Hekkelfjellet t.h. Foto frå oppstigninga til Smørskornova i nord |
Langevatnet Hekkelfjellet i venstre kant |
Utsikt til Holmedal |
Utsikt vestover |
Mot Holmedal Blåfjellet t.h. og Dokka t.v. |
selfie |
Dokka |
Frå Mountains in Askvoll
Sjå festa innlegg AHIL- fjelltrim 2017/2018
Hekkelfjellet i Holmedal er òg ny post komande sesong. Etter kva ein har registrert var denne sist på programmet for 14 år sidan. (Svarthamrane som i år er skifta ut med Hekkelfjellet var inne for 7 år sidan).Hekkelfjellet kan ein omtale som eit lett fjell å gå på. Det ligg midt i hjartet av fleire turløyper, m.a. passerer den merka DNT løypa frå Stongfjorden til Nipebu rett på nordsida. Truleg blir det merka løype frå vassverket i Holmedal, via Hålandstølen og Siklebergvatna og opp. Det virkar mest logisk og er kortast. Ved vassverket er det også best parkeringstilhøve.
For dei som går mange gonger på Hekkelfjellet for sesongen vil eg likevel slå eit slag for å gå via Svelia i nordaust, Mannskaret i vest eller Rivedal i søraust. Då får ein litt forandring i "kosten" og litt meir ut av turen.
Frå Hekkelfjellet er det flott utsikt mot Holmedalskanten i sør. I vest ser ein mot Dokka, Moldura og Fanafjellet. Mot nordvest ser ein Svarthamrane og Skålefjellet. Mot nord ser ein mot Førdefjordsida og i aust til Langevatnet og Smørskornova. Sjå foto frå i fjor haust/vinter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar