søndag 11. juni 2017

Knalltur Værlandet/Bulandet 9-10/6

Tidleg lørdagsmorgonen i Værøyhamn.
Det lyse Grimelid-huset midt i bildet




Vi på kundesenteret minus to hadde oss ein knalltur til Værlandet og Bulandet fredag og lørdag. Vi tok ferja frå Askvoll fredags-ettermiddagen. 

Først guida Gunn Leite oss pr mikrofon i buss rundt om på Bulandet. Interessant om livet på øyane både før og etter at bruene kom på plass og øysamfunna vart som under eitt. Vi stoppa så ved statuene over dei to damene som berga mannskapet på skonnerten "Gugner" frå Tønsberg som grunnstøtte her i 1885. Ein framifrå redningsdåd av damene. Link



Deretter stoppa vi på bruene før vi reiste tilbake til Værlandet og installerte oss i Grimelid-huset i Værøyhamn. Flott, reint og koseleg. Ferdig oppreidd for 15 personar. Steinar og meg i Grisehuset. Eit anneks inkludert røykestove (ingen på kundesenteret røykjer) pryda med gjenstandar tilknytt kysten.  

Ved Grisehuset


Gjengen samla til koldtbord
Middagen om kvelden var eit kapittel for seg. Utruleg godt havets festbord hjå Gry`s. Her åt og gjestane på havhotellet. Ja, det var så mykje godt å få under beltet at magen stod på spreng etterpå. 


Gry Leite serverte oss fantastisk koldtbord

Astrid og Astrid fiksa opplegget på Værlandet

Wenche og Kari sjef


Etter middagen gjekk vi så opp på Håhaugen for å nyte himmelen i vest. Fantastisk lys. Ja, ein blir nesten sett litt ut i slike stunder.






Før frukost lørdagsmorgonen gjekk eg meg ei runde rundt hamna og tok nokre bilder. Det var fullstendig stilt. Ikkje ein lyd. Blikkstilt hav. Ei nydeleg morgonstund.

Morgon i hamna

Blikkstilt hav.Vi ser Kinnaklove t.v.

Astrid i samtale med altmogelegmann
Tor Leite på kaia.
Etter frukost hadde vi bestilt skyss til Alden. 9 av oss var klare for denne turen. Fleire på kundesenteret hadde ikkje vore på Alden før. Wilfred Norheim som skyssa oss over var forøvrig ein særs hyggjeleg og morosam kar. 

På kaia traff vi Tor Leite, primus motor for Værøyhamn. Astrid Skaflestad som sjølv har budd på Værlandet kjenner Tor. Han hadde fiksa 12 syklar til eit følgje.

Det vart ei praktfull oppleving på Alden. Og så heldige som vi var med vèret! Ja, det var nesten ikkje måte på. For då vi vart skyssa over til Værlandet igjen etter turen, kom skodda sigande. På ein blunk var Alden borte vekk. Dei vi traff på veg opp då vi gjekk ned såg ingenting der oppe! (Sjå video). 

Toppteam på Alden


Steinar på toppen av Alden

Forøvrig sprang eg sjølv ein tur vestover til Ytstenova etterpå for å få litt sikt her i frå òg. Perfekt skue ut på Værlandet. 

Utsikt til Værlandet frå Ytstenova på Alden
Gjengen  tilbake ved havet
Motiv frå Alden

Det var lunsjtid då vi kom tilbake til Værøyhamn. Her venta ei nydeleg fiskesuppe med heimelaga foccacia brød. Knallgod. Kaffi og is høyrde naturleg med. Eg var i grunn så nøgd med turen at eg la meg ein times tid i Grisehuset og sovna vekk. 

Frå Grimelid-huset gjekk vi så den gode kilometeren til ferjeleiet. I venterommet på kaia fekk vi selskap av nokre pensjonerte karar på sykkel frå Bergen. Dei var på veg til UWC i Flekke for overnatting. Og gjet kva - dei var eks. bankfolk. Opprinneleg gjennom Vestlandsbanken (som skifta namn x-antal gonger). Og det merkelegaste av alt - han eine karen var nabo med kjenningar i Åsane som har feriehus nesten rett ved sidan av huset vårt i Stongfjorden. Ja, verda er ikkje stor gitt (sjå foto).

Dette var nok ein flott, sosial og kjekk tur med kollegaene mine på jobb. Vi har eit særs godt miljø hjå oss.    

Ser tilbake på Alden på veg til Askvoll igjen....
Du kan samanlikne med videoen under nokre få timar tidlegare....


Ingen kommentarer: