lørdag 6. mai 2017

Nakne kroppar

Frode Opstad og Janne Haugstad

Heime i dag tidleg
Smørskornova





Og så kom sola og varmen. Så det sa seks. Den livgjevande sola som vi alle ventar på. Og sidan Olaug skulle til Dale ein tur så sat eg på til Rivedal og gjekk over fjella til Neset i Stongfjorden igjen. 

Eg starta såleis frå parkeringsplassen ved kraftverket der ruta til Nipebu òg startar. Og så opp kraftverks-vegen og over myrane vest av Nigardsstølen. I det austre skaret opp, gjekk eg mykje for 7 år sidan då fjellet var fjelltrimpost sist. Artig å finne opp att denne stien igjen. Eg trur ikkje eg har gått opp her på 7 år. Men det virka nesten som i går...! Nokre av steinane som eg merka ruta med då står endå. 

Det var nesten utruleg kor snøen hadde minka sidan eg gjekk vestover igjen frå Smørskornova hi helga. Men det låg noko blaut snø ved Langevatnet, der ein kjem inn på den merka stien vestover. Her oppe på høgdedraga aust om Siklabergvatnet traff eg på Gunnar Tangedal. I fint driv. I berre shortsen. Ja, vèret og varmen var som den høgste sommarsdag. Fantastisk. Vi slo av ein god prat der oppe før vi gjekk vidare i kvar vår retning. 

Under oppstigninga mot Mannskaret nord om Siklabergvatnet såg eg ein naken mannsperson til. Men han var for langt unna til å gå i møtes. Så han fekk gå i fred... 

Heilt ute på Fanafjellet traff eg så på Janne Haugstad og Frode Opstad. Dei sat fredeleg i lag der på toppen og kosa seg med noko næring. Kjekt å treffe på folk i fjellet slike nydelege dagar, så vi sat og prata der eit bèl. 

Deretter tok eg så traversen over til Moldura og gjekk opp hit også. Her hadde det tydlegvis gått ein person frå nord. Og så store oddsen på å tippe kven dette kunne vere var det nok ikkje. Molduras store sønn, Ansgar Bjarne Høivik hadde nok nytta dagen godt òg i fineveret. Etter å ha toppa ut Moldura følgde eg spora hans til Neset i Stongfjorden. 

Fantastisk flott fjelldag.
  

Ingen kommentarer: