Bråtebrenning i Alden - foto frå Toreheia |
Vågane og Flokeneset |
Toreheia sett frå Ytrevågefjellet |
Stongfjorden og Follevåg |
Nydeleg tur her heime i dag. Frå dørstokken til Skylefjellet, Toreheia og Ytrevågefjellet. Retur til gruvene i Vågane. Slo av nokre ord med nabo Kjell før eg gjekk. Og fekk passa veldig bra av med tidspunktet han kom igjen frå ein tur til Førde og til Vågane så eg slapp å gå asfalten heim igjen.
Vèret var berre utruleg flott. Men med minusgrader på morgonen var det ganske så kaldt på toppane. Beinfrose og nysnø i høgda etter i går. Opp til Skylefjellet og Toreheia gjekk eg utan broddar. Men der i frå til Ytrevågefjellet to eg dei på. Snøen på den glaserte skaren gjorde det skummelt glatt. Ned igjen frå Ytrevågefjellet var det nesten moro å springe på skaren. Elles nesten vindstille heile turen.
Timinga med Kjell i Vågane var perfekt. Eg hadde 5 minutt på meg til å ordne litt på bekledninga...😄