Førdefjorden frå Høgefjellet i stad
Eg var i grunn heldig som akkurat kom meg til topps på Høgefjellet i stad, før alle himmelens sluser opna seg. I tillegg bles det. Ja, nedom stølane måtte eg le med meg sjølv av regnet. I våre dagar er visst alt ekstremt, men at det regna bra, det gjorde det...:-) Noko som sjølvsagt gjorde det sleipt òg. Elles var vegetasjonen bltt veldig brun sidan forrige veke.
Det gjekk faktisk ein del sauer på nordsida av Eitrenipa, og sørvestsida av Bjørnastigvatnet. Kvar desse høyrer heime veit eg ikkje. Det kan vere i Kvammen eller på Laukeland. No var det vel sanking på nordsida i helga. Mogeleg det er på Dalsfjordsida komande helg? Hvis nokon har bruk for denne infoen, er det berre å formidle det vidare. Eg hadde ikkje med meg kikkert, men det gjekk vel anslagsvis 15 dyr der. Men vèret og vinden var på det tidspunkt då eg gjekk innatt begynt å bli så dårleg at eg ikkje fekk fullt oversyn. No har eg planar om nokre turar til opp her, så då kan eg eventuelt kom med meir utfyllande info.
Turen ned igjen i plaskregnet gjekk heilt fint. Men eg var veldig glad for den nye vasstette innfatninga eg smarttelefonen min i. Telefonen hadde det gått dårleg med i dag utan noko slikt... Bilda er forøvrig teke med den.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar