Facebook

lørdag 18. april 2009

Herleg og farleg

Frå platået på Blægja i dag med utsikt mot Rørviknipa og ytst i Førdefjorden Frå Likkjeblægja med utsikt mot Dale og Dalsfjorden i dag Eg gjentok turen som eg gjekk for 14 dagar sidan i dag på Blægja frå Rørvika. Deretter vestover Blåegga til Eitrenipa og Markavatnet. Eg gjekk allereie klokka 7.30 frå Rørvika. Det var kjølig. Og måtte skrape is på frontruta heime i Stongfjorden før eg fòr. Medan gyllevogna gjekk nede i Rørvika, traff eg på snøen i første delen av bakken under hytta. Det var solid skare. Så hard at eg faktisk mange plassar såg fotefara mine frå fjorten dagar sidan. Litt spesielt sidan det var såpass lenge sidan. Det gjekk fort og fint oppover. Veldig greitt å ta seg fram på solid skare når ein kan kutte til vanleg uveisomme område og gå rett på Rørviknipa. Og oppe i urane sparer ein tid ved å unngå all steinen. Oppe i øvste og brattaste ura var sjølvsagt ikkje sola komen. Det var beinande hard snø. Eg forsikra meg for kvart steg at broddane og stavane sat. Misser ein feste og siglar her, stoppar du ikkje før i botnen av dalen. Og det er mange hundre meter...! Det var òg ei lita utfordring å komme seg heilskinna over skavlen og opp på platået. Solid skare og nesten is. Siglar ein her er vel største spenninga kva side av Rørviknipa ein passerer - anten på veg til Førdefjorden eller dalbotnen i vest... Men akkurat her er det vel så spanande når du skal ned igjen, og ser dei potensielle endestasjonane i auga.... Det var ein del morgonvind frå aust på toppen. Ganske friskt. Men du verden for ei utsikt mot havet, fjorden, dei grøne bøane og sol og snø! Fantastisk! Litt fotografering måtte sjølvsagt til... Eg hadde merka av nøyaktig kvar eg kom opp over skavlen, slik at eg kunne nytte "den lettaste" ruta ned igjen. Og sidan snøen var så knallande hard, var eg aldri i tvil om å halde fram vestover Blåegga til Eitrenipa. Det gjekk lett utover. Kjempeforhold. Eg kunne faktisk småspringe på skaren etter å ha vore opp på Likkjeblægja òg. Kjempeutsikt til Dalsfjorden og Førdefjorden på kvar side av fjellet her i frå. Midt ute på Blåegga traff eg på eit par karar frå Turlaget (Kjell K og Asle V) som hadde gått på ski frå Nipebu. Dei skulle treffe den organiserte turen frå Standnes til Blægja ute i skaret. Vi slo av ein liten prat. Snøen hadde minka mykje utover. Mange plassar var det berre berg og stein som stakk opp. Og dei to karane hadde teke av seg skia fleire gonger. Men for min del gjekk det greitt og lett ut på Eitrenipa. Eg var der litt etter klokka 12. Eg tok meg ein god pause i den varme lyngen. Nokre skiver og drikke. Og ei ny trøye var godt å få på seg. Perfekt utsikt mot aust der eg var komen i frå... Det var veldig hard skare ned skara frå Eitrenipa òg. Men eg kom meg ned utan å ta på broddane. Nedover til Leknesvatna og rundt, var det nesten heilt snøfritt. Du verden kor snøen hadde minka på 14 dagar. Rein vår. Sola bada seg i vatnet der dette låg isfritt. Veldig flott... Siste delen av turen var standard, og Olaug henta meg kl 2 ved Markavatnet. Så var det bilhenting i Rørvika. Sju timar etter at eg starta var eg heime igjen. Kjempetur!
Fra Blegja_Eitrenipa 180409
Legg inn en kommentar