Som hausten kan vere. Vi ser Helgøyna midt i bildet.
Diverre ser vi lite til slike motiv om dagen...
Det vart to fjell på fjelltrimmen i dag. Ein søkkvåt tur på Røyrbotnholten i dag tidleg, og ein tur på Kultingane seinare på dag. Meininga var å ta begge på same turen, men...
Eg vart faktisk så søkkvåt nedantil på første turen at eg bestemte meg for å reise heim og byte. Goretex-buksa mi er berre så utslita at den ikkje er hjelp i å impregnere lenger. Den hadde ikkje sjanse mot det vassrette plaskregnet som slo meg i mot. På toppen var det som vanleg ufyseleg. Skodde, vind og regn. Så det var berre å springe ned igjen dei gjennomvåte bakkane og myrane, delvis med overflatevatn. Shit. Det var vått og kaldt. Iskald køyrde eg rett heim igjen og kom meg i dusjen.
Seinare på dag vart det litt lettare i vèret. Då reiste eg ned igjen til Askvoll og sprang på Kultingane. I joggesko. Ja, du las rett. Eg gav blanke, og sprang i goretex-joggeskorna. Opp gjennom dalen var det omlag som ei einaste elv. Og opp bakkane reine gjørmebadet. Men er du våt og driten, så er du våt og driten. Eg kom meg fort opp og sprang ned igjen. Med spyling i kjellaren etterpå...:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar