Men eg måtte jo hente bilen i kveld. Det passa seg slik at Torbjørn var her til middag og skulle til Førde igjen, så du svinta han meg opp i Skjerlia. Eg avtalte med Olaug at eg tykte det var litt fortærande å køyre eins ærend opp der å hente bilen, så eg tok like godt med meg Kvamsnipa i same slengen.
Eg fekk meg difor ein kjempeflott tur opp igjen der i kveld òg. Nydeleg nordaveir og klår luft. Passe varmt til raske gange i lett overdel og joggesko. Det ligg ein del snø mot toppen, så skorna var temmeleg våte etterkvart. Men det er jo ganske fort gjort opp og ned.
Vel, nok er nok heiter det visst. Det har vorte mange suverene turar i pinsa. Men så har det vore utruleg fint veirmessig. Herleg! Og kroppen - den reknar eg med fungerer flott i morgon tidleg òg...:-)
Kvamsnipa 120508 |
Kvamsnipa 120508 video |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar