MMS Jamneheiane i dag
Etter å ha gjødsla plenane og vaska utstyrsrommet mitt, tok eg meg ein tur på Jamneheiane frå Fisma igjen i dag. Overskya, tendens til sol og litt vind på toppen. Spesielt det siste relativt bratte stykket opp i myr er god trim, sjølv om det er brattare lenger nede. Forsåvidt er det rett opp frå fjorden til 456 moh. Ikkje allverda, men likevel bra trening. Har funne ut at det er ganske greitt å komme godt i gong ved å gå det småkupperte terrenget frå Eidsvika til Fisma først, før oppstigninga startar. På den måten får kroppen god oppvarming. Grei rute dette...:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar