Rundtur Stongfjorden |
Løypa i dag |
Rundtur Stongfjorden |
Løypa i dag |
Fint lys mot Florøkanten nokre minuttar i dag tidleg |
Soloppgang ved Fossedalshengenipa |
Panorama mot sør/søraust |
Dagens selfie |
Skorvemarka |
Eit snev av vinter på Markahengenipa i dag. Lett snø i høgda dekka over både frost og is. Så det vart litt obs obs på berga utover sjølve ryggen mot nord. Også glatt opp skråberga nedom Fossedalshengenipa. Eg tok den lengste og merka ruta i dag. Trur neppe det hadde vore heilt forsvarleg å gått opp frå aust og på framsida slik tilhøva var. Den ruta er ikkje akkurat noko vinterrute heller - iallefall for "folk flest".
Elles bles det ein ganske så sur søraust vind oppe på ryggen. Betre då ein kom i livd for Fossedalshengenipa og ned igjen til Markavatnet. Fin tur. Men det er klårt at forholda gjerne bli meir utfordrande framover enn dei har vore. Neste tur blir nok med broddar i sekken.
Det er flott det er godt merka til Kalderasnipa |
Vikastølen nede til venstre |
Mot Bakke og Flekkefjorden i dag tidleg |
Fristadfjellet, Askdalen og Askvoll i dag |
Jamneheiane Mjåset t.v. |
Dagens selfie på Smørkletten |
Og så dukka sola opp |
Smørkletten eller Steinheia ligg i enden av Askdalen (bak treet - no i skodde nokre minuttar etterpå eg var der) |
Og jammen såg vi i sola på toppen....! |
Vindfullt i dag òg.... (sjekk buksa....😂) |
Grimelia med nydyrkingsfelt |
Nok ein luftig tur på Grimelia og Blåfjellet. I dag på søndagstur i lag med Olaug... Opplett og ein liten kuling på toppen. Ein god del mindre vind enn i går. I dag snudd meir på nordvestleg retning. Elles er det jo ganske så blautt når du kjem over gruvevegen. Tørrare oppe på sjølve fjellet. Fin luftetur!
Eit glimt av lys |
Grimelia i dag |
Skikkeleg tøff vind på Blåfjellet i dag tidleg. Ned på fire eit par gonger rett vest for toppen. Men det heldt seg faktisk opplett nesten heile turen. Unnateke ei solid byge då eg gjekk.
Nesten surrealistisk å vere her på same fjellet som i går. Diamentralt forskjellig vèrforhold. Så, ja, det skiftar fort her på kysten. Synd å seie det, men i dag var det vel tilbake til normalen....
Ved Litlevatnet. Moldura bak i midten. |
...mot sola i sør... |
Flott på Skylefjellet i dag tidleg |
Novembersol over Yndestadhøgeheia. Toreheia-traktene oppe mot venstre. |
Reven traskar òg ved Mangevatna |
Mangevatna. Ruta ut over "dei tre bukkene bruse" t.v. mot midten |
Ved Svartevatnet og sol over Moldura i sør |
Fantastisk morgontur frå døra heime til Blåfjellet, Skylefjellet og rundt Mangevatna og heim att. Perfekt. Tørr nysnø, kald frisk luft og soloppgang ved Rinda. Kunne ikkje fått ein finare morgontur i november
Vel, no har denne månaden vore elendig vèrmessig så langt. Som eg skreiv i går. Og la ved bildeserien frå november i fjor. Men somme av bilda i dag hadde nok gjort seg på ein ny serie frå i år. No er visst dagen i dag berre eit unntak i så måte. Dei varslar visst orkan ved Stad og regn i nye bøtter og spann! Jo, jo - ein får ta det som det kjem - og kose seg ekstra med bilda frå i dag. Og håpe på ein betre desember enn november. God helg!
Foto Blåfjellet Skylefjellet 201120
Elva som kjem frå Mangevatna og Grunnevatnet var diger i dag! |
Rennande, surklande, fløymande vatn overalt. Svære dammar. Vel, stort meir er det gjerne ikkje å seie om trimturen på Blåfjellet i dag. Reprise på reprisen.... Heldigvis var det nesten vindstille og fritt for skodde. Det er kombinasjonen med regn og vind som er verst. Det er då du blir våtast (og kaldast). I dag heldt jakka og buksa seg bra tørre. Faktisk verre i går. Skoa derimot vart våte oppe ved toppen.
Eg har fleire skopar eg byter på. Vinterskoa er eg ikkje begynt å bruke endå. Og unnateke fjellskoa, som eg brukar sjeldan, toler ingen av dei væta over litt tid. Som eg skreiv i går skal det no noko til òg - å vasse i overflatevatn er ikkje lette trekking sko laga for. Gore Tex eller ei. Det blir alltid ei svakheit i skoen - anten rundt sålen, framme rundt tåa eller over pløsa. Rifter her og der. Med relativt hard bruk er ikkje dette til å unngå. Du kjem deg ikkje til fjells på flate vegen.... Og enkelte ting lyt ein berre leve med - som å bli våt på føtene no og då...
Soloppgang ved Vikastølen 16/11 |
Nydeleg morgontur opp Grønene ved Vikastølen til fjelltrimposten på Kalderasnipa i dag tidleg. Flott soloppgang ved Vikastølen. Noko vått opp bakkane til toppen. Litt trekk frå søraust i høgd.
Etter Kalderasnipa gjekk så turen vidare sørover og oppom Dokka òg. Retur ned ranen. Låg novembersol og delvis skya her borte. Fine fargar då sola stod på. Noko sleipt enkelte parti ned ranen. Både på berg og jord. Så greitt å vere obs - og ikkje drøyme seg heilt vekk i den flotte utsikta til Holmedal 😎.
Mobilfoto Kalderasnipa Dokka 161120
Olaug på veg opp bakkane ovanfor Krokavatnet. Svortevikstølen bak nede til venstre. |
Litt høgre oppe mot toppen på nordsida av Markahengenipa |
Heftig vind på toppen |
I dag valde vi å gå opp på framsida. Eller ruta som går meir rett på fjellet frå aust, og som rundar kanten på nordsida og opp. Med så pass mykje væte i det siste vart det litt klyving i våte og sleipe berg oppover. Eg trur difor at vinninga med denne ruta i høve den andre gjekk opp i spinninga. Iallefall i dag. Her er ein del forkastningar i fjellet ein skal opp og ned over òg. Frå toppen og ned att valde vi difor den andre ruta. Den som er merka frå nordsida av Fossedalshengenipa. Eit meir "behageleg" alternativ. Ruta vi gjekk opp i dag eignar seg vel heller lite som eit vinteralternativ. Det er ikkje heilt ufarleg oppe i desse bratte berga -iallefall når det ligg snøfonner, is og skare.
Elles bles det heftig opp på toppen. Og vått og gjørmete var det overalt. Men namna i boka er på plass....😊
Tussmørket kjem fort på no - her Skorvemarka i ettermiddag |
Leknesvatna i midten bak |
Markahengenipa i ettermiddag |
Mobilfoto Markahengenipa 131120
Brunt og grått - landskapet er klart for snø.... Vi ser Hekkelfjellet, Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i midterste rada |
Framleis vått, men det har tørka opp litt. Elvane er mindre òg. Elles bles det godt der oppe. Milde sørlege vindar. Ein slik november-dag det ikkje blir skikkeleg lyst. Så slik går no denne månaden i år....
Holmedal i dag tidleg |
Moldura |
Mot aust - og kjende fjell |
Mot "Eidsfjord-ruta" og Stavenesodden ytst ute |
Dokka sett frå Kalderasnipa (alle foto "gamal" mobil) |