søndag 2. september 2012

Ny kombinasjon 2

Rabbetusten tek på seg haustdrakta no.
Foto på Høgefjellet i dag.

I dag tidleg reiste eg først til Askvoll og tok med meg Kultingane. Dette fjellet er greitt å ta i dårleg vèr og skodde. Det kan eg vel seie det var til gagns. Det vil seie - verste regnet hadde nok gitt seg i løpet av natta. Då ausa det nemleg ned. Veldig lett å høyre frå senga heime at Fremstelva og Kvielva på motsett side av fjorden veks opp. Soveromsglaset vender nemleg den vegen. Som mange andre elvar her på kysten veks slike elvar fort opp, og minkar like fort, etter kva nedbørsmengde som kjem ned. 

Stien opp gjennom Askdalen var ei einaste elv der nede i dag tidleg. Blautt og gjørmete opp bakkane. Og som sagt skodde. Likevel traff eg på "herreavdelingen". Faktisk opp til 3 stykker kvar for seg. Gunnar A. treff eg ofte på søndagsturen sin. Han tok opp ein annan veg, så eg smatt forbi oppover den vanlege stien. Eg slo likevel av nokre ord med han på veg ned igjen.. Men vèret tilsa ikkje akkurat nokon lenger passiar. Eg sprang ned igjen som vanleg utanom dette stoppet. 

Eg køyrde så heim igjen. Bytte klede. Og tok meg eit par skiver før eg køyrde opp igjen i Rørvika. Som i går. Deretter igang med klatringa igjen til Bjørnastigen og Høgefjellet. Faktisk heldt det seg opplett til eg nesten var heilt oppkomen. Men her bles det ganske friskt. Og akkurat komen ned igjen under fjellet på nordsida bøtta det ned. Kliss blaut. Som i går. Og nede i Rørvika igjen var eg gjennomvåt til skinnet. Fjellskorna kunne eg tømme vatn ut av...Det var berre å kle av seg alt og køyre heim igjen i boxeren - for andre gong i dag - og fjerde gong i løpet av to dagar...;-)

Ingen kommentarer: