fredag 3. oktober 2025

Høgefjellet, Kvammen

Det er fantastisk utsikt mot vest frå Høgefjellet

Haust på Høgefjellet - vi ser Gjelsvikefjellet t.v. og Håsteinen med snø på t.h.

Høgefjellet i Kvammen på 683 moh er til liks med Moldura, Ytrevågefjellet, Røyrbotnholten og Kultingane ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober. 

Fjellet er lettast tilgjengeleg ved å gå frå Rørvika eller Løvika. Frå Rørvika går stien oppom husa her. Frå Løvika ved innhegninga for sauer ved nedkøyringa av bakken. Ein kan så følge stiane her i frå og til Åsastølen og vidare opp bakken. Så finn ein Bjønnastien i skaret rett oppe i sør. Her er det tau å halde seg i for å kome seg opp. Ein må pårekne litt klyving. Så går ein vidare vestover høgdedraget til toppen.

Det er tau opp Bjønnastien...
 

Sjølv har eg gått fleire gonger frå Rørvika til Blegja og vest til Høgefjellet. Sjå foto mellom anna herher og her. Og då anten via Synste Stauren eller nede frå Nipevatnet. Vidare vest mellom Tobbedalsvatnet og Blåvatnet. Rundar så Kringlefjellet. Deretter høgda nord for Bjørnastigvatnet og vest til toppen. Sjå kart her. Retur til Rørvika igjen. Ei veldig flott runde dette. 

Det er eit fantastisk flott skue frå Høgefjellet i Kvammen. Nydeleg utsikt ned til Kvammen, inn og ut Førdefjorden, vest til Gjelsvikefjellet og havet og øyane her. I sør ligg Eitrenipa. Nedom i sør også Bjørnastigvatnet. Og i aust tronar Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Suverent med andre ord. Absolutt å anbefale 😊

God tur!🏃



torsdag 2. oktober 2025

Røyrbotnholten

Fjella vi ser frå Røyrbotnholten mot nord og aust er:
Skålefjellet, Toreheia, Ytrevågefjellet, Indrevågefjellet og Vardenova. 
Vi ser elles Svelivatnet (Svædvatnet) frå venstre og Nyksvatnet t.h. 

Røyrbotnholten i Rivedal er også ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober. Fjellet er nok ikkje blant dei mest kjende og besøkte i Askvoll. Men likevel eit godt turmål med flott utsikt mot Dalsfjorden og Rivedal. Sjå elles foto og beskrivelse mot nord og aust. 

Fjellet er lettast tilgjengeleg frå Rivedal. Frå parkeringsplassen ved kraftverket går ein opp kraftvegen mot nord. Passerer demningen på toppen av vegen og går myrane nordover vest av Lisetstølen. Så opp bakkane der ein kryssar den T-merka stien som går austover til Nipebu. Deretter føl ein merka opp til den 607 moh høge toppen. Turen ligg inne på ut.no. Kart.

Sjølv har eg gått ein del via Osland og Svelia. Her kan ein kan gå opp skaret i enden av Svelivatnet i sør. Og gå opp frå nord. Eller følge austsida av vatnet og kome opp rett på vestsida av Vardenova. Dette frå aust. Desse rutene er ikkje merka og medfører litt klyving. 

Vedlagt ligg ein stillbilde-serie på YouTube som eg har teke (hugs lyd). Serien er også med ein del vinterbilder då toppen er fin å gå på heile året. 

God tur!

tirsdag 30. september 2025

Oktober i bilder

Brått er oktober her òg. Her med arkivbilder. 

I oktober blir det lagt ut nye fjelltrimpostar. Ei flott tid i fjellet om vèret lagar seg. Crossed fingers 😊

torsdag 25. september 2025

Nydelege fjellområdet på nordsida av Stongfjorden

Dagens selfie

Stongfjorden

Yndestad - heim igjen til det raude....😀

I dag tidleg tok eg meg ei runde på fjellet her heime. Opp til Rinda og vidare oppover og nord til Skylefjellet. Det var ein kjøleg morgon, men opplett og fint. Litt meir trekk oppe på "platået". Litt av misjonen på turen var å sjå om her gjekk sauer igjen her ute - vest om Toreheia. Sidan Ytrevågefjellet litt lenger aust er fjelltrimpost frå 12. oktober, blir det meir anledning å gå opp hit frå Vågane seinare. 

Vel, eg kom meg greitt opp på Skylefjellet. Rett nok litt vått og gjørme ovanfor Rinda. Det skal vel noko til at det tørkar opp igjen no.... Her var ingen ting å sjå av sauer. Men det gjekk ein heil del storfe vest om Svartevatnet. 

Storfe vest av Svartevatnet - Høgeheia i bakgrunnen t.v.

Eg gjekk så vidare austover og opp bakkane mot Toreheia. Bra pust opp her...! Her var ingen kvite dottar å sjå her heller. Alt eg såg var ein forvirra enkeltbekkasin som skvatt opp framfor føtene mine. No bles det litt her oppe. Så skivene eg hadde smurt meg åt eg i lè rett sør om toppen i ein grasbakke. Nydeleg!

Så gjekk turen vidare vestover Yndestadhøgeheia (3 toppar). Her er det nydeleg utsikt til Stongfjorden og heim igjen (sjå foto). På heile turen sette eg opp att det eg fann av merkepinnar,  etter at vind og sauer har skubba dei ned. Så litt betre merking no. Ikkje at det treng noko særlig merking i godt vèr her oppe. Det er fantastisk utsikt til å gå i alle retningar. Men som vi veit sig havskodda utruleg fort på... 

mandag 22. september 2025

Ytrevågefjellet - turtips

Vi ser i vest Alden, Toreheia og øyriket i Florø frå Ytrevågefjellet


Ytrevågefjellet er som tidlegare nemnt også ny post på fjelltrimprogrammet til Askvoll Idrettslag for sesongen 2026. Oppstart er 12.oktober då ny bok vil vere på plass.

Underteikna har gått ein god del på Ytrevågefjellet opp gjennom åra. Med sine 662 moh er fjellet eit relativt lett fjell å gå på heile året. Frå toppen er det flott utsikt. Mot vest finn ein Alden, Toreheia og øyriket i Florø. I nord ligg Florø, Førdefjorden og bygdelaga innover mot Vevring. Mot aust er det fantastisk utsikt til mange av dei flottaste fjella i Askvoll. Mellom anna Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og mange fleire. Nærast ligg Indrevågefjellet, Middagsnipa og Portafjellet. Elles er det veldig flott utsikt til Vågane og Flokeneset. I sør tronar Vardenova, Skålefjellet og Osland. Med andre ord suveren utsikt i alle himmelretningar (sjå video av stillbilder under. Hugs lyd og beste oppløysing). 

Mange av dei flottaste fjella i Askvoll er å sjå frå Ytrevågefjellet.
Her morgonstemning i november. 

Beste ruta opp er å gå frå den gamle kopargruva i Vågane ved FV 609. Stien ligg på ut.no her.  Sjølv brukar eg å parkere ut for vegen på ei stor grasflate ca 50 meter ovanfor der ein startar ved gruva (ikkje parkèr på vegstubben ved gruva)! Elles står det nokre småvardar opp gjennom bakkane. Retningen opp seier seg sjølv.

God tur 😃! 

torsdag 18. september 2025

Moldura - turtips

Mange kjende fjell i Askvoll ligg på nordsida av Dalsfjorden - 
her med utsikt frå Moldura


Turtips: I dag er vi på Moldura. Eitt av fjella underteikna har gått mest på.... Høgste fjellet vest i kommunen med sine 837 moh. 

Det er fleire ruter opp. Den vanlegaste er frå parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Her står det skilt. Ein går opp den vanlege vegen til dagsturhytta. Vidare langs merka sti opp ura. Ein kan også gå om sendaren som står lenger vest. Delvis merke. 

Ei anna rute er å gå frå Størdal og opp Størdalen. Og ein kjem opp på vestsida av fjellet. På same staden som om sendaren. Det er også flott å kome aust i frå og via Fanafjellet og opp nordsida. Eller via Hålandsstølen/Tveitstølen og Fagredalen. Også i nord. Ruta underteikna har gått mest er nok frå Neset i Stongfjorden. Den flottaste. Reint subjektivt altså. Havutsikt nesten heile vegen! Ein spesiell flott tur er om du går frå Neset til toppen og via dagsturhytta til Dokka. Og så nedatt ranen på Dokka og til Holmedal. Då får du med deg i pose og sekk 😄

På Moldura er det flott utsikt i alle himmelretningar. Spesielt til Holmedal og Straumsnes i sør. Dokka ligg rett i sør òg. Med Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i søraust på hi sida av dalen. Hekkelfjellet og Siklebergvatnet i aust. Og i vest ligg Nyksvatna, Atløyna og havet. Og så mot Florøkanten og Stavenesodden i nord. 

Her er ein bildeserie frå Moldura. Eit fantastisk flott fjell. Ein av favorittane mine. 

Ut.no her 


lørdag 30. august 2025

Supert på Gjelsvikefjellet

Blegja, Synste Stauren, Blåegga og Eitrenipa
Vatna er Keisarlivatnet, Trollevatnet og Leknesvatnet



Med fruen vekke på dametur i helga, valde eg å ta turen åleine til eitt av favorittfjella mine, nemleg Gjelsvikefjellet. Likar godt partiet opp Fesselia. Gjennom flott gamal furuskog. Urørt og ekte. Og så opp til den fine Selvikstølen med nydeleg utsikt til Eitrenipa og Fossedalshengenipa. Deretter opp og aust til Gjelsvikstølen. Med nydeleg utsikt til Blegja-massivet og Eitrenipa og mange vatn. Litt lenger oppe ser ein inn store deler av Førdefjorden - også til Engebø-utbygginga i nord. Ja turen opp hit er veldig flott - med unntak av sistnemnde då... I dag med god temperatur og delvis skya med litt sol inn i mellom.

Foto Gjelsvikefjellet 300825


fredag 29. august 2025

Joy of September

Nok ein månad er snart over, så her er september i bilder. Frå arkiv. Ein flott månad i fjellet som gir fint og lågt lys.

God helg!

mandag 25. august 2025

Rimmastien

Dale i Sunnfjord frå Rimma

På veg vestover med utsikt til havs

Øyna og Storevik

Eikenesstølen med utsikt til Dale og Bortheim

Eikenesstølen

Vi gjekk den nye Rimmastien i helga. Den nymerka ruta mellom Rivedal og Otterstein i Dale. Vi starta med å parkere ein bil på Vindheim i Rivedal og køyrde deretter til parkeringsplassen ved brufestet på Otterstein. Og gjekk deretter ruta til Bjergastølen. (Her frå kan du elles halde fram opp på Heileberget og Fløyen). Men vi gjekk vestover Rimma til Eikenesstølen og Vindheim. 

Ruta var godt merka. Og såleis lett å finn fram. Elles er det å håpa at mange vil bruke stien framover for den er ein del tilgrodd med gras og anna. Di fleire som går di betre sti. Sjølve opninga er 14.september då Indre Sunnfjord Turlag arrangerer tur her. Som på ruta over Heileberget er det flott utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga kring fjorden. Elles utsikt heilt til Atløy og Bulandet òg. 


torsdag 14. august 2025

Nye fjelltrimpostar 2025/2026

Foto frå Moldura 11.11.11.
Vi ser Alden etter solnedgang - Nyksvatna i framgrunnen

Etter 7-års rulleringa av Fjelltrimprogrammet til AHIL, er dei nye postane for sesongen 2025/2026 Høgefjellet, Kvammen, Kultingane, Askvoll, Moldura, Holmedal, Ytrevågefjellet, Stongfjorden og Røyrbotnholten, Rivedal. Postane er ikkje stadfesta. Men føl ein "planen" er dette fjella ein kan bryne seg på frå starten av oktober. Dato vil bli kunngjort. 

For underteikna er dette kjende fjell som eg har besøkt ein god del "før i tida". Eg har mange gode minner til suveren turar til desse toppane. Både sommar som vinter. Spesielt Ytrevågefjellet på nordsida her heime og Moldura er kjekke fjell å sjå tilbake på. Eller fram til om du vil... Her litt meir om dei to. 

Moldura er som sagt eitt av fjella underteikna er godt kjend med. Fjellet er tilgjengeleg frå "alle" kantar. Frå Størdalen i vest, gjennom Fagredalen i aust og frå Stongfjorden i nord, anten via Gjerdedalen eller Neset. Du kan òg gå via Størdalsstauren i nordvest. Mange vegar til Rom med andre ord. Personleg likar eg best kombinasjonsruter der eg byter på ruter opp og ned. Sjølv om dei aller fleste vil gå frå Holmedal, er ruta frå Neset i Stongfjorden i nord minst like flott. Her i frå har du nydeleg utsikt til havet og øyriket både i Florø og Askvoll. Også til Førdefjordsia og Osland og Skålefjellet. Og sjølvsagt Stongfjorden. Har du ikkje prøvd denne ruta er den absolutt å anbefale. 

Ytrevågefjellet er òg ein av favorittane mine. Spesielt ruta frå Vågane (ved den gamle gruva) og opp bakkane. Flott utsikt til Osland, Flokeneset og Førdefjorden. Og øyriket mot nord ved Florøkanten. Som kombinasjonsrute til Toreheia og Stongfjorden eller Grimelia, er denne turen fantastisk. 

Det blir lagt ut info på AHIL fjelltrimmen når det nærmar seg oppstart. Elles er postane linka til ut.no ovanfor. Under ligg elles mine bildeseriar frå alle fjella. 

P.S. No er det som vi veit att ei stund ein kan gå på dei inneverande postane. Så det er rikeleg med tid til ei runde eller to til på desse. Tida framover er gjerne den flottaste i fjellet òg. Fri for fluger, klegg, flått og knott...  God tur!

Moldura

Ytrevågefjellet

Røyrbotnholten

Høgefjellet 

Kultingane