Fra Eitrenipa 140309 |
lørdag 14. mars 2009
Gjennom skjærselden
Påskestemning og praktfull utsikt til Skjerlia i dag...
Kva var det eg fann på i dag? Eit blodslit av ein annan verden.. Ein kraftanstrengelse av dei sjeldne.. Som eg egentleg var godt klar over på førehand...
Ja, eg gjekk frå Markavatnet litt før 07 i dag tidleg. Det regna lett. Eitrenipa låg gøymd i skodda... Men meldingane var flotte, og eg stolte på dei.
Det gjekk lett opp omlag til strengen ved elva. Her i frå og opp var det blaut snø. Den rakk meg frå midt på leggen til opp til knea. Eit slit.
Oppe ved vatnet var eg på nippet til å gje heilt opp. Eg tok sjansen på å gå ut på. Og sakk gjennom til midt på leggen i snøsørpe. Vatnet gjekk til ankelen for kvart steg. (Men sjølvsagt hadde eg gamasjar). Eg var svært usikker på om dette gjekk, for eg køyrde halve staven (eg brukar 1.20 cm til vanleg) gjennom sørpelaget. Men det virka fast i botnen.... Eg bestemte meg for å gå over på sørsida av vatnet i staden for inn heile....
Men dette resulterte i ein svært så strabasiøs tur på denne sida av vatnet, før eg i det heile teke nærma meg Eitrenipa. Sveitten sila av å vasse i den djupe og tunge snøen. Opp og ned fleire bratte bakkar i det kuperte terrenget, før eg til slutt nådde bort i den lange og bratte "grasbakken"! Fytti rakkaren. Eg var heilt køyrd, før eg i det heile teke tok til på sjølve klyvinga mot toppen...
Snøen låg minst like djup opp bakken og opp skara som nedanfor. Berre at her var den relativt tørr. I det lange skaret opp, måtte eg stanse og puste fleire gonger... Når det blir veldig slitsomt tel eg til 20 steg om gongen. Det hjelper litt med slike minimålsetjingar...:-)
På toppen var eg utmatta. Skikkeleg! Eg fekk bytta Devold`en av ull som eg hadde som einaste plagg under Arctèryx goretex jakka. (Den var minst fire gonger så tung som vanleg...) Herleg å få på seg Brynje-trøya, ny hue og vottar. Det bles surt på toppen...
Eg fekk i meg noko saft og sugde i meg ein XL1 pastill. Så gjekk eg bort på sørtoppen og knipsa litt bilder her òg, før eg tok ned igjen same vegen.
Eg bestemte meg tidleg for å ta den vanlege ruta ned igjen til austenden av vatnet. Og gjekk heile vatnet vestover, i staden for det enorme slitet på sørsida. Det surkla for kvart steg ut heile vatnet... Jammen heldt Lowa skorna meg tørr endå. Takk til all impregneringa... Men eg følte meg langt frå trygg der ut på. Eg gjekk med lause stavar. Alternativet var verre... for kreftene...
Eg kom meg likevel heilskinna over. Og tok meg 10 minutts pause og nokre nøtter og rosiner i lyngen før nedstigninga til fossen. Då kom sola for fullt. Fantastisk! Det var nesten som lyngen brann under meg på denne forblåste plassen. Nydeleg utsikt bort på Fossedalshengenipa i sør. Blægja og Eitrenipa i aust og Skjerlia, Florø og øyane ute i havet i vest.
Her renn elva ut frå Leknesvatna i fleire avsatsar med lagunar mellom, før den dannar ein nydeleg foss utfor ein stor hammar og renn vidare ned dalen mot Markavatnet.... Dette er ein av dei finaste plassane eg veit. Eit eldorado - å, eg gler meg til sommaren! Du verden, det skal bli mange flotte turar opp hit. Kanskje ta med teltet og Peter å fiske som før...
Eg var glad då eg kom meg ned forbi den tunge snøen. Eg var segjen. Og tryna og braut staven. Klassisk karbon-knekk! Heldigvis har eg ein i reserve frå det gamle paret... Og reservedeler har eg visst plenty av etterkvart... Ja, ja ikkje hjelp i å gråte over spillt melk... 5 timar med blodslit var iallefall over... Og jammen var eg glad eg hadde vore åleine...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar