mandag 30. august 2010

Minnerik søndag

Motiv frå Fossedalsvatnet søndag.
Vi ser Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla

Olaug lurte visst på meg då eg ville gå over fjella til Dalsfjorden frå Skjerlia i Førdefjorden i dag. Ikkje så veldig lange turen. Poenget hennar var vel at det pøsa ned, og fjella var dekte av skodde. Egentleg bryr eg meg ikkje så mykje om vèret. Eg går uansett på desse 3-4 timars turane. Men eg sjekkar alltid vèret på førehand likevel, og i dag var det meldt betre ut på dagen. Eg hadde nemleg tenkte å ta to fluger i eit smekk. Mor mi hadde gebursdag. Og så kunne eg ta med meg Fossedalshengenipa òg på turen til Dale, og gå gjennom Fossedalen. Og slik gjere meg ferdig med målsettinga mi på dette fjellet... Sette ein ekstra spiss på denne siste turen for årets sesong...

Eg pakka fjellklede og byte klede i sekken. (Kunne dusje i Dale). Smurde meg nokre skiver, og fekk Olaug til å køyre meg i Skjerlia. Ho sjølv skulle på miniputturnering i Hyllestad (hennar tur) med Peter, og så kunne vi møtast i Dale. På den måten slapp eg å hente bilen der oppe om kvelden. Broderen stilte sporty opp og ville hente meg i Fossevika, og skysse meg over fjorden. Nydeleg organisert om eg så skulle driste meg til å seie det sjølv...:-)

Det regna trollungar oppe i Skjerlia. Olaug sende meg eit langt blikk før eg la av garde. Fri som fuglen. Min eigen herre. Mine eigne vegar. Me myself I. Og ingen andre å stole på.... 

Ganske fort forstod eg at det vart ein flott dag. Smålomen helste meg velkomen over Markavatnet. Han tok seg fleire runder, og vidare inn over Leknesvatna, før han kom tilbake over Grunnevatnet eit par snurar, og flaug så mot Nipebu. Skrattande. Hadde nok hatt seg eit tidleg næringssøk og måtte ha litt morgongymnastikk. Eg var så oppteken med lomen at eg allereie var komen opp til Grunnevatnet før eg fekk sukk for meg. Det hadde slutta å regne utan at eg la merke til det, og ein regnboge ute i vest gav beskjed om vèrskifte. Eg fekk av meg den lette Rab-jakka og tok til på ura.

Det skin opp over Kringla og Krokavatnet

Det var vått og glatt oppover. Sleipe steinar og svaberg. Godt med nye Scarpa sko på føtene. Oppe ved Krokavatnet skein sola gjennom sky- og skoddelaget i aust ved Eitrenipa. Fantastisk skue og nydeleg lys. Det dampa frå det våte landskapet som frå ein trykkokar. Forma var upåklageleg, sjølv om eg i dag hadde bestemt meg for å ta det litt piano. Nyte dagen og ta ein del bilder. 

Eg tok nokre foto på veg oppover dei bratte berga mot toppen. Nydeleg konglomorat. Så eg tok likegodt å laga eit eige album av bilder av stein i dag. Her er utrulig mykje interessant å sjå hvis ein gjer seg litt tida.
    
Hjarte av stein...

Det var flott morgonlys på toppen av Fossedalshengenipa. Skyer, skodde og sol i spelande leik. Begynnande haustlege fargar. "Å for ein strålande morgon"... Måtte jo sjølvsagt fotografere litt. Bilder gjev jo eit lite inntrykk, men å oppleve strålande naturopplevingar som dette, må jo sjølvsagt gjerast, ja, in natura for å få fullt utbytte...!

Lysspel på toppen av Fossedalshengenipa

Eg gjekk ned igjen på sørsida av fjellet. Svaberga på denne sida er faktisk ein del brattare enn midt på og i nord. Berga var heller ikkje tørka opp, så her var det obs obs. Med litt varsemd kom eg meg ned til botnen av svaberga, klauv ned eit par hamrar, og kom meg ned på marka under fjellet og vidare ned i Grøndalen rett vest av Krokavatnet.

Sør av dalen passerer den gamle ferdselsåra nord/sør nokre gedigne hellarar. Det er sagt at ein oppbevarte gras frå utmarksslåtten i Fossedalen i gamle dagar under slike. Dei brukte hest og slede for å hente høyet om vinteren. Det var jo praktisk for den tid å rekne. Utrulig å førestille seg slikt i dag. Men på den tid levde ein vel meir i pakt med naturen enn no til dags. Etter mi oppfatning har vi mist ein del gode verdiar frå gamle dagar på vegen mot dagens samfunn....! Det er synd... 

Etter å ha studert hellaren her ei stund, kjendt eimen av gamle dagar, gjekk turen vidare sør til Svartetjerna. Her ligg det ein liknande hellar som lenger nord. Perfekt som skjul for sauene i området. Veldig kjekt at det framleis går ein del sauer her. Tjerna spegla seg i sola med Fossedalshengenipa i bakgrunnen i nordvest. Idyllisk! 

Svartetjerne sør av Fossedalshengenipa

Ved utløpet av Svartetjerna med Fossedalshengenipa bak

Ruta vidare sørover går over kloppa i sørenden av Krokavatnet. Her kryssar den gamle ferdselsåra dagens DNT-løype mellom Nipebu og Massbu.


Kloppa over sørdenden på Krokavatnet

Ved elva ned mot Fossedalsvatnet var det utruleg med blåbær. Eg vart nesten overraska, for det har vore mindre blåbær i år enn kva eg kan hugse frå tidlegare. (Iallefall frå i fjor...:-)) Bæra var gedigne. Nesten som småplommer å rekne! Eg la meg sjølvsagt på hovudet ned i lyngen og glefste i meg...

Nokre meter lenger framme dukka sela i Øvre Fossedalen opp. Perfekt innramma av Kringla, nord og sør. Kringla har ei heilt anna form her i frå enn dei fleste er vane med. Som eit spir står den søndre Kringla stolt mot sky, med Fossedalsvatnet liggande nord/sør i vest ned under.

Øvre Fossedalen med N&S Kringla bak

Tilbakesyn mot Øvre Fossedalen med Eitrenipa bak
(Fast fotoplass...:-))

Øvre Fossedalen er ei perle. Og har høg kulturhistorisk verdi... Det er viktig at sela blir tekne vare på for framtida...

Ein ting som eg alltid har tenkt på når eg vandrar langs Fossedalsvatnet, er at eg aldri får lyst til å springe. Det er som om omgjevnaden gir bod om å ta livet med ro. Her ligg ei kjensle av å vandre i gamle slekters spor. Det er som om du kjenner at dei ser på deg bak steinar og i tre, og føl med at du steller fint med det dei gav frå seg. Så spørst det om vi kan gjere det same... 

Det er som om trea snakkar ved Fossedalsvatnet...

Eg lukta brått saueskit. Og jammen fann eg fara etter dei òg. Ein liten flokk. Og litt lenger framme ved vatnet fekk eg auge på dei. 7 stk med rake peiling på Nedre Fossedalen. Eg hadde dei føre meg resten av vegen til vassenden der dei stakk vidare ned. Eg sjølv hadde bestemt meg for lenge sidan for ein pause her. Eg brukar alltid å ta ein reflekssjons-halvtime her ved elva, som renn så fint over svaberga og fossar utfor stupet og ned i Nedre Fossedalen. Fantastisk fint her. 

Elva frå Fossedalsvatnet

Frå stien ned i Nedre ser eg det er folk på den gamle fjellgarden. Og dreg fort kjensel på bakhovudet til Odd F. Kjend frå tida mi i Fossedalens Vener og Fossedalens Dag. "Kjem du denna vegen", blir eg møtt med. Kjekt gjensyn. Så får eg òg helse på Alma som kjem ut. I finvèret får vi oss ein god prat. Det endar opp med at eg og broderen skal hjelpe Odd med å få båten i Fossevika inn i naustet. Så Odd pilar til fjords, medan eg tek nokre bilder. Stikk nedom lonane, og som snarast bortom ved Elraki. 

Hyggeleg gjensyn med familein Odd F. i Nedre Fossedalen

Kjekt å sjå sauer i Nedre Fossedalen

Broderen kom som avtalt, og båten til Odd fekk vi i hus for vinteren. For sommaren er over for deira del. Det er føreståande Bergens-tur igjen til helga. Så gjekk turen over fjorden til Dale. Dusj, middag og kakeselskap og hyggeleg samvere med familien min der. Og på ferja heim traff vi Gunhild og Roy med ungane.... Men alt det er ei anna historie...  

Broderen skyssar meg over Dalsfjorden

Gunhild med ungane på ferja Dale - Eikenes

Pause ved Fossedalsfossen

lørdag 28. august 2010

To turar - to fjell

Fargane endrar seg i fjellet no. Her frå Smørskornova i ettermiddag.
Vi ser mot Rivedal, Straumsnes og Dalsfjorden.

Det silregna i Skjerlia i dag tidleg. Og det var faktisk ikkje meir enn 9 grader i Stongfjorden då eg reiste der i frå. Hustrig med andre ord. Eg hadde vaska opp utekleda mine, og sett dei inn med ny impregnering, så regnet prella berre av jakka og buksa. Det er eit godt stimuli det når vèret er litt ryskje. I tilegg til at det regna, var det særs blautt og gjørmete i stien. Godt med plankane over myra då. Eg hadde teke på meg dei nye Scarpa Ladakh skorna der eg hadde lagt på to lag impregnering, og det gjorde susen. Skorna var knusktørre då eg kom heim igjen. Veldig bra! 

Toppa fint ut der oppe etter ein times tid. Skodda kom og gjekk oppe på toppen, men då eg returnerte stakk forsyne meg sola gjennom sky- og skoddelaget, og eg heiv like godt av meg alt på overkroppen. Litt obs må ein vere ned skråberga då det er så gjennomvått som no. 

Då eg kom heim igjen gjekk Olaug med Anne på Siktanuten. Eg var svolten og laga meg nokre blingsar i tilegg til eit par krus kaffi. Slappa av med dagens Firda ei stund, før eg køyrde til Rivedal og tok Smørskornova òg. 

No var vèret endå betre. Litt sol inn i mellom og lite vind, så eg gjekk opp i berre kortbuksa. Same vegen som i går kveld. 

I dag vart eg nærast omringa av sauer med gult merke oppe i lia under toppen. Det er her desse sauene har gått i heile sommer. Og etter å ha vore opp på toppen, og på veg ned igjen, var det tydeleg at dei hadde mest lyst å vere med meg til bygds. Kanskje dei kjenner det på seg at tida snart er her? Eit par stykke av dei måtte eg nærast springe i frå då dei ville vere med meg ned igjen. Lenger nede, og spesielt på hi sida av elva nedom demma, står det no ein heil flokk og trykkjer på grinda og vil heim òg.... (Det er sikkert heimebøen og mjøl som freistar...) Og nedom Hundeheia går det òg mange som har trekt ned frå fjellet. No er det vel sanking neste helg, så det er greitt å sleppe og springe så langt etter dei. 

To flotte turar var då i boks. I kveld må det til litt ekstra næring...:-)


Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova 280810

fredag 27. august 2010

Frisk kveld

Motiv frå Blåegga 15/8.
Vi ser Synste Stauren oppe t.v.

Eg ville berre late att auga 5 minutt på sofaen etter jobb. Vel dette vart til ein time. Og for å komme til hektene igjen etterpå åt eg opp ei øskje med rosiner. Det gjorde susen. For kvarteret etterpå var eg på veg til Rivedal, sjølv om eg egentleg hadde slege tur frå meg då eg såg kva klokka var. 

Vel, så vart det Smørskornova i kveld òg då. Og nok ein kveld i berre kortbuksa, men det var på grensa. Sola var gått ned, og trekken i frå nord gjorde at eg måtte opp under maks fart oppover for å halde varmen. Ja, eg hadde med meg ein fleece, og den var god å dra på seg på toppen. Betre det enn at den vart sveitt oppover... og kald der oppe! Og så vart det  full fart ned igjen.  Ingen hadde vore oppom posten sidan eg var der i forgårs...

Jammen mørkar det om kveldane. Greitt å ha det i bakhovudet neste månaden....

Samme spor

Frå sørvestsida av Blega ser vi Litlehesten og Storehesten.
Vi ser store parti av trassèen opp frå Berge i Bygstad, gjennom skaret ved Marifjell t.h. og mot venstre bildekant. Denne ruta er spesielt fin som skitur om våren.
Foto 15/8

Hvis nokon lurer på om eg har lege på sofaen dei to siste kveldane, så er ikkje det tilfelle. Men eg har i grunn sett att skoavtrykka mine frå turane før, så det har ikkje vore noko å skrive heim om. Vi får sjå kva som byr seg til helga. Vèret ser skiftande ut, men er temperaturen bra og det er lite vind, er det vel framleis tid for litt gjørmebad i halvnaken tilstand. Så lenge ein ikkje tygg gjørma går det heilt fint.

Eg kjem sterkare tilbake med nye turrapportar.


tirsdag 24. august 2010

Gjørmebad

Foto frå Siktanuten 11/8.
Vi ser Stavenesodden fremst og Kinn og Store Batalden med hette på...

Eg køyrde Peter på fotballtrening etter arbeid i dag og fekk kombinere dette med ein kjapp fjelltur på Siktanuten. Ved å fuske eit kvarter gjekk dette akkurat. Eg sprang opp i berre kortbuksa og joggesko og gav blanke i gjørme, væte og nokre regndråpar. Det var nemleg vindstille. Det er vinden som kjøler. 

I firsprang ned igjen traff eg på Vebjørn A og dottera som var avstad og såg etter sauene. Eg slo av nokre ord med bankkollegaen nett nedom Bjørndalen. 

Ein god kveld dette der forma kjendest upåklageleg.... Og der eg godt kunne tenkt meg eit fjell til...:-)  

mandag 23. august 2010

Endå litt sommar

Flott på Smørskornova i kveld. 
På nedste bildet ser vi inn Flekkefjorden og mot Leite og Tysse. 
Rivedalskletten i framgrunnen.

Eg gjekk opp igjen same turen på Smørskornova etter arbeid i dag som på lørdag. Berre at i ettermiddag var det fantastisk vèr. Shortsvèr. Fint for fart. Så eg fekk meg ein kjempetur opp, og ein god springmarsj ned igjen. Som vanleg kan eg vel nesten seie. Elles er det vel egentleg ikkje så mykje å seie. Ingen overraskingar, ingen fall,  ingen mennesker og ingen dyr. Stilt og fredeleg...

søndag 22. august 2010

Himmelens sluser

Agnar på veg til Nipebu i dag

Bilen til Agnar stod i Skjerlia i dag tidleg då eg kom opp for å gå på Fossedalshengenipa. Og fyren hadde ikkje gitt beskjed. Men etter nokre meter såg eg at spora var ferske og frå i dag. For i det regnvèret som var i natt og i dag tidleg, ville alle spor frå tidlegare vore utviska. Så eg gjekk på han oppe på myra, der han gjorde ferdig siste finpussen på plankestien. Det passa visst bra med tidspunktet eg kom, slik at eg fekk hjelpt til med å flytte på eit par av plankesetta. For dei trykkimpregnerte plankane er frykteleg tunge, og iallefall når to og to på fleirfoldige meter er spikra i lag.... (Prøv den som vil). Det er eit kjempearbeid som er utført over myra ved Grunnevatnet. Og dette er først og fremst Agnar si forteneste...!

Agnar skulle vidare til Nipebu for tilsyn av hytta. Mellom anna var nøkkelen til hytta broten av inne i sjølv låsen på døra. For meg høyrest det ut som låsbytte. Vi får høyre seinare korleis det gjekk. 

Eg tråva så vidare opp den vanlege ruta til Fossedalshengenipa, medan han heldt fram med finpussen. 

Det var veldig vått. Det fossa vatn overalt. Og berga var sleipe. Men det gjekk radig oppover for det. Då eg så kom over kanten mot vest oppe under sjølve toppen, kom vinden kraftig inn frå vest. Skodda segla forbi i vanvittig fart. Eg hadde lite klede på meg, så eg kom meg i skjul bak varden, fekk knipsa nokre bilder ut i skoddehavet, og sprang så ned igjen same vegen og over kanten mot aust. Her var det mykje stillare. Eg heldt likevel godt fart ned svaberga, og gjekk på Agnar nett nedanfor ura, då han hadde gjort seg ferdig med snikkeringa og skulle vidare. Det begynte å regne noko grådig då vi stod der, så vi skilde lag etter nokre minuttar og gjekk i kvar vår retning. 

Stor var overraskinga mi etter nokre minuttar då eg gjekk på Olaug og Sissel òg nede i bakkane. Eg hadde lagt igjen mobilen heime, så eg visste ikkje at dei ville gå denne turen. Men det vart berre hei og hada nesten, slik at dei fekk halde fram opp, og eg komme meg heim igjen i dusjen.

Skikkeleg vått vart dette i dag, men det gjer no ingenting - det viktigaste er å komme seg ut og i aktivitet....


Fra Fossedalshengenipa 220810
Sterk vind på Fossedalshenenipa i dag

lørdag 21. august 2010

No kjem hausten

Sola stikk gjennom skylaget over Kringla og Heileberget i aust.
Foto frå Smørskornova i dag 21/8

Hausten sig fort på oppe i fjellet no. Dag for dag. Og berre på nokre få dagar denne veka, er det blitt klårt gulare og meir raudlèten vegetasjon å sjå. Når i tillegg skodda heng ned i fjella og elvane fløymer over som i dag tidleg, forsterkar det berre kjensla av haustleg melankoli. Ei årstid er over, naturen går til ro... Frå liv til daude og skal atter gjenoppstå...

Eg var såleis i Rivedal før klokka 8 i dag tidleg, og gjekk opp grusvegen til demma av kraftverket. Som vanleg. Det strøymde friskt vatn ned elva frå dalen ovanfor. Tydeleg det hadde regna godt i natt. Dei same sauene som har gått ovanfor grinda og ved demningen, gjekk der i dag òg. Heilt tamme. Og tydeleg at dei mest har lyst heim... 

Nordover myra var det søkk vått. Likeeins opp dei første bakkane til skaret. Det krev sin mann å gå myrar i motabakke. Men vèret det letta faktisk. Skodda forsvann, og det vart litt blått å sjå der oppe. Vinden derimot friskna stadig til, og i siste skaret opp og på toppen bles det faktisk ganske godt. Sola skein fint gjennom skylaget mot fjella i aust. Eg fekk namnet i boka og knipsa nokre foto, før eg tok ned same vegen. 

Turen ned vart faktisk litt texas. Lenge sidan eg har falle så grundig. Og det to gonger. Typisk når ein blir litt fråverande og ikkje føl terrenget godt nok, så snublar ein. Eine gongen datt eg opp i ein einerkave i eit rundkast, og lenger nede snòva eg i eigne bein og fauk eit par tre meter gjennom lufta og landa med fjeset først ned i våte mosen.... Ikkje verste plassen ein kunne stikke nasa bort i då, så eg måtte no berre fline av heile seansen...etterpå...når alle lemmer var intakt...! Men hadde det lege stein der, hadde eg nok sett ille ut...

Asbjørn D var på plass ved eine grinda nedom parkeringsplassen  og fungerte som grindagut. Så vi slo av ein prat. Hyggjeleg det. 

Så gjekk turen til Askvoll og på Siktanuten. Framleis ganske så flott vèr, men ikkje same termeraturen som tidlegare i veka. Og sjølvsagt var det veldig vått her òg. Eg traff ingen på mi vandring her. Og kom meg raskt opp og ned utan så mykje å skrive heim om. Fin tur iallefall....og no var eg nøgd for dagen...

Fra Smørskornova_Siktanuten 210810

onsdag 18. august 2010

Havutsikt i lyngen

Fin kveld på Fanafjellet

Eg tok meg eit renn opp bakkane frå Stafsnes etter jobb i dag. Nydeleg opp gjennom. Men sola forsvann oppe nær toppen. Likevel var det ikkje kaldt, berre iført kortbukse. Supre kveldar dette. No kan ein ikkje klage over vèret. Eg synest i grunn at temperaturen er det viktigaste. Om sola skin eller ei får no stå si prøve. 

Eg tok ein liten snutt oppe i lyngen. Litt vest for sjølve posten der det er best havutsikt. Mot toppen av Alden, Staveneset og til Florøkanten. Eg har så mykje bilder her frå no at ein snutt kan vel vere like greitt. Det minkar forresten på turane mine hit. Etter målsettinga eg sette meg for moro skuld i oktober i fjor manglar eg berre to turar. Eg får gøyme dei til slutten av september eller noko slikt...


mandag 16. august 2010

Dagen derpå

Foto ved Leknesvatna i går

Etter å ha fått eit lass med knusktørr bjørkeved i hus, var det godt å få seg ein rask tur på Siktanuten. Eg var litt tung i føtene etter turen i går, men det kom seg når eg fekk springe ned igjen. Sjølv om det skya over, var temperaturen perfekt for ein "shorts-tur". Måtte berre det vare.... Vi får håpe på ein Indian Summer. Ingenting er betre enn det. Dette kortar hausten mykje...