Grimelia i dag tidleg |
Sol på Askrova |
Grimelia i dag tidleg |
Sol på Askrova |
Månenedgang i Grimelia |
Soloppgang over Moldura |
Øyriket i Florø Bak: Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden, Hovden m.m. I midten: Askrova, Tansøy Fremst mot høgre: Sunnfjords perle Svanøy. |
Sol på Smørkletten inst i Askdalen i dag tidleg |
ds |
Spor til topps |
Skiftande skydekke i dag |
Dagens usminka selfie 😉 |
Noko skodde på toppen |
Motiv med Presteelva |
Med sikt til januar-sola i dag |
ds Den klassiske utsikta frå Markahengenipa mot aust. F.v. Høgefjellet, Kringlefjellet, Rørvikenipa/Blegja, Eitrenipa, Storehesten, N&S Kringla og Fossedalshengenipa |
I dag stod Markahengenipa for tur. Så eg køyrde opp i Skorvemarka i 09-tida. Der oppe låg det sjølvsagt meir snø enn her nede. Og opp bakkane og i ura ganske så mykje. No hadde Anita R og Anita N gått opp med trugar i går, så det partiet var ganske fast. Så opp her gjekk eg berre på skoa. No hadde dei teke opp på framsida såg eg, men eg valde heller å gå om Krokavatnet og nord om Fossedalshengenipa. Eg synest det er ei flottare rute. Om enn noko lenger. Det er også her det er merka. Noko som ikkje viser så godt no.
Mykje snø på ruta til Nipebu no. Her ovanfor Krokavatnet i dag tidleg. Ruta kjem opp i sola midt i bildet (spora). |
ds |
No viste det seg at allereie nedom Krokavatnet, i bakken der, låg snøen ekstra djup. I store fonner. Så her var det berre å hive på seg trugane. Og opp forbi vatnet, og til nord om Fossedalshengenipa, vart det ein skikkeleg prøvelse i djupsnøen. Trugane sakk godt gjennom og fotløftinga tok godt på kreftene. Du verda for ei trening! Men etter nokre magadrag, og enkelte pust i bakken (eller snøen), kom eg meg til slutt opp. Elles var det sjølvsagt veldig kjekt å bli møtt av morgonsola oppe ved Krokavatnet. Som før sagt - ein boost for kropp og sjel - er det visst det heiter...😄
Morgonsol ved Krokavatnet. Klokka er 09.59... |
Ut ryggen til toppen gjekk det heilt fint. Mindre snø her. Avblese og fastare. Og så dukka sola opp igjen på nytt - no rett vest av Fossedalshengenipa. På same tid som heile fjellheimen vestover opna seg av høgda eg var komen opp på. Fantastisk. Ikkje nok med det - eg har sjeldan vore her oppe utan eit einaste vindpust. Iallefall i januar! Så i dag spelte eg inn ein liten videosnutt òg.... utan skraping av fjellvinden....
Sola dukka opp igjen vest av Fossedalshengenipa |
Turen ned att gjekk eg i dag på framsida. Og eg valde å gå utan trugane, men med broddar. Det låg nemleg litt is under nysnøen. Her er jo bratt og nokre hamrar og sva ein må over og rundt. (Eg vil nødig ligge igjen her oppe)! Det gjekk heilt greitt. Spora frå Anita & Anita viste delvis frå i går, og var greie å trakke i. Takk for det jenter! Imponerande god form på dykk! For berre berre er det ikkje å gå opp her på trugar no.
Det er både hamrar, sva og skavlar ned igjen på framsida/nordaust-sida av Markahengenipa. Den merka ruta går ikkje her, men føl Nipebu-ruta. |
Anita R. og Anita O. N. hadde trakka spor med trugar på framsida/nordaust-sida av Markahengenipa i går. Foto ved Blåfjellet 3.januar |
Kjempetur. Men det her kravde sin mann. For du verda kor snø det ligg i fjellet no.
Sola kikka fram midtveges ned igjen. Reine påskestemninga... |
Over skåra på vestsida... |
..og Olaug på toppen i dag |
Havblikk i dag |
Ekstremlågtrykket "Frank" la seg visst til rette rett utanfor stovedøra her. Med orkan i kasta i nord, og storm i sør, gjer til at det er blikkstilt til havs. Er ikkje heilt sikker på om samanlikninga er reell, men midt i ein tornado skal det visst vere heilt vindstilt òg....
Vindstille var det iallefall på Blåfjellet igjen i dag. Det var fjerde turen denne veka. Pluss ein på Smørkletten. Ei bra "arbeidsveke" for ein pensjonist. Som før desse dagane gjekk midtpartiet med trugar. Bra tøya opp gruvevegen. Og ein del avblese ovanfor skåra oppe på vestsida. God morgontrim!
Eg sette i hop ein liten bildeserie frå Blåfjellet i Grimelia -
så langt denne sesongen.
Fjellet er post på AHIL sin fjelltrim for 2021.
Men er også post på TiTur Dalsfjorden 2021 med sesong-opning 1.mai.
God fjelltrim!
Fint lys og skyer over Moldura og fjella i sør |
ds |
ds frå toppen |
Dagens selfie |
Utsikt mot Høgeheia |
Siklebergvatnet Moldura og Svarthamrane t.h. DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu kjem ned dalen på høgre sida. Stien frå Holmedal opp frå Hålandsstølen i midten. |
Utsikt mot nordvest og nord frå Skredvarden på Atløy. Alden og Tvibyrgje t.v. Staveneset t.h. |
Fristadfjellet er ein av dei næraste toppane til Askvoll sentrum -19/10-20 |
Bogeåsen nede t.h. sett frå Bakkefjellet |
Utsikt frå Blåfjellet i Grimelia 14/1-21 Vi ser Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden og ein bit av Hovden. Framme ligg Askrova og Tansøy Fremst t.h. Skåja og Kvalstadbrystet på Svanøy |
Blåfjellet (Grimelia i Stongfjorden)
Skredvarden (Atløy)
Fristadfjellet (Askvoll)
Siklabergvatn (Holmedal)
Bogeåsen (Holmedal)
For Fjaler sin del er desse postane sett opp:
Einingsfjellet (Våge)
Langeneshovden (Straumsnes)
Flekkenipa (Flekke)
Torvevatnet (Slettelandsstølen/Dale)
Torsetgjerdet (Dale)
No er det fleire månader til desse postane er klåre for registrering. Slik sett har ein god tid på merking. Likevel kan ein vel seie at postane i Askvoll meir eller mindre er ferdigmerka. Og kan av mange gåast heile året. Blåfjellet i Grimelia er elles med på AHIL sitt fjelltrimprogram for 2021 sesongen.
For Fjaler sin del kjenner eg ikkje heilt stoda til postane. Anna enn at dette er greie postar å nå. Og merka er fleire av desse òg. Nærare informasjon blir vel gitt når den tid kjem.
Ein del foksnø i hellingane til Blåfjellet |
ds |
Ved Mangevatna |
Ved Svartevatnet |
ds |
Toreheia midt i bildet |
Høgeheia t.v. Blåfjellet t.h. |
Dagens selfie |
Grimelia i dag tidleg - kaldt og klårt! |
Kanten under toppen frå vest... |
...og utsikt hin vegen med soloppgang ved Moldura |
Foto Blåfjellet i Grimelia 140121
Etter ein føremiddag med kraftig snøfall og måking heime, gjekk eg oppatt løypa frå Grimelia til fjelltrimposten på Blåfjellet. Å ja, det låg mykje snø oppover. Tørr og lett då. Likevel ganske så tung å bakse seg opp i. Mange plassar rakk snøen til knea. Men no er det gjort. Og med bra meldingar framover er det no greitt med løype hvis fleire vil ta turen. Det var jo aldeles fantastisk der oppe i dag då sola kom fram!