søndag 11. august 2013

Skodde og vått

 Skoddefull affære på Størdalsstauren i dag tidleg. 
Neset dukka opp i skoddehavet på veg ned igjen.

lørdag 10. august 2013

Augustimorgon

 Panorama med mobil heime i dag tidleg kl 05.24

Oslandsvatnet

Morgonutsikt frå Stordalsfjellet

Eg var nok ein tur på Stordalsfjellet i dag tidleg. Kjempeflott og friskt. Morgondogg på bare legger. Ja, på mesteparten av turen var sola endå ikkje komen opp for dagen.  

Eg traff Leif F og Torunn nede i Porten då eg var på veg ned igjen. Slo av ein liten hyggeleg passiar. Torunn og eg er jamngamle og gjekk på ungdomsskulen i Dale i lag. Dessutan traff eg Vigdis og Arild då eg kom ned igjen i Oslandsbotnen. Elles er det vel ikkje så mykje å legge til... Flott morgontrim!

fredag 9. august 2013

Two in a row 2


Mobilfoto frå Indrevågefjellet og Størdalsstauren i dag

Etter å ha vore barnevakt for Olina til Miriam og Håvard i føremiddag, gjekk eg først på Indrevågefjellet. Den gamle ruta mi rett opp nord for elva. Det var ikkje mykje varme i vinden der oppe akkurat, og med berre ei enkel trøye som eg bar rundt livet, vart det litt for lite bekledning til nokre vidare sprell. I tillegg seig det på med skodde. Så eg gjekk rett ned igjen. 

No var egentleg dette litt for lite trim. Ferie og greier. Då valde eg å køyre rett bort på Neset og ta med meg Størdalsstauren i same snuren. Det gjorde godt. Oppe på toppen svinsa eg litt fram og tilbake, og nedover på nordsida for å få meg nokre munnfullar med molte. Dei smakar jammen godt. Ja, godt gjer dei òg i ein sveittevåt kropp. Herleg!

torsdag 8. august 2013

Fabulous westerly mountains

Stordalsfjellet

Eg valde vekk Blegja i dag. Eg måtte nemleg avvente til Peter kunne ta bussen til Førde sidan ein bit av tannreguleringa han fekk sett på i går hadde losna. Sjølv om det lei til lunsjtider før eg kom meg avgarde, gjekk eg meg likevel ein vèl så flott tur som nokon Blegjatur. 

Etter at Peter var komen seg på bussen parkerte eg i Oslandsbotnen og tok den vanlege ruta på Stordalsfjellet. Perfekt turvèr. Bra temperatur, vindstille og delvis skya.. Ja, sola fekk godt tak nesten med ein gong eg gjekk. Ja, eg hadde faktisk ikkje noko anna på meg enn shortsen og sko. Slik gjekk eg faktisk heile dagen.... 

Etter å ha vore oppom toppen på Stordalsfjellet, tok eg skaret sørover mot Stordalen. Her gjekk det heile flokkar med sauer. Kjekt å sjå slikt. Sauene gjødslar landskapet og held det vedlike. Deretter kryssa eg dalen øvst oppe, og gjekk opp skaret mot Vardenova, tok sør om, og gjekk vidare mot Røyrbotnholten og opp på Smørskornova. Den bratte bakken opp på austsida til toppen av Smørskornova kjennest alltid i føtene. Iallefall når du har gått nokre timar. Så her er det greiast å ta det noko piano opp. Frå Smørskornova er det fin utsikt til Dalsfjorden, Rivedal og Straumsnes.

Utsikt austover frå øvst i Stordalen.
Blegja og Eitrenipa oppe t.h. Stordalsvatnet i midten.

Elva som renn ned Stordalen til Stordalsvatnet, jmfr bildet ovanfor.
Her ved utløpet av Portavatnet. 

Fin utsikt frå Smørskornova til Dalsfjorden.
Stølsfjellet og Hundeheia t.v. Heileberget bak t.v. Rivedalskletten t.h.

Turen vidare vestover gjekk over Medheiane til Bakkefjellet. Her har eg jo vore mykje i sommar. Men no var det skikkeleg grønt overalt. Og sauene kosa seg med irrgrønt gras på vestsida av toppen. Eg gjekk ned den vanlege ruta til eit stykke forbi elva og gjekk vidare nordvestover til Boge- og Bakkestølane. Nydeleg. Mange flotte stølshus. Godt vedlikeheldne dei aller fleste. 


Bogestølen og Bakkestølen

Det var litt krøkkje å kome seg frå stølane og opp i Fagredalen. Eg fann ingen god sti, og kjempa meg gjennom, opp og forbi nokre einerkavar. Utan mat og drikke duger helten ikkje heiter det visst òg... Sidan eg ikkje hadde noko meir med meg enn kamera og mobil var eg etterkvart begynt å bli skikkeleg tørst. Så i elva som kom ned frå Siklabergvatna vart det skikkeleg påfyll med væske. Men om det var stoppet eller etterfyllet av væska som gjorde det skal vere usagt - eg tryna iallefall i elva så det song. Oppskrapa og kutt i leggen, sameleis med handflata, men unngjekk heldigvis å stupne med hovudet mot steinane i elvekanten. Og så ringde telefonen - fruen måtte no verkeleg lure på okkinga og stønninga...:-) Men eg var like heil...! 

Eg traff eit par med to tenåringar i starten på Fagredalen. Dei var ikkje heilt sikre på ruta til Moldura, og var dessutan i litt tidsnaud. Eg orienterte så godt eg kunne. Så heldt eg opp dalen sjølv. 

Fagredalen er ganske lang. I dag tykte eg han var endå lenger... Greitt å kome seg opp i toppen og sjå vestover til havet og øyane i Florø.

Mot vest frå toppen av Fagredalen.
Til Moldura t.v og Fanafjellet t.h.

Partiet vestover frå Fagredalen til Størdalsstauren er småkuppert, men greitt og raskt å gå... I dag tok det likevel litt tid, for ein og annan neve med molter var altfor freistande å gje slepp på. Søtstoffa gav dessutan påfyll av energi. Iallefall virka det slik. Så mykje molter var her ikkje, men ein og annan munnfull gjorde jammen godt. Og så sat eg plutseleg på Størdalsstauren og såg heim.... 

Lett innvikla i ledningar...
jo jo er ikkje alltid så enkelt å passe på alt når sjølvutløysaren tikkar sekundar

Som den kjekke frue eg har kom Olaug og henta meg på Neset. Saman køyrde vi til Oslandsbotnen for avhenting av bilen min. Jepp - dett var dett...! Super tur...;-)

onsdag 7. august 2013

Two in a row...





Etter å ha vore ein snartur til Førde med Peter i dag tidleg, stakk eg ein tur til fjells igjen. Det klårna nemleg bra opp med nordavèr. 9 pluss grader på morgonen var ikkje mykje å skryte av, men det kom no seg litt ut over dagen.

Hvis alt klaffar på heimebane blir det gjerne Blegja-tur i morgon. Vi får sjå...

tirsdag 6. august 2013

Sweet summerkisses





Eg tok turen opp igjen på Stordalsfjellet i føremiddag. Regn, vått og grått, men god temperatur. Då tòler eg godt å bli våt. Eg gjekk difor i berre shortsen. I dag òg. Tredje dagen. Så lettkledd som mogeleg. Elles hadde det nok kome ned ein god del regn i løpet av natta... No ser det heldigvis ut til at det kan bli nokre dagar med bra vèr igjen. Vi vart jo godt vekkskjemde i så måte i Tyrkia...:-)

Sexy Icmeler

Eg tok å plukka ut nokre bilder frå turen til Icmeler. Ein liten best of som er lett å finne att i høgremenyen på bloggen. Litt lang då, men er du interessert så klarar du sikkert å sjå heile...:-) Hugs lyd og beste kvalitet.

mandag 5. august 2013

Sommarvått




Pc`en min var okkupert i heile går kveld då Peter sin er på rep pga skifte av vifte. Dei (skal ikkje nemne namn) hadde faktisk ikkje greidd å få tak i ny vifte til Asus`en på 14 dagar medan vi var i Tyrkia. Litt vanskeleg å forstå i våre dagar. Peter, som elskar Minecraft, vart jo djupt skuffa, så far i huset "trer til sides"... Eg fekk difor ikkje blogga turen i går kveld. 

Men i dag var det opp igjen på Stordalsfjellet. Tek meg nokre turar til no medan eg har ferie, og vèret ikkje er så godt. Ja, det var skikkeleg sturtebygar då eg starta. Så opplett for deretter å bli avløyst av nye sturtebyger. Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Peter får vel få pc`en igjen...;-)

søndag 4. august 2013

Herlege dagar i Tyrkia

Peter, Marie og Margunn



Eg las på Fjellforum for ei stund sidan at folk ikkje var så interessert i lange turrapportar. Men mest bilder. Eg har prøvd å legge meg dette på minnet. Difor vil eg heller ikkje lage nokon lang blogg om 14 dagar i Tyrkia. Kanskje meir ei slags oppsummering. 

Vi reiste 19/7 og var tilbake 2/8 frå ein såkalla badeferie. Marie, Margunn, Peter, Olaug og eg. (Marie og Margunn reiste for ei veke). Dei fleste veit kva ein badeferie inneber. God mat, sol og varme, bruning, lesing, leik og spel og late dagar på stranda. Eitt og anna nytt bekjentskap. Varig eller ikkje. Alt slikt lèt eg difor berre liggje. For i bunn og grunn blir dagane etterkvart ganske like. Spesielt når det er så varmt som i Tyrkia midt på sommaren. Fysiske aktivitetar begrensar seg ganske automatisk. Likevel sprang eg annankvar dag langs strandpromenaden frå Icmeler til Marmaris og tilbake (ca 15 kilometer). Før soloppgang. Eg stod opp kl 05.30 (kl 04.30 her heime. Alle foto tyrkisk tid). Temperaturen låg då på rundt 23 grader. Den steig fort minst 10 grader etter soloppgang. 

Icmeler beach 20/7 kl 05.39
Ørsmaris Hotel på strandpromenaden frå Icmeler til Marmaris
Foto frå første joggeturen min forbi her 20/7 kl 06.00.

No var vi på same staden og hotellet i år som i fjor. Prince Apart er eit flott leileghetshotell. Ganske høg standard. Veldig bra på alle måtar. Likeeins Prince bar. Nokre av folka vi vart kjende med i fjor var her framleis. Medan andre av dei vi vart kjende med jobba no på andre serveringsstadar. Vi oppsøkte dei alle for å ete og hels på. Veldig kjekt. Ikkje minst at vi vart attkjende. (Så vart iallefall uttrykt...;-)) Men fleire av kurderane som jobbar i Icmeler om sommaren har eg kontakt med på Facebook. 

Den første og andre utflykta vi tok var då Marie og Margunn framleis var med oss. Først med taxibåt til Marmaris. Dagen etter til Kumlubuk. Marmaris kjenner vel dei fleste Medan Kumlubuk kanskje er meir ukjent. Her er det nydeleg. Fantastisk flott steinstrand. Og ein dyr restaurant med herleg mat. 

Fullmåne over Marmaris
Marie, Margunn, Peter og Olaug t.v.

Kumlubuk
Tid for lunsj på Kumlubuk 22/7 kl 11.12

From inside my nest...

