lørdag 1. mars 2008

Sol, sol kom igjen...


Solen er min beste venn
Vekk med skyer, paraplyer
hold nå opp å regne...



Grått og vått i Stongfjorden i dag


Forblåste fjellrabbar mot toppen


Nest siste varden står staut i den ekstreme vinden


Ingen plass for varmblodige her i dag heller...


Hadde ein liten jubileumstur i dag. Men den vart som dei fleste andre etter at posten på Skylefjellet kom på plass i oktober.

Kuling, regn og sludd. Våt som ei kråke frå trusa og ned i anklane. Isande kald. Rett i dusjen. Og så kjem varmen strøymande, sitrande, i lår og legger...:-) Herleg med fyr i omnen...:-)

Det er ei einaste bløyte snart halve vegen opp. Stien over myrane er svart jord. Elvar andre plassar. Kor tid skal det tørke opp? Kor tid skal vinden stilne? Vintrane er heilt åpenbart ikkje som før... Men ut gjer det godt å komme likevel...

Ingen kommentarer: