torsdag 28. juni 2012

Sommar og snø på Blegja

Blegja i ettermiddag

Eg var oppom Blegja på veg heim etter arbeid i dag. Sidan eg no skal vekk på ferie, og vèret var så fint, følte eg litt trong for det (p.s det blir folk i huset hvis nokon tenkte noko anna....:-)) 

Eg gjekk opp i joggesko, sjølv om eg då visste eg blei våt. Det første partiet oppover er likevel så tørt, og fordelen med lette sko så openbar, at eg valde det.  Første snøen ligg i bakkane under Rørvikenipa. Ranane bortover traversen mot sør er snøfrie, men frå Nipevatnet og opp, ligg det for det meste snø heile vegen. Unnataket er øverst i ura og i "salen" mellom nipa og platået opp på sjølve toppen. Her ligg heile ura no i opne dagen. 

Det var fantastisk flott oppover. Sol og heilt stilt. Eg gjekk difor i bar overkropp, og kunne berre gje på. Men i dei snøfylte partia som nemnt ovanfor, er jo ikkje joggesko nett det beste å ha på føtene. Litt skrens og smågliing vart det difor i bakkane. Våt og litt kald på føtene vart eg sjølvsagt òg, men det tok eg no berre med meg. 

På toppen var det suverent. Vindstille. Praktfull utsikt som vanleg. Snøen hadde minka mykje sidan sist, men enno låg her ein god del. Skavlane var enorme enno (sjå video). 

 Store skavlar på Blegja endå
 
No sprada eg ikkje rundt så lenge her oppe. Til det var føtene for kalde. Eg tok meg difor raskt ned igjen. Sprang ned att snøpartia og frå under urane. Og turen i ettermiddag trur eg må ha vore blant dei raskaste eg har gått hit. Artig det òg.

No tek som sagt skribenten ferie. Kor mykje bloggen vert oppdatert dei neste 14 dagane er noko usikkert. Men eg er tilbake med ny giv etter det. God sommar!

Foto Blegja 270612

mandag 25. juni 2012

Jonsok-foto




Foto Jonsok 2012

Kjende fjes i Stongfjorden...!

Til ei forandring legg eg ut nokre bilder av folk her på bloggen (sjekk link). 
Det er nok litt for lite av det til vanleg, då denne bloggen for det meste handlar om turane mine. 
Greitt med endringar i kosten....:-)

søndag 24. juni 2012

Myrull og iskrystallar



Tre foto frå Moldura i dag.

Eg var tenkt å halde meg i ro i dag. Men etter å ha sysla med nokre bilder framfor pc`en eit par timar i dag tidleg, vart eg så søvnig at då var det berre å komme seg ut. Eg tok meg difor ein rask tur på Moldura igjen. Standardruta frå Stafsnes. 

Eg traff Ansgar Bjarne på tunet der borte. Vi slo av nokre ord, mellom anna om morderiske fluger. Dei er ein pest og ei plage no om sommaren. Det virkar som livretten deira er sveitte. Kravlar og summar inn i øyra, håret, i ansiktet, nakken, armar og føter. Di mindre klede du har på deg di verre er det sjølvsagt. Og no når det endeleg er temperatur til å kle av seg... Toppen på kransekaka er jo når du svel dei. Dei synest leve ned gjennom halsen i lang tid etterpå.... Det er likevel mogeleg at dei åt seg mette på Ansgar Bjarne her oppe hin dagen, for så ille var det faktisk ikkje i dag. Kanskje hadde det noko med trekken og litt småregn i lufta å gjere. 

Det er mykje myrull rundt om i landskapet no. Praktfullt mange plassar. Vaiande lydlaust i vinden. I dag fekk eg assosiasjonar til vintervandringa mi med hovudlykt. For myrulla minte meg om iskrystallane som glitra meg i møte dei flotte vinterkveldane eg hadde her oppe. Det er ikkje mange månadane sidan. Så utrulig flott på alle måtar denne turen same kva årstid det er....

