torsdag 15. mai 2008

Lukta av våt nysprotta bjørk


Skylefjellet, frå nedstigninga av Toreheia mot Krækavatnet

Eg valde å gjere den vesle jubileumsturen min litt annleis enn eg tenkte. I staden for flagg og greier på Skylefjellet 17.mai, tok eg likegodt 100. turen sidan midt i oktober i dag. Eg har egentleg aldri likt jubileum. Det er noko forgange, passè og retrospektivt over slike markeringar. Det er betre å sjå framover mot nye toppar...:-) Difor tok eg turen i dag. I skodde og regn. Og herleg lukt av vår i bakkane. Det er mest i slikt vèr eg vil nytte fjelltrimposten på Skylefjellet framover.

Det er tid for andre fjell no... (Vel, eg har ikkje vore heilt foruten då..) Så satsar vi heller på at Toreheia her oppe står på programmet til hausten igjen. Etter kva eg hugsar er det 7 år sidan sist den var på fjelltrimmen. Då skulle vel det stemme... Tenk på refleksstenger heilt opp hit til vinteren!? I stummande mørke... DET hadde vore bra action det... Noko å minnast - utan å jubilere...:-)


posten 150508_video

Ingen kommentarer: