Nydeleg tur opp ranen på Dokka i dag tidleg. Retur om Nyksvatnet. Stilt, delvis skya og god temperatur. Tørr og fin sti. Ei nydeleg runde. Go ahead!
Eg vart møtt av ei runde med svermande flygemaur på toppen. Desse kan vere ganske innpåslitne (sjekk selfie inkl. maur...😄). Elles traff eg på eit par blide damer ovanfor Vikastølen. Sjølvsagt med ein liten kjekk passiar. Så var det heim att å lage middag...
Her ser vi Moldura og Dokka bakerst og Kultingane og Fristadfjellet fremst.
Eg gjekk meg ein tur gjennom skodda i dag tidleg òg. I dag på Blåfjellet og Eggene i Askvoll, sidan eg hadde eit ærend der nede likevel. Stilig å gå litt småhutrande gjennom skodda i shorts og rett opp i strålande og varm sol. Som i går låg vel skodda heilt frå fjorden til omlag 400 moh. Artige turar dette!
Flott og lett tur over Toreheia og Ytrevågefjellet i dag heime i frå. Retur til Vågane. Og som tenkt gjekk eg rett gjennom skoddelaget ved fjorden ovanfor Rinda. Herleg å gå gjennom skodda på morgonen, og kome opp i knall sol og blå himmel!
Som forventa går det ein del sauer i skuggepartiet på nordsida av Toreheia. Kjøligare her. Og friskare gras sidan snøen ligg lengst på denne sida. Elles går det sauer litt rundt omkring. Både ved Krikavatnet og i lia mot Osland.
Eg gløymde visst å blogge turen på Moldura hin dagen. Ikkje at det betyr noko spesielt - der har eg jo vore mange gonger før...😄
I dag vart det til ein lett og kjapp tur på Bakkefjellet i Holmedal. Også som før. Ganske tørt og fint. God temperatur og vindstille. Ja til liks med meg såg sauene ut til å trivast heilt utmerka.
Heilevangsstaurane med Lisjehesten og Kvamshesten (Storehesten)
Mot Førdefjorden, Håsteinen og Gjøringebøfjellet
I dag var så turen komen til Blegja og normalruta frå Rørvika. Ruta er
nyleg remerka. Det er veldig greitt for ukjende, men også fint for oss
andre. Spesielt ned igjen urane. Dei kan jo vere litt tricky for eldre folk.
Også for nylege pensjonistar...😄
No var det Olaug som var mest gira på denne turen i dag. Eg er egentleg
ganske lei desse urane her oppe. Og sist eg var opp var då eg la ut fjelltrimboka i
oktober i fjor. Tidlegare år har det jo tildels vore eit renn opp hit for å sanke meg poeng til fjelltrimmen... Ikkje det - det er jo flott å stå på høgste punktet i
kommunen. Fenomenal utsikt er det òg. I alle retningar. Men å gå opp og ned
desse urane ser eg på nærast som ein transportetappe for å kome meg opp på
toppen.
Det var flott vèr på morgonen. Stilt og fint i Rørvika. Men det drog opp
med nokre skyer då vi kom opp under Rørvikenipa. Godt då å ha nokre ekstra
klede og vindtett i sekken. Og på toppen var det òg eit kjøleg nordadrag i
lufta. Spesielt då sola forsvann. Så mange minuttane sat vi ikkje ikkje der.
Vi åt eit par skiver før vi snudde nasen ned att same vegen.
Eitt av høgdepunkta i dag var då vi traff på eit kull fjellryper under
Rørvikenipa (sjå video). På akkurat same plassen eg filma eit kull hitt
året. Så mange var det diverre ikkje igjen av årets kull. Forhåpentlegvis
var det fleire som hadde gøymt seg vekk enn dei få vi fekk sjå.
Elles er det no sjølvsagt alltid ei god kjensle å kome seg heim att frå
Blegja-turar. Det er no høgste fjellet her og greier... Så Olaug er no
strålande nøgd. Ok - litt eg òg... 😃Så då så...😎
Etter fleire våte turar på Skylefjellet sist veke, var sipregnet endeleg vekke. Ja, i går var det såvidt eg klarte å komme meg over Rindaelva. Den gjekk over alle breidder. Så i dag valde eg å gå frå Vågane til Ytrevågefjellet og vidare til Toreheia, Skylefjellet og Blåfjellet med retur heim igjen til Yndestad. Ei klassisk og fantastisk flott rute i lett og oversiktleg terreng. Beskrive mange gonger. Og med eit uttal av bilder opp gjennom åra.
Vindturbinane på Guleslettene i Florø er eit nytt landskapselement på Toreheia.
I luftlinje er dei over 30 kilometer unna (sjå video).
Eg held alltid eit auge til sauene som går her oppe om sommaren. Dei er vane med folk og ganske så rolege. Så òg i dag. Alt vel. Og sikkert glade for litt opplett og sol igjen. For jammen har desse òg fått sin omgang med sturtebyger siste dagane....
Dei er glade for sol og opplett igjen...
Elles veldig kjekt å sjå så mykje folk på TiTur-posten idag. Fleire frå Dale. Som òg har vore her før. Dei skryt veldig av området og merkinga. Det gjer litt godt.
Middagen med kaffe og kake tok Olaug og eg i Holmedal på Kleppenes Bruk. Veldig kjekt. Godt med folk. Og god mat. Herleg. Fantastisk kor flott dei har fått det til i tunet med bygningar og inventar. Så her kjem vi absolutt igjen. Anbefalast!
Vått, grått, litt regn i lufta og graset gulnar i toppen. Haustleg i lufta på Skylefjellet i kveld - allereie. Dei går visst fortare og fortare desse årstidene...
Vi køyrde oss ein tur austover igjen forrige veke. Denne gongen til Blefjells-området i Telemark. Her vi besøkte Odd og Ellen på hytta. I det høve hadde vi også booka oss inn på Norsjø hotell på Akkerhaugen for ein dag på Telemarkskanalen. Inkludert overnatting med frukost. Både på turen austover og heim igjen, var vi innom Notodden. Byen med ei imponerande industrihistorie. Byen er på Unesco si verdsarvliste (sjå fotoserie).
Kveld på Blefjell
Opplevinga av turen med MS Telemarken var elles veldig interessant. Eg hadde aldri reist opp gjennom desse slusene før. Her var det mykje folk i arbeid for å opne og late att slusene, så vi kunne segle vidare oppover i vassdraget. Etter mykje nedbyr siste dagane var det stor vassføring i Skiensvassdraget. Det var difor stengt for småbåtar. (Sjå video og bilder). På Lunde, der båtturen var slutt, traff vi så Kjell og Tordis. Dei låg på campingplassen her. Dei skyssa oss tilbake til Akkerhaugen.
Kjell og Tordis på Lunde
Dei skyssa oss tilbake til Akkerhaugen
Tilbake på Blefjell og middag
ds
Dagen etter tok Odd og Ellen oss med på turen til høgste fjellet i området - Store Ble. På god og ganske lett sti tok turen opp frå Nordstul parkering, via Langedalen, vèl to timar. Returen gjekk vi via Sigrids Bu (sjå gps-tracker). Fantastisk utsikt her oppe. Panorama i 360 grader. Vi ser mellom anna Tinnsjøen og Gaustadtoppen.
Tid for tur på Store Ble
Gaustadtoppen
Ellen på Store Ble
Olaug, Ellen og Odd på Store Ble
Sigridsbu
Flott tur til Store Ble med retur om Sigrids Bu
ds
Elles vart dette ein tur for sosialisering, god mat og flotte kveldar med utsikt til nydelege linjer og lys i horisonten. På kveldar der mørket no sig fortare på i sør enn her heime. Veldig kjekt!