Den største og beste utflykta tok Peter, Olaug og eg i den andre veka vår. Det var ein heil dagstur med båt forbi Paradis Island, Dolphin Island og til Dalyan. Turen gjekk i ein gedigen flott båt saman med mange andre. Vi besøkte Lycian tombs og ei kjempeflott badestrand Iztuzu Beach, (Wiki: In 2011 Dalyan and İztuzu Beach were proclaimed Best Beach Destination of Europe by Dutch holiday assessment website Zoover)

Badestranda İztuzu Beach

Dalyan vart kjend i media for nokre år sidan då eit hotellprosjekt på stranda her vart stansa av naturverninteresser. Stranda er nemleg reirområde for havskilpadder (sjå skilt i fotoserien). Det var berre heilt spesielle områder ein kunne opphalde seg her om dagen (det er om natta skilpaddene legg egg). 

Etter dette besøket bar det vidare i mindre båtar opp Dalyan-floden til Lycian-gravene og til gjørmebad. Ekte gjørmebad. Gjørme som skal vere helande og gi ein eit langt liv (eg for min del tenkte på Kyllaren og svoveldioksid-lukta av den vinterstid)... Men gjørmebad måtte vi jo ta. Ja Olaug òg...

 Olaug og Peter i gjørma i midten

Peter og pappa i gjørmeholet...
(legg merke til den veksande valken på magen...:-))

Etter 14 timar på farten var vi tilbake i Icmeler etter ein fantastisk flott dag (sjekk fleire bilder på link).

Trass i alt det flotte på ferieturen i år fekk eg meg likevel ei tragisk oppleving ein morgon på stranda. Etter ein tidleg joggetur gjekk eg ned til den vanlege solsenga mi. Då eg kom fram her var det både politi og ambulanse på staden. Og rett framfor solsenga og føtene mine sette politiet opp sperreband. Ein engelskmann var tydeleg i sjokk. Det gjekk deretter fort opp for meg at det låg eit lik i strandkanten 3-4 meter framfor eit par solsenger i synsranda mi. Utan å gå nærare inn på detaljar frå denne hendinga, kan eg trygt seie at den var sjokkarta. Kvinna hadde fått eit illebefinnande og dødd på staden. Ho hadde kome med mannen sin for eit tidleg morgonbad, og for å nyte soloppgangen. 

  Liket av ein kvinneleg britisk turist blir frakta bort frå stranda i Icmeler 26/7. 

Eg var litt i stuss om eg skulle nemne denne hendinga på bloggen min. Bloggen skal fungere som ein turblogg og ikkje som eit "Se og Hør" opplegg. Eg tek dette likevel med for å gjenta for meg sjølv og alle andre kor brått livet kan endre seg. Sjølv i dei flottaste stunder kan timen vere der... 

Eg har samla nokre videosnuttar her til slutt. Den absolutt beste er når Olaug "tek seg vatn over hovudet". Ho likar ikkje noko særleg å duppe hovudet under vatn. For oss som kjenner ho vart denne snutten difor ekstra morosam.... Ja, livet er til for å levast..! One life live it! 











Back in business


  

Som de forstår er eg tilbake frå fantastisk flotte feriedagar i Tyrkia. Medan eg ventar på at bilder og videoar skal lastast opp til nettet, tok eg meg ein kjapp tur på Størdalsstauren. Forma var upåklageleg. Trass i nokre kilo ekstra. Det blir slik når eg er på ferie og "godtar" meg med alskens mat og søtsaker. Ikkje minst baklava, som nærast renn av sukker. Men for meg virkar det som om kroppen berre har godt av å bli feita opp ein gong i året... 

Eg traff Kjellfrid og Sigmund Helle oppe ved Langedalen, og slo av nokre ord med dei. Siste bildet ovanfor er av dei. 

Eg skal kome tilbake med ein liten rapport om Tyrkia-opphaldet når bilda og videosnuttane er klare. Kanskje i kveld eller i morgon. For eg har framleis to herlege ferieveker framfor meg....;-)