fredag 31. august 2012

Folksomt i Rivedal

Svelivatna og Vardenova frå Røyrbotnholten i ettermiddag.
Panoramafoto med Galaxy3.

Eg var egentleg meint å gå på Blegja på veg heim igjen i dag, men det låg så mykje skodde oppe mot toppen at eg ombestemte meg. Har egentleg hatt nok skoddeturar der oppe no. Eg tok difor turen til Rivedal og Røyrbotnholten i staden. 
Der vart det jammen folksomt etterkvart. Full parkeringsplass då eg kom ned igjen. Kanskje ikkje så rart, for sola hadde slått gjennom skyene og det var blitt retteleg fint. Elles var det veldig vått bort etter myra frå demma. Fin svipptur...:-)

Foto Røyrbotnholten 310812

torsdag 30. august 2012

Moderen -75

Gamalt foto frå 1985:
Målfrid Skaar t.v., Lovisa Sørebø (mor), og jentene mine Kristine og Margunn

Sjølv om mor mi var "vekkreist på dagen" i høve sine 75 år, har vi likevel fått feira henne internt. Rettar såleis ei takk til syster mi Mildrid for ei givande tilstelling i går.

tirsdag 28. august 2012

Galaxy-video

Video frå Blegja i går med smarttelefon

mandag 27. august 2012

Skoddefritt!

Panorama smarttelefon Galaxy 3 frå Blegja i ettermiddag

Ja, eg gjekk opp igjen i dag òg.... Med skitvèret som er meldt, låg toppen der oppe så forlokkande då eg køyrde heim frå arbeid. Flott temperatur, skoddefritt og nesten vindstille. Vel, spesielt varmt var det ikkje på toppen då. Det var tydeleg at det drog opp frå sør med vindauke og skyer. Og som kjent - når sola går ned i ein sekk, er den neste dag vekk. Det vèrteiknet slær aldri feil.

Elles brukte eg eit par nye Inov8 goretex joggesko i dag. Desse skorna har eg brukt fleire par av. Dei sat som støpt. Dessutan er dei ganske vasstette. I dag var  steinane tørre òg. Kjempeflott tur! 


søndag 26. august 2012

Tjukk skodde - igjen!

Skorpa og Storebatalden frå traversen under Rørvikenipa i dag

Pokker ta! Eg banna nesten med meg sjølv oppe ved Nipevatnet i stad. Nok ein gong gjekk eg inn i grautande tjukk skodde her oppe. Sameleis som på torsdag. Då var det berre å konsentrere seg om å zoome inn vardane oppover. Heilskinna heldt eg på å seie. For steinen i urane var ikkje tørka opp heller etter all nedbøren i helga. Spesielt dei skråstilte steinane var glatte. Helst skulle eg vel hatt joggeskorna, for dei har mjukare gummiblanding, men då hadde eg blitt så steikje våt. Og med den temperaturen som det har blitt no, var ikkje det særleg behageleg. For det var isande kald skoddevind. Plussgradene kunne ein heilt sikkert telje på berre ei hand. Fram måtte både vinterhanskar, vindtett hue og vindtett jakke. I tillegg til vindtett bukse. Det var nesten slik at eg ikkje hadde blitt forundra om det kom snøflak drivande. Og framleis ligg her snø frå i fjor...

Snø ligg her enno frå i fjor. Men i dag trudde eg vi fekk påfyll.
Her "skirenna" frå torsdag og i dag!

Trass i skodda kom eg meg vèl opp. Eit par nesten ulukker nede i ura til trass. Den verste episoden var då eg ramla til sides og bakover i bratte ura. Men heldigvis greidde eg å ta meg såpass for at både hovud og rygg gjekk klar ei steinhard landing, for å seie det bokstaveleg. 

På toppen fekk eg faktisk ein augneblink ei lita glytte i skodda. Nesten akkurat då eg kom opp. Ikkje nok til å sjå fjorden og landskapet der nede, men iallefall nok til å få teke eit par bilder. Videoen vart det berre graut ut av (sjå under), så den gadd eg ikkje kommentere ein gong (skodde er i grunn ikkje så mykje å kommentere...)

Vel, vel. Eg bytte nokre klede. Fann som sagt fram vinterhabitten, og tok rett og slett til på turen ned igjen i skoddehavet. Her var ikkje verandes oppe. Rett nok var det litt lettare eit stykke lenger nede, men godvèret eg meinte eg hadde sett på nettet skulle komme, kom iallefall ikkje på Blegja. Ikkje i dag heller. Eg er nesten lei denne skodda no.

Turen ned igjen gjekk forsåvidt heilt greitt. Eg var dønn forsiktig. Det minste eg ynskte meg var ein broten ankel eller eit hovud i fatle... Skodde eller ei.



Ikkje mykje å sjå på Blegja i dag heller...

lørdag 25. august 2012

Ein Rivedalstur til...

Foto frå Staveneset i går kveld

Det vart ikkje meir sprell i dag enn ein tur til innatt på Røyrbotnholten som i går ettermiddag. Det er ikkje allverda til tur. Men toppen er no med på fjelltrimmen så. Vått var det. Sleipt òg tildels. Men skoddefritt til ein forandring. Regnbygene kom stadig sigande inn fjorden. 

I morgon får vi sjå om ikkje det kan bli noko meir sprelske greier. Vèrmeldingane ser iallefall betre ut.

fredag 24. august 2012

Steinkald skoddevind

Eg tok turen oppom Blegja i går ettermiddag. På veg heim etter arbeid. I kun joggesko, shorts og ei tynn trøye rundt livet vart det steinkaldt frå Nipevatnet og opp. Tjukk skodde og vind. Blåraude lår. Eg måtte verkeleg stå på for å halde varmen. Det var berre å komme seg kjappast mogeleg ned igjen der i frå. Det er klart at det no går raskt mot haust i fjellet... Og utstyret må bli eit heilt anna framover!

tirsdag 21. august 2012

Litt omkalfatring

 Olaug og Peter er komen gjennom skodda under Nipebua 12/8

Opprinneleg var eg tenkt på Blegja etter jobb i dag. Men ei solid regnbyge i Solheimsdalen då eg køyrde ut igjen, og tjukk, tjukk skodde oppe i fjellet, fekk meg på andre tankar. Diverre. For eg var nesten ikkje komen heim til Stongfjorden før sola skein. Ja, fjorden låg i tillegg spegelblank nede. Fantastisk flott. Ja, slik vart det i fleire timar. Meir enn nok til turen på Blegja. Men eg såg meg ikkje syne med å køyre inn igjen i Rørvika. Og ikkje visste eg då kor lenge vèrvindauget varde....

No tok eg meg likevel ein tur til Askvoll og ein rask ein på Kultingane. Kanskje siste turen i denne omgang. Eg får sjå. Stressar ikkje så mykje det. Har nokre turar igjen på Røyrbotnholten. Dessutan ein tur på Moldura for å få ned igjen stikkene. Blegja står òg på programmet når vèret tillet det. Og så er det ny sesong i begynnelsen av oktober...:-)

søndag 19. august 2012

Forfriskande væte

Blegja frå FV609 ved Løvika

Eg var oppom Kultingane i skodde og yr i dag tidleg. Men temperaturen var så bra at eg gjekk opp i berre shortsen. Skodda låg faktisk heilt ned i Askdalen. Noko problem er ikkje dette sidan det er god sti til topps her. Noko bløyte var det sjølvsagt. Stien opp dalen var nærast ei rennande elv etter all nedbøren i natt.  Og lufta oppe i skodda var veldig klam. Sveitten sila...!

Eg traff forresten fleire på veg oppover då eg sprang ned igjen. Eg slo av nokre ord med Ingvar S og kona i første stigninga opp frå dalen. Lenger nede traff eg Anita V med familie. Sporty, på veg oppover. 

Det er ikkje farleg med litt væte berre temperaturen er bra. Faktisk berre forfriskande...;-)

lørdag 18. august 2012

Mjuk overgang

Nipa og Steinheia i bakgrunnen
Tungt og mørkt på fjellet i dag!
Eg har teke det litt piano sidan onsdag. Spesielt etter at eg var i blodbanken. Kjende dessutan at 4 Blegjaturar på 5 dagar kosta litt...;-) 

Men etter middag i går var eg ein joggetur på Kultingane i Askvoll. Kjempeflott i berre shorts, joggesko og bar overkropp. Tørt og fint opp i bakkane. Herlig tur. 

I dag var eg oppom same toppen, men gjekk opp frå Nordeide i Eidsfjorden. Deretter gjekk eg nordatt høgdedraga til Fismavatnet og prøvde fiskelukka. Eg hadde gode forhåpningar, men det enda skralt. Venta på regnet som aldri kom. Eg fekk rett nok to flotte kjø heilt til slutt då tolmodet var slutt, men dei strauk eg berre over ryggen med våt neve, og lèt nåde gå for rett. Det var ikkje dagen uansett. To kjø var ikkje noko å komme heim med. Betre lukke neste gong.

Eg følgde ruta frå i fjor nedatt til Fisma. Her var det no heilt tilgrodd! Glei i brattaste, sleipe grasbakken, og slo albogen på ein stein med full kraft, så elden loga fram i fingertuppane. Lenger nede var det ræva som fekk det. 

Sørover Eidsfjorden frå Fisma til Nordeide såg det ikkje ut som det hadde gått folk på lenge. Utrulig kor stiane var grodd til berre sidan i fjor haust...  Å halde alle råser opne er ei uoverkommeleg oppgåve. Naturen tek tilbake dei mennesklege spora til slutt uansett.