Sjølv om eg kom meg opp i bar overkropp, var det rimeleg kjølig på toppen i dag. Solfritt som det var. Heldigvis hadde eg med meg ein topp å dra over meg. Men ned igjen fekk eg fort varmen igjen. Eg sprang på direkten til Stongfjorden - våt av sveitte...:-) Herlige Moldura! 

lørdag 23. juni 2012

Roundabout

Skålefjellet frå Portavatnet Nord

Diverre var sola forsvunna i dag. Men det var opplett, bra temperatur og austavind. Eg kutta difor ut Blegja, som eg var tenkt å gå, og gjekk først på Røyrbotnholten frå Oslandsbotnen igjen. Eg manglar nokre turar inn på fjelltrimposten der. Men eg tok med meg sekk og fiskestong for å ta ein tur opp i Porten og Portavatnet etterpå.

Eg stakk innom reiret til heipiplerkene i Svelia, men der var jammen fuglane flogne. Nok eit kull av den mest talrike fuglen i fjellet var på vingene. Jammen går det fort unna. Sommaren bokstaveleg talt flyg...

Litt lenger sør kom eg over eit hissig par steinskvett. Tekk-tekk-tekk og raske forflytningar. Reiret var gøymt inn i ei steinrøys. Så det var vanskeleg å komme til med eit hurtig fotoshot. Det fekk difor vere heilt i fred. Fuglane var forresten minst like hissige då eg kom ned igjen. 


  Heipiplerkereiret var tomt, men eit hissig par steinskvett ynskte meg vekk...

Det bles ganske bra på toppen av Røyrbotnholten. Eg gjekk difor ned igjen i Svelia med ein gong. Så bar det nordover langs det nedtappa vatnet igjen til der eg hadde plassert sekken. Deretter gjekk turen opp dalen i aust for Botnastølen og til Porten. 

Nokon suksess vart fisketuren ikkje. Det kan vere sagt med ein gong. Kjøa var forholdsvis lita. Men eg veit her skal vere større eksemplar. Sikkert litt tidleg på sommaren endå. Eg let difor fiskestong vere fiskestong, åt meg eit par skiver, og tok peiling opp dalen mot Portafjellet. Sekken og utstyret sette eg att ved vatnet. 

Steik, det er fint oppover dalen her. Elva snirklar seg i idylliske bogar, avbroten av ein og annan småfoss, flott myrlandskap og irrande grønt beite for sauene langs fjellsidene der det endå ligg ei og anna snøfonna. Myrulla svaia i vinden, og molteblomstene skein meg til møtes. Nydeleg utsikt til Portavatnet Sør, Vardenova lenger oppe og til havs. Og så har vi Portafjellet då med si majestetiske form. Til og med sola stakk i gjennom for å glede meg endå meir. Lenger oppe er det kjempeflott utsikt til fjella i aust, mot Langevatnet og Nipebu, Førdefjordsida i nord og sørover til Lihesten og Brosviksåta. Og sjølvsagt til Stongfjordeni i vest. Eg laga ein snutt frå toppen, og sjølv om det starta å regn og blåse så får ein vel eit inntrykk likevel. 


Til og med sola stakk gjennom skydekket då eg gjekk opp dalen mot Portafjellet...

Snutt frå Portafjellet

Eg tok like godt og varda litt undervegs i dag. Stordalsfjellet, som ligg rett aust for Portafjellet, er vel snart på programmet for fjelltrimmen igjen. Og ruta opp langs Portafjellet, sjølv om her er litt bratt, eignar seg veldig godt til å komme seg dit. (Ein kan gå opp gjennom Porten, rett ovanfor Portavatnet, og ta opp dalen frå sørsida, øvst i Stordalen, òg. Om vinteren er dette eit tryggare alternativ. Eg hadde forresten ein tur denne vegen i vinter). 

Oslandsbotnen, Botnastølen og Porten er egentleg eit kjempeflott alternativ til å komme seg til den fantastisk flotte Stordalen og til Nipebu. Området har inga utbygging (INON) og vart heller ikkje godteke utbygt av SFE i siste "raidrunda" deira. (Diverre gjekk det annleis med Grunnevatnet og Leknesvatna lenger aust). Utan å komme for mykje inn på akkurat dette her og no, så vil eg i framtida søkje Nipebu-traktene meir frå denne ruta. Når gravmaskinene og dynamittsalvene gjer sitt inntog ved Markavatnet og Grunnevatnet vert provokasjonen i dette for tung å bere...


 Sjølv på ein gråversdag er det flott opp gjennom dalen mot Portafjellet...
Her utsikt sørover mot Portafjellet (1) og mot Skålefjellet (2) i nordvest.

Eg gjorde nokre ekstra kast med fiskestonga då eg kom ned igjen til Portavatnet der sekken og fiskestonga stod. Fleire kjø vart det, men dei fekk alle behalde livet. Som vi sa i gamle dagar om torsken då vi sette han ut igjen i, han fekk vekse seg stor til neste gong han beit på. I denne samanhang er nok det ei tvilsam ytring...:-)  

Etter ei lita stund her ved vatnet, begynte det å regne igjen. Ganske mykje faktisk, før det avtok. Men då var eg i grunn nøgd. Pakka i hop utstyret og gjekk ned igjen dalen til Botnastølen. Her tok eg nokre bilder av hytta før eg heldt fram til bilen i Oslandsbotnen. Ein flott lørdagstur var til endes...

Rivedalssauene trivst utmerka ved dei utstikkande hamrane på nordvestsida av Røyrbotnholten.

torsdag 21. juni 2012

Fint ved sjøen i kveld





Nokre foto frå kaia i stad. Peter fiska makrell til middag. Kaia ligg nedanfor huset vårt på Yndestad. Han fekk berre ta opp 4 stk...:-)
Ein fin kveld...

Ein lyngvals

MMS Høgefjellet i ettermiddag
Det vart litt forandring i planane i dag. Peter sin fotballkamp i Askvoll vart avlyst, noko som gjorde det altfor freistande å stoppe i Rørvika på veg heim. Ja, akkurat, eg måtte oppom Høgefjellet. Tredje dagen på rad. Men som sagt det var ikkje heilt planlagt altså....:-) 

Fantastisk flott. Joggesko og bar overkropp. Berre å peise på. Litt på halv åtte ned igjen. Ei vond tå og eit skrubb her og der. God giv!

onsdag 20. juni 2012

Sko av bly...

Har vore eit par kjappe standardturar på Høgefjellet etter arbeid denne veka. Joggeskorna har fått seg ein pause etter at det vart skikkeleg vått igjen. Eg har brukt dei gamle fjellskorna. Sko som eg har sløva med og stelt. Og resultatet har blitt deretter - kliss våte og to kilo kvar sko. Så eg kunne like godt ha teke joggesko...:-)
Så mykje å fortelje om desse trimturane er det ikkje. Det blir raskt opp og ned, og skubbsvolten heim til middag. Middagen blir no ofte av det raske slaget òg. To skiver med fire, fem speileegg og 1 liter skumma melk. Sit bra i fram til grauten neste morgon det...

søndag 17. juni 2012

Rasert natur






Etter å ha vandra gjennom øydelagd vassdragsnatur ved Bjørnastigvatnet tidlegare i helga, gjorde eg det same i dag ved Svelivatnet (a). Vatna her òg er sterkt nedtappa no til sommaren, med ørkentilstandar, erosjonar og daud natur langs land. Ikkje akkurat noko pent syn. Men hvis du spør nokon om det er slik det skal vere, ja, så svarar dei vel at dette må vi leve med. Ja, ja slik er det. Galskap vil alltid finnast, og straum treng vi jo, sjølv om eg meiner det er forskjell på fullstendig galskap eller berre litt.... Etter mitt syn burde det aldri vore lov å tappa ned desse vatna så mykje. 

Begge dei to ovannemde vatna er det fisk i. Men reproduksjon er det minimalt av sidan gytegropene blir tørrlagde i løpet av vinteren og våren. Kvaliteten på fisken i Svelivatna er miserabel. Fisken er utrulig mager. Nesten som ål. Eg drog opp nokre i stad, men nytta meg av "catch and release". Og sjølv om fisken er nokolunde bra av storleik, ser den ikkje appetittleg ut. Det er opplagt at matforholda er mangelfulle. Ikkje rart det når dei produktive og grunne områda langs land er raserte... Sørgelege greier! 

Eg stakk sjølvsagt oppom Røyrbotnholten på same turen. Eg fann ei ny og litt betre skår opp frå vatnet. Hamrane er ikkje heilt ufarlege når det er vått som det vart i dag. For det starta å regne ganske mykje før eg nådde opp på toppen. Ja, det vart etter måten skikkeleg vått og kaldt etterkvart. Skodda kom sigande og i tillegg friskna vinden på. Det vart difor ganske så utriveleg. Litt utilstrekkeleg utrusta som eg var, returnerte eg difor fort heim igjen. Nokon sjukdom kan eg ikkje risikere når eg snart skal til Tyrkia. Der er det iallefall ikkje vått og kaldt...:-)   

lørdag 16. juni 2012

Close encounter of the cow degree

Oslandsvatnet

Eg tok med meg Peter og Andreas til Oslandsvatnet i stad slik at dei fekk fiske seg nokre kjø. Eg sjølv fekk selskap av ein flokk med kyr. Selskaplege til tusen. Eg måtte hive alt av klede til vask etterpå, for eg vart grundig rundsleikt  i dette møtet. Artig det:-)

Foto Oslandsvatnet


Fra Oslandsvatnet 160612

Fisk og hjort på sym

Høgefjellet og Bjørnastigvatnet i går kveld

Flott tur på Høgefjellet i går ettermiddag. Deretter fisketur i Bjørnastigvatnet og Leknesvatna med overnatting i uteliggar der. I dag gjekk turen motsett veg, nesten...

Det er veldig strabasiøst å bevege seg langs Bjørnastigvatnet, for å seie det mildt, nedtappa som det er. Eg måtte klyve over hamrar og sva. Nesten uframkomeleg enkelte plassar. Stadig vekk opp og langt over vatnet igjen for å kome meg rundt nye hamrar. Akkurat den delen av turen anbefalar eg ingen å ta.... 

I vestenden av vatnet og vestover mot Leknesvatna, er det mykje lettare og ganske greitt å gå. Her har eg i tillegg gått fleire gonger før og er godt kjend. Brukbar sti langs vatnet mellom Leknesvatna og Bjørnastigvatnet. Faktisk på begge sider av dette vatnet som ikkje har namn på kartet. Etter å ha fiska både her og der, og fått nokre solide kjø, slo eg meg til ro for natta.


Morgonen etter på veg mot vest med Eitrenipa midt i synet rett i sør fekk eg meg ei fantastisk naturoppleving då to hjortar brått la på sym over vatnet. Sjå videoen under. Ja, til og med hjorten har vanskar med lendet rundt Bjørnastigvatnet...


Noko av meininga med denne overnattingsturen, utanom fisket sjølvsagt, var å teste ut ei rute frå Skorvemarka, via Leknesvatna og på Høgefjellet. Fint å kombinere både fjelltrim og fiske på same turen. Eg rota meg ikkje heilt inn igjen same vegen som eg kom kvelden før, men tok meir rett opp. Det viste seg å vere fornuftig. Så den biten gjekk egentleg heilt greitt. 

Det går ei bru beståande av eit par tremaster over vestenden av elva ved det namnlause vatnet, truleg noko SFE har sett opp. Og ved å gå over her finn ein ganske greitt opp og inn att på Høgefjellet. Returen til bilen i Rørvika igjen er vel ikkje så mykje å nemne.

Kjekt å vandre ute sumarnatta. Og med berre 3 timar søvn, får eg slumre litt på sofaen ei stund no. 
  


Rørvika og Rørvikenipa i dag tidleg