Morgonbilde under Eitrenipa kl 05.31 med første solstrålane for dagen.
Bildet syner Leknesvatna som no er konsesjonssøkt for utbygging.
Eg køyrde Peter på årets første fotballtrening på kunstgraset i Askvoll i går kveld sidan drama-samlinga i Stongfjorden ikkje vart. Olaug spelar trompet der nede kvar torsdag, men tidene høvde ikkje med hennar. (Trompeten er heilag...) Så trass i seinvakt i Førde, eit relativt tungt hovud, var det berre å køyre i veg igjen. Det blir mykje farting når ein bur ute i periferien....
Men for å få noko fornuftig ut av tida, tok eg like godt å kledde meg vårleg iført joggesko, og sprang frå hallen i Askvoll og til Holmedal og ut igjen. Ei solid byge og motavind ut att Hellesetmyrane og Ringstad-flata sette motivasjonen på prøve. Her er jo paddeflatt og vèrutsett, så eg fekk vaska både det eine og det andre... Slikt gjer no egentleg berre godt, iallefall etterpå...:-) Men kanskje er det lov å håpe på litt betre vèr til helga...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar