser eg. Men det er i grunn alt. Utanom utsika då...!

Kjempeflott søndagstur på vèl 4 timar. Nok det med trugar på føtene...!


lørdag 2. april 2016

Lett lettare lettast

Frå ein joggetur på Staveneset i fjor vår....

I skodda og yret i dag tidleg freista det ikkje akkurat så mykje med ein fjelltur. Det vart i staden x-ord. Og god tid... Men dei nye Mizuno Wave Rider skoa freista likevel etter eit bèl... Så eg tok den meir eller mindre faste ruta mi etter vegen og opp bakkane til Osland. Det får jo pumpa til å gå. Ned att bakkane går det mest av seg sjølv. Siste stykket heim att for den del. Lett. Trimmen i boks. Og ja, forma er bra. Ein del kilo lettare no enn rundt juletider... Som planlagt! Så får vi sjå vèret an i morgon tidleg....


fredag 1. april 2016

Svelia Botnastølen 2016


Eg la ut eit bilde frå Svelia på Mountains in Askvoll i dag. Sidan eg 
var inne på dette arkivet sette eg i hop nokre bilder til ein liten stillfilm. 
Svelia/Botnastølen hadde eg ikkje liggjande på YouTube frå før.