Morgonstemning i bakkane på Stafsnes.
Vi ser Stavenesodden i første solstrålane for dagen.
Eg hadde lovd Halgeir T å vere med å sjå etter nokre sauer han mangla i dag. Men sidan han hadde fellesfjøsen denne helga, starta eg ei stund før frå Stafsnes. Han og broren, Asgeir, gjekk frå Holmedal noko seinare.
Det var ein veldig flott morgon. Klår himmel, men kjøleg trekk frå nordaust, og berre 4 grader i Stongfjorden i 7-tida. Men sola var på veg. Eg hadde smurt meg niste for ein heil dag, og laga meg kaffi. I tillegg til litt flybensin - eit par ublanda flasker XL1 og ei diger banan. Sjølvsagt måtte det til litt byteklede og ekstra hue og hanskar. Så litt oppakning vart det. Eg starta vel frå Stafsnes litt før kl 8.
Eg følgde så ruta direkte på Fanafjellet. Fekk første sola for dagen omlag halvveges, der bjørkebeltet sluttar. Men ikkje berre sola, ein skikkeleg sur vind frå nordaust var med på kjøpet. Vindkasta gjekk gjennom marg og bein. Kanskje ikkje så rart heller for småpyttane med vatn var frosne...! Ein buff på hovudet og hetta på RAB`en fekk halde til eg kom meg opp på toppen.
Sola bikkar fjellkammen sør av Skålefjellet i dag.
Då eg nesten var komen opp, ser eg sauer med kikkerten ute mot Størdalsstauren. Ein heil flokk. Eg bestemte meg likevel for å ta med meg toppen på Fanafjellet først som sist, før eg gjekk vestover.
Etter at eg hadde skrive meg inn i boka, gjekk eg utatt på vestsida av fjellet og fekk skifta den tynne Devold`en med ny, tjukk, og ei tynn vindtett jakke/kappe under ytterjakka. Det hjelpte mykje. Eg tok så ein telefon til Ole Andrè i Holmedal, då eg antok at sauene her ute var hans, og sa at eg tok dei med opp igjen i Fagredalen mellom Moldura og Fanafjellet. Så gjekk turen ut på Størdalsstauren.
Egentleg var eg på Fanafjellet 3 gonger i dag...:-)
Det virka som om dei 13 sauene her ute var lite lystne på å dra ned frå fjellet. Glad er eg iallefall for at forma er bra. For dei skar ute til Stongfjordsida og så til Moldura, og sameleis om igjen fleire gonger. Sidan eg var åleine om dette prosjektet tok det på.... Til slutt fekk eg dei likevel opp igjen til Fanafjellet frå langt nede på nordsida mot Stongfjorden, men då skar dei inn i retning Mannsskaret og ikkje ned dalen. Og eg etter nord om dei, og klarte å stoppe dei halvveges innover, og fekk dei ned i dalen. Og der vart dei ståande. Eg tok meg så ein kaffikopp i sørhellinga her i ly av vinden, og ringde Ole Andrè igjen og gav beskjed kvar han og Jostein kunne hente dei sprelske sauene. Eller det vil seie - no var dei spakna ein heil del frå i stad...:-)
Flokken frå Størdalsstauren på veg mot Fagredalen. Moldura t.h.
Eg heldt så vidare fram opp igjen til toppen av dalen og gjekk opp nord- og austsida av Moldura og opp til Nipa, høgste punktet i aust. Her var det ingen sauer å sjå. Men eg gledde meg over eit par snøsporvar eg fekk på kloss hald. Det bles kraftig her oppe. Kaldt som tykjen. Så eg gjekk vestover til høgste punktet og kom meg i lè av varden. Her fekk eg ringt Halgeir og fortalt kvar eg var. Han var nedunder på vestsida, så då traff vi kvarandre på den vestlege toppen ei stund seinare.
Utsikt frå Nipa på Moldura.
Siklabergvatna t.v. ein bit av Langevatnet t.h.
(Fjella i aust kjenner vel blogg-lesarane...:-))
Eg måtte innrømme at eg ikkje hadde sett nokon av sauene til Halgeir då eg traff han. Men han viste meg 4 der frå toppen som gjekk lenger vest ved Nyksvatna. 4 som eg hadde oversett med kikkerten då eg venta på han. Det var gledeleg. Så etter å ha fått kontakt med Asgeir som gjekk lenger vest, gjekk Halgeir etter desse 4, medan eg tok føre meg alle søkka på nordvestsida av Moldura, før eg gjekk vestover høgdedraget på sørsida av Størdalen. På motsett side av dalen frå kvar eg hadde henta Ole Andrè sine tidlegar. Dette tok si tid. Men til slutt traff eg igjen Asgeir her ute som kom frå sør. Det var ingenting å rapportere for nokon av oss.
Halgeir ringde så og sa at sauene var på veg nordatt over, og ikkje ned Stølsdalen som eg antok. Her oppsto det ein misforståelse mellom oss med av Asgeir og eg trudde sauene kom i vår retning, medan dei runde Moldura på søraustsida og kom nordover den vegen. Altså rundt urane heilt oppe under fjellet i Fagredalen, på motsett kurs av det dei skulle. Så vi vart ventande på sauene frå feil retning. Og for Halgeir sin del tok det jo ei tid å komme seg rundt Moldura. I ulendt lende. Problemet var manglande mobildekning då vi var på kvar vår side av fjellet. For etterkvart skjønte vi at noko ikkje hadde gått som planlagt....
Utsikt frå vestsida av Moldura. Nyksvatna t.h.
Dei 4 sauene gjekk i venstre bildekant sør om vatna.
Dei 4 sauene gjekk i venstre bildekant sør om vatna.
Halgeir på Moldura i dag.
Mjåset i Stongfjorden t.v.
Mjåset i Stongfjorden t.v.
Til slutt fekk vi auge på sauene som kom i mot oss frå feil retning. Eg trudde først det var andre sauer, men sidan det var 4 stykker, skjønte eg raskt at eg måtte gå til møtes. Så eg pile meg over toppen på dalen, opp under urane, og fekk snudd sauene på rett kurs. Aberet var berre at desse tok akkurat same retningen som den første flokken eg prøvde å få ned dalen. Sauene ville rett og slett ikkje ned frå fjellet i godvèret. Og på sett og vis skjønte eg dei godt.... Så eg måtte for tredje gong inn på Fanafjellet, og desse 4 stoppa ikkje før i dalsøkket rett sør av Mannsskaret. Då fekk eg dei endeleg ned dalen.
Nede i Fagredalen hadde Jostein samla dei eg kom med frå Størdalsstauren tidlegare, og i tillegg kom Ole Andrè med ein flokk frå aust om Mannsskaret. Så tilslutt greidde vi å samle alle beista her nede. 28 stk var det endelege talet. Og etter nokre utras her og der nedover, fekk vi dei forbi Hålandstølen og ned til vassverket. Her delte vi i frå sauene, og Halgeir fekk skyssa sine 4 heimatt til Grimelia med bil. Og eg følgde med til Stafsnes igjen etter bilen min.
Nokre av sauene i Fagredalen på veg mot Hålandstølen.
Eg kjende det i føtene etterpå. Mest at det brann i Scarpa-skoa. Dei hadde eg ikkje hadde hatt av meg på 8-9 timar. Men du verden - brannen var av det gode slaget. Ein fantastisk fjelldag var omme.... og eg hadde sprunge meg tom...:-)
Fra Fanafjellet_Moldura_Sauesanking 250910 Sola har kome heime på Yndestad... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar