torsdag 12. mars 2009
Fødedagar
Blikkstille fjord frå Størdal 10.mars
Ja, om våren blir alt fødd på ny. Slik er det visst med folk og gebursdagar òg. Her er eit race om dagen-og det held seg visst ut i april... No har det vore feira i dagesvis for Peter (9) og fleire står for tur. Og så er det alle kakene og restane....
Til dagleg smakar eg ikkje sukker i det heile teke. Og klarar meg fint utan. Men det sosiale i slike samankomstar medfører sjølvsagt både eitt og fire stykke med søtsaker. Det har jo som resultat at blodsukkeret mitt fyk i vèret og eg blir "rusa". Ja, det har sikkert same virkninga som narkotika eller eitt eller anna slikt... Og eg blir både sveitt og manisk:-) Og etterpå er det ubehageleg! Sukker er styggedom...
No gler eg meg iallefall til helga. Etter to dagar på ræva og inntak av rusmiddel, må kroppen reinsast. Med kroppen sitt naturlege rusmiddel - endorfinar! - Rein luksus:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar