Heime 29/1 kl 16.33 |
fredag 31. januar 2020
Ein liten pause...
onsdag 29. januar 2020
Grå vinter
Grimelia med Toreheia t.h. |
Nordgåande ekspress frå Bergen |
Etter at temperaturen har sokke, var det i dag litt is oppe ved toppen. Ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt å trakke utom. Så det er ingen problem for "kven som helst" å ta seg opp hit. Utsikta er som før nemnt mange gonger veldig flott. Sjølv utan sol og solnedgangar. Sist i januar.
Takk forresten for ein liten prat med Harald og Ingeborg G. som eg møtte i Holevika då eg kom ned igjen. Dei på veg opp. Ja, Høgeheia er eit flott turmål - også vinterstid - om ein skal kalla januar i år for vinter...
tirsdag 28. januar 2020
Ei mager vintersol
On top |
Soloppgang i Rivedal |
Flekkefjorden og Rivedalskletten frå Smørskornova |
Klassisk utsikt mot aust |
Ved demma i Rivedal |
I dag gjekk turen til Rivedal. For etter å ha tenkt litt heime på turmål, fann eg ut at det var lenge sidan eg hadde gått opp skaret på austsida av Smørskornova. Det er vel ytterst få som går her (om nokon). Men sjølv synest eg dette er ei rask rute til topps. Nokon sti er her ikkje. Så ein lyt berre gå på retning opp dei to skara. (Eg gjekk ganske mykje opp her på fjelltrimmen for nokre år sidan).
Smørskornova sett frå sør. Ruta går opp skaret midt i bildet og vidare opp til venstre over midterste hammaren og så opp skaret mot toppen på venstre/vest sida. (Teikna lett på frihand...) |
Med nokre grader kaldare i lufta enn dei siste dagane, og med austrekk i tillegg, var det relativt kjølig her oppe i dag. Godt eg hadde teke med meg gode byteklede! Her var òg kome litt nysnø på toppen. Men det var ikkje spesielt glatt oppe i skara. (Sjølvsagt må ein trakke utom is og issvullar).
Returen tok eg vest om fjellet, over Rivedalsstølane, og kom ned att på demma og parkeringsplassen der bilen stod. Fin morgontrim! Og takk for ei "mager vintersol"...
mandag 27. januar 2020
Mellom to byger
Holmedal 27/1 |
Panorama Dalsfjorden |
Var ein morgontur til Holmedal i dag, og ein rask tur oppom Bakkefjellet. Nærast inn mellom to byger. For det var faktisk både opplett og nesten vindstille i dag. Litt nysnø på toppen.
Elles var det ingen andre å sjå. Men her hadde vore folk oppom fjelltrimposten i går.
Det er alltid like kjekt å sjå Dalsfjorden og bygdelaga ikring. Rett nok låg både Dale og Flekkefjorden i eit lag med skodde i dag,
søndag 26. januar 2020
Vått i vått
Panorama med mobil ved Mangevatna |
Det er godt merka til Toreheia. Her ved Krikavatnet. Toppen bak til høgre. |
Toreheia i dag |
Her er vèrhardt. Mildt sagt. Det kom nokre kraftige kast i dag òg. Og på Skylefjellet hadde boltane på stammen til skiltet brotna tvers av. Så her må det på plass nye og større boltar.
Elles vått i vått. Elvar, myr, søle og mold. Gamasjar er eit must. Men jammen gjer det godt å kjenne på vèr og vind. Om aldri så vått!
Reinlav i framgrunnen. Alden, Høgeheia, Stavenesodden, Blåfjellet, Skylefjellet, Mangevatna og Krikavatnet Frå nedstigninga på Toreheia i nordvest. |
fredag 24. januar 2020
Inn mellom bygene
Høgeheia i dag |
Holevika |
Fin trimtur på Høgeheia igjen i dag tidleg. Fint tilpassa Super G i Kitzbuhel på TV`en. Noko som viste seg heilt perfekt. Dobbelt norsk og greier. Fint å få med seg på direkten. Og vèret på fjellet stod i stil. Kun ei mindre snøbyge på veg ned igjen. Og relativt roleg vind. Ja sola dukka til og med opp nokre minuttar på toppen. Kjekt. Og dagens nye regjering? Den får no leve sitt eige liv - gjer neppe noko særleg til eller i frå spør du meg... 😉
onsdag 22. januar 2020
Soloppgang i Holmedal
Soloppgang i Holmedal |
Dagens selfie på Dokka |
Berre eg ser Dalsfjorden |
Nysnø over fjella i aust. Framme frå venstre - Blåfjellet, Blåfjellssåta, Bakkefjellet Bak frå venstre m.a. - Eitrenipa, Blegja, N&S Kringla, Storehesten og Heileberget |
Flott morgontur opp ranen på Dokka i dag tidleg. Og som tenkt - soloppgang på veg oppover! Fantastisk! Endeleg litt sol igjen. Men som i går var eg litt uheldig på sjølve toppen - då dreiv det sjølvsagt ned ei snøbyge frå nord. Så Askvoll forsvann i drevet... (sjå foto).
Elles er det vel gjerne rett å påpeike at å gå opp ranen i januar ikkje er nett det same som sommarsdagen. Mot toppen er det bratt. Og litt nysnø kombinert med eit tynt lag med is på berga kravde ein viss porsjon omhu kvar ein kunne sette føtene! På toppen på veg ned igjen på nordsida retning Nyksvatnet, var det òg ein god del is. Her presterte eg å falle på ræv i ein islagd bakke og sigla fleire meter. Heldigvis klarte eg å stoppe opp framfor nokre kvasse steinar som stakk opp i slutten av bakken... Så ja, fjellet er aldri heilt ufarleg. Og bestemt ikkje på denne tid av året.
Eg gjekk som sagt ned igjen via Nyksvatnet og Vikastølen. Her traff eg forresten Ragnar Bull på veg oppover. Vi slo av ein liten prat der i bakken. Hyggeleg.
tirsdag 21. januar 2020
Temmeleg tøft
Dagens usminka selfie |
Moldura |
"Nytt" landskapselement i Stongfjorden... Stongsfossen t.h. (det renn over på demma). |
Størdalsstauren i dag |
Tilbakesyn mot Moldura frå Størdalsstauren No har det letta opp der oppe...! |
søndag 19. januar 2020
Nipebu i vinterlys
Nipebu i dag |
Eitrenipa, N&S Kringla |
Under Fossedalshengenipa |
ds Eitrenipa, Blegja, N&S Kringla og Laukelandshesten |
Langevatnet ligg spegel blankt |
Sola kik fram over Heileberget |
Langevatnet |
Dagens selfie |
Glatt ovanfor Krokavatnet |
Morgonsol over Fløyen og Heileberget |
I dag gjekk eg meg ein nydeleg tur på Nipebu frå Markavatnet. Delvis frose på oppover. Og spesielt ovanfor Krokavatnet var det litt glatt på berga (sjå foto). Elles var det litt tungt opp under Fossedalshengenipa då skaren ikkje heldt. Likeeins ned på sørsida mot Langevatnet og ut til Nipebu. Men ikkje verre enn at det gjekk heilt fint etter eit par pust i bakken.
Både Krokavatnet og Langevatnet var heilt isfrie og blanke i den stille morgonen. Landskapet og fjella spegla seg perfekt i den stille yta. På høgda under Fossedalshengenipa keik så sola fram over Heileberget og Fløyen i sør. Nydeleg! Og som tenkt! For vèrmeldingane var slik at det skulle vere relativt fint på morgonen og så skye til.
Eg var ikkje så lenge på sjølve hytta. Skreiv meg inn i hytteboka og åt meg noko lite. Så gjekk turen inn att same vegen. Og heime igjen relativt tidleg på dag...😃
lørdag 18. januar 2020
Dørstokkmila
Etter ein lengre trilletur i dag tidleg med Solveig, 10 mnd, rakk eg ein tur oppom Størdalsstauren. Så var det gebursdagfeiring av Håkon, 3 år. Solveig og Håkon er barnebarn av Olaug.
Det var solide regnbyger på trilleturen. Men faktisk opplett opp på stauren. Ok, vått og skite då. Tung myr deler av stien oppover. Men god trim iallefall. Cluet er i grunn å kle seg og komme seg ut. Altså soga om den berømte dørstokkmila. I desse dagar nyttar det lite å sitte inne og vente på sola...
fredag 17. januar 2020
Ei kjensle av vår...
Eg var ein rask tur på Bakkefjellet i dag tidleg før helgebesøket i frå Bergen kom fram til oss. Mildt, vind, men opplett. Nesten ei kjensle av vår i lufta. Seinare på dag på trilletur i Stongfjorden rundt, fekk eg endå meir vårfornemming. 9 varmegrader og fønvind. Vel, som nemnt i går - det er sikkert for tidleg å ta vår i sin munn. Flott er det iallefall. Om sola aldri så mykje glimrar med sitt fråver.
torsdag 16. januar 2020
Rette vegen
Jammen var det friskt på Høgeheia i dag - òg...! Så slik går visst januar i år. Det fine vintervèret lèt iallefall vente på seg - om det i heile teke kjem i år.
Vel, vel sola stig på himmelen for kvar dag. Utan at vi ser det. Og sjølv om det er for tidleg å tenkje på vår, går det no rette vegen... Og som tidlegare nemnt - Rhodos-turen er no i boks. Så sol skal det bli!
tirsdag 14. januar 2020
Heftig i Fossedalen
Utsikt frå Brendeheiknappen 14/1-20 |
Søndre Kringla frå Brendeheiknappen |
Fløyen og Nedre Fossedal |
Nedre Fossedal 14/1-20 |
Fossedalsfossen i all si prakt i dag |
Fossevikja i ruskevèr |
I skitvèret i dag køyrde eg til Dale og gjekk ruta frå Otterstein til Brendeheiknappen. Eg ville sjå litt på merkinga som går opp hit. Ruta er forøvrig merka vidare til Massbu (det står skilt ved ELRAKI-hytta merka Massbu). Brendeheiknappen er som tidlegare nemnt ein av postane på TiTur Dalsfjorden til våren. På returen gjekk eg utom Nedre Fossedal.
Ei god haglebyge i Nedre Fossedal i dag |
I dag kan eg vel skrive at Fossedalen bar sitt namn med rette. Det var vått. Veldig vått. Spesielt opp og austover til Brendeheiknappen. Elvar i alle størrelsar. Overalt. Og som eg skreiv i eit blogginnlegg 30.desember - passasjen over Steinelva bør sikrast. I dag måtte ein ha god steglengde, balanse og vasstette sko for å kome seg tørrskodd over. Og når det til våren kjem folk opp hit med ulike forutsetningar for å passere strie elvar, ja så bør dette fiksast. (Ruta er som sagt T-merka...)
Elles er stien bra synbar. Vardane står. Men litt remerking av T-ar må til etter slitasje av vèr og vind. Når ein gong vèret lettar. For som sagt - i dag var det ganske ruskut - kuling og haglebyger - og eit par tordenskrall. Med litt opplett inn i mellom. Uansett - det er ein flott tur på Brendeheiknappen. Turfolk har ein nydeleg turpost å sjå fram til på TiTur Dalsfjorden til våren.
Abonner på:
Innlegg (Atom)