MMS: Det kom ned enorme mengder regn i dag tidleg.
Litt lettare nokre minuttar midtveges då fine fargar skein meg i møte...
Eg hadde tydlegvis ikkje fått nok væte frå Smørskornova i går, så eg gjekk ein tidleg tur på Fanafjellet i dag. Det bøtta ned medan eg var på veg oppover første stykket. Og det krevde sin mann å komme seg opp i det sugande underlaget.... Midtveges slutta det å regne, og ein fem-minuttars periode såg eg faktisk blå himmel. Men kor lenge var Adam i paradis.... Når eg nærma meg toppen såg eg ei ny byge kome inn frå Staveneset i nordvest, og ikkje mange minuttane etterpå såg eg ingenting. Tjukk skodde, kraftig vind og nye titals millimeter med regn ausa ned. Og ikkje nok med det - det hagla så det skvatt frå hamrane...! Fantastisk fascinerande. Gjerne endå meir så hvis eg hadde hatt meir klede med meg. For eg vart kald på ein-to-tre. Nevane nesten utan kjensler...
På toppen var det eit reint inferno. Eg kom meg i skjul bakom ein stor stein på austsida av varden i håp om at det gav seg. Den gong ei. Og snart var eg iskald att. Det var berre å hoppe ut i det som i går . Men no fekk eg sjølvsagt alt vèret meir eller mindre midt i mot, og i motavinden var det ikkje så lett å springe heller. Likevel kom eg meg så fort det gjekk an ned igjen bakkane. Heldigvis sprang eg noko varme i kroppen igjen, samtidig som vèret tok litt mindre lenger nede.
Kvielva var litt tricky å kome over på veg opp, men du verden kor den såg ut då eg kom ned igjen. Den fossa utfor. Men eg måtte over (stien over elva på bildet). Inga bønn. Det var ingen annan veg. Eg fann meg ein stein å sette foten på, der det strie vatnet reiv i meg til opp på leggen, og så let eg det berre stå til. Gudskjelov heldt fotfestet. Hadde eg falle då, ja, Gud vete kva som hadde hendt. Til og med Fremsteelva som til vanleg er enkel å kome seg over, gjekk skikkeleg stri. Her er det rett nok ikkje stup utfor som ved hi elva, så eg følte meg ikkje så skjelven i føtene som der.
Ja, dette vart litt av ei rotbløyte. Men eg vel det no sjølv som Olaug seier...:-) (Litt action må ein no ha....) Det er iallefall ganske tøft oppe på fjellet her ute ved kysten når skodda, vinden og regnet slær til. Og snart kjem vel snøen òg. Som i går var dette ei god påminning om at det trengst ekstra utstyr snart...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar