tirsdag 4. mars 2008

The last Waltz



28.02.08


Kan vel trygt seie at vi ser restane av Melkebaren i Førde forsvinne. Eg tykte det var så spesielt, der siste veggen stod "skrikande ut si smerte" mot omgjevnadane, at det måtte forevigast. Heldigvis hadde eg mobilen klar....!

Det er ein del av gamle Førde som no "rir inn i solnedgangen". Eg hugsar det første vi gjorde, vi dalingar, når vi kom til Førde med bussen i gamle dagar, var å oppsøke Melkebaren og få i oss ein god porsjon med riskrem. Den raude eller gule sosen smaka fantastisk. Etter besøket på Melkebaren hadde vi godt grunnlag i botnen for å sjekke nye plater på Musikkcenteret...

Egentleg er det litt trist at alt det gamle forsvinn. No var vel aldri Melkebaren og Meieriet noko praktbygg i seg sjølv. Men likevel, det er noko med identiteten som blir borte. I våre dagar er identitet viktigare enn nokon sinne.

Spanande blir det uansett å sjå kva som poppar opp igjen der borte på meieritomten. Vi må jo i utgangspunktet sjå positivt på ny bygningsmasse som dukkar opp i bylandskapen. Vel, skur langs elva er eit unntak då....:-)

Ingen kommentarer: