onsdag 20. januar 2010

Det gjorde godt...

Haustbilde frå Toreheia 10/11-09 rett etter solnedgong Etter 3 - tre - dagar meir eller mindre på rumpa, kjendest føtene i ettermiddag ut som eg trur kalvane sine gjer om våren. Litt skjelvande og "skreik etter" å røre på seg. "Hopp og sprett og tjo og hei..." Men kunne jo ikkje øsa ut alt på ein gong. Det gjekk lett oppover på Toreheia. Men skiforholda er ikkje dei beste lenger. Mange plassar er det veldig lite snø. Mykje steinar og lyng stikk opp. Og no er det endå verre enn før å renne. Eg tryna fleire gonger etter å ha køyrt skituppane inn i tuer og skavlar. Akrobatikken gjennom lufta seier jo seg sjølv etter slike bråstopp! Trur kanskje trugane er å føretrekkje neste gong eg skal oppover. Eller vanlege fjellsko. For snøen har pakka seg godt i hop der han ligg etter mildvèret. Men det kjekkaste hadde vore litt meir snø... Det var elles ein frisk austatrekk midt i mot mesteparten av vegen opp. Det svei godt i kjakane... Men det er fantastisk kor det har lysna om ettermiddagen siste månaden. Ved hjelp av ein liten sigd av ein nymåne, var det lys til forbi Krikavatnet i kveld. Men her i frå og opp måtte hovudlykta fram. Snart er det februar...! Alt går rette vegen med lyset...

lørdag 16. januar 2010

Friskt rundt øyra

Utsikt mot Dalsfjorden og Flekkefjorden frå Smørskornova i dag tidleg Hadde vel ikkje verdas best start på turen i dag, då eg med fruen i bilen køyrde meg fast i ei snøfonn utanfor kraftstasjonen i Oslandsbotnen. Eg hadde allereie brukt bilen som plog gjennom nokre av fonnene bortetter vegen til Botnen frå hovdvegen, men den siste framfor stasjonen førte til bom stopp! Olaug var berre med for å ta bilen ned i gjen, og var ikkje kledd for uteliv. Så eg måtte berre bite i det sure eplet, og grave fram snø frå under bilen åleine. Peter venta heime, rennefòket stod rundt øyra, og det var framleis ikkje heilt lyst! Ja, ja godt med litt action i kvardagen... Fekk no omsider laus bilen. Det tok vel kvarteret. Men eg ville sjølvsagt framleis gå. Noko Olaug meinte var galskap, der rennefòket stod som eit brureslør rundt hovudet på ho...:-) Og eg tok så oppover Brekka til Botnastølen. Sjølv om skaret opp frå stølen til Svelivatnet var tungt i djupsnøen som hadde samla seg, gjekk det likevel rimeleg greitt. Her er det litt livd for søraustvinden. Men den fekk eg til fulle igjen oppe på kanten ved vatnet. Det viste seg å vere mykje nedtappa sidan eg var her 2/1. Svære isflak låg langs land. Reine kaoset. Så slik det såg ut i dag, tok eg ikkje sjansen på å gå sørvest over vatna. Men sjølv om eg måtte ha av meg skia ved demninga, gjekk det fint og raskt opp i Svelia. Skaret opp frå dalen til Smørskornova gjekk derimot seigt. Det er bratt opp her. I tillegg låg snøen som mjøl oppatt på ei hard yte, noko som gjorde at kvart skråtak med skia oppover, førte til at eg sklei halve steget tilbake... I brattaste partiet på toppen følte eg meg ikkje heilt trygg for å segle endå lenger nedover...! Men opp kom eg meg. På sjølve oppstigninga på Smørskornova måtte eg ha av meg skia til å begynne med. Her er det ein hammar som ikkje er heilt god å ta seg opp med ski på føtene. Slik snøen ligg no. Men nokre meter lenger oppe, på nordvest sida, var det på igjen med skia, og då var det ikkje så lange biten igjen til topps. På toppen tok vinden godt sjølvsagt. Rennefòket og snøen stakk som nåler i fjeset. Men eg fekk teke nokre bilder med vinden i ryggen, før eg rennde ned igjen på sørvestsida som sist. Faktisk viste spora mine frå 14 dagar sidan mange plassar på ruta vestover Langevatnet og Siklabergvatna. Her var det nesten heilt stilt utover på grunn av fjellformasjonane. Så det gjekk raskt og greitt vestover. Faktisk veldig fint, sjølv om sola var lite tak i og mykje av dette partiet er skuggelagt. Vinden fekk eg likevel til fulle igjen ved Mannsskaret og vest mot Fanafjellet. Det bles så det ylte rundt øyra. For vinden kjem som ut frå ei trakt her oppe, med Moldura i vest og Bakkefjellet og Blåfjellet i aust som vegger på kvar side. Gòvet av snøen og vinden stod som eit piskande og evigvarande slør rundt kroppen. Og i verste kasta hadde eg problem med balansen. Men eg beit tennene i hop og kom meg til slutt opp på Fanafjellet. Her bles det noko infernalsk. Så eg kom meg raskt vidare nordvestover med retning Stafsnes. Heldigvis fekk eg vinden i ryggen no. I tillegg spakna han rimeleg fort av, så det meste var over. Nestigninga til Stafsnes gjekk ganske greitt. I djupsnøen og gjennom bjørkeskogen er det jo grenser for korleis ein kan renne. Så eg tok det heilt piano nedover. Jepp, då var lørdagsturen over. Flott, luftig og friskt får eg seie.
Fra Smørskornova_Fanafjellet 160110

torsdag 14. januar 2010

Stjerner og rennefòk

Soloppgang på Fossedalshengenipa 9/1 Sidan det var meldt meir vind i morgon, gjekk eg like godt opp igjen på Toreheia i kveld òg. Det var stjerneklårt som i går, men no var søraustvinden begynt å ta godt oppe i fjellet. Så godt at rennefòket til tider sto rundt øyra. Spesielt ovanfor Krikavatnet og mot topen tek denne vindretningen veldig godt. Dette gjer at ein får vèret og drevet midt i fleisen på veg opp. Bakkane er i tillegg ganske så bratte frå før av. Så noko lettare blir det ikkje av dette. Men pytt, det var no slett ikkje så gale i kveld. Det har visst vore verre før....:-) Elles er det veldig godt med skitreninga i det siste. Føler meg mykje tryggare no. Og renn mykje friare. Ja, det var faktisk moro ned igjen i dag. Trass i berre lyset frå hovudlykta. Så dette teiknar bra. No får vi berre håpe at vi framleis kan behalde litt skikkeleg vinter, og ikkje får synnavèr med regn igjen. Det ville vere trasig!

onsdag 13. januar 2010

Ein smak av føn

Foto frå Fossedalshengenipa 10/1 I dag var overskotet og lysta på fjelltur tilbake. Eg går aldri når eg ikkje er opplagd til det. No kan ein vel seie at di meir ein går di meir opplagd blir ein. Det er rett trur eg. Men ingen regel utan unntak. Turane lørdag og søndag sat nok litt i trass alt. Og noko kvile gjer berre godt... Så eg tok opp på Toreheia etter arbeid. Med ski og hovudlykt. Det var ein heilt annan temperatur i dag enn det har vore på lenge. Vinden var nesten fønaktig der oppe. Og det såg faktisk ut som snøen hadde minka på bergnakkane, der det var blese av frå før! Iallefall var det mykje stein og lyng som stakk opp, nærast overalt. Så eg måtte absolutt vise litt varsemd ned igjen så ikkje fellene gjekk til pisis atter ein gong. Stålkantane har jo heller ikkje særleg godt av stein! Men elles vart det ein veldig flott tur både opp og ned under ein praktfull stjernehimmel... Herleg!

søndag 10. januar 2010

Once more with feeling

Agnar på veg oppover mot Nipebu i dag tidleg Fossedalshengenipa i dag - igjen...:-) Eg var i grunn mest innstilt på å gå same turen frå Oslandsbotnen i dag som forrige helg, men sidan Agnar ville gå på Nipebu, slo eg følgje. Så eg møtte han i Skjerlia klokka 8.30, og saman gjekk vi oppover. Agnar hadde smurt skia, medan eg gjekk på feller. Det siste var nok det luraste. For eg sat som spikra fast i bakkane i det kuperte terrenget oppover. Kompisen sleit vel litt meir. No var ikkje Agnar tenkt å gå på Fossedalshengenipa. Så ved Krokavatnet gjekk eg i førevegen, medan han gjekk vidare til Nipebu og fyrte i ovnen. Eg gjekk den same ruta vidare opp som i går. Å kome på toppen av Fossedalshengenipa, kjem du berre på ein måte. Du kan sjølvsagt kome gjennom Fossedalen frå sør (frå Skjerlia kjem du frå nord), men sjølve oppstigninga på skråberga, er den same. Eg fekk første sola for dagen i ansiktet i starten på den bratte stigninga. Dei snødekte bakkane, steinane og graset som stakk opp, vart gullgylte i lèten. Fantastisk fint! Morgonstund har gull i munn! Første solstrålane for dagen i starten på siste oppstigninga på Fossedalshengenipa... Berga opp gjekk heilt topp. Kjekt å kjenne at kroppen fungerer når du tek i litt. Piece of cake å toppe ut i ein køyr... Det var litt vind på toppen i dag òg. Omlag som i går. Men det virka mildare. Og så var eg ein halvtime seinare enn i går. Det var nydeleg i januarsola. Men eg skifta likevel på meg nokre tørre klede. Så var det tid for å knipse nokre bilder, pluss ein videosnutt. I det eg heldt på med dette, såg eg Agnar komme fram til Nipebu. Ein svart flekk som bevega seg i siste bakken opp ved utedoen. Artig! Eg rennde så ned igjen frå toppen, og tok opp ruta nord om Fossedalshengenipa til Nipebu. Ankomst Nipebu i dag. Hytta t.h. Nesten framme ved Hytta gjekk eg gjennom noko sørpe på vatnet. Eg såg Agnar hadde gjort det same, så eg prøvde å gå utanom, men det gjekk ikkje vel for det. Skia og fellene vart våte, og isa med ein gong. Siste biten bort til hytta gjekk eg berre på nokre isstokkar. Det rauk frå pipa på hytta då eg kom fram. Agnar hadde fått god fyr i ovnen. Men termometeret viste framleis 10 grader minus inne. Og det tok si tid å få gradestokken opp på plusssida ... Eg tok skia i hus, og fekk vekk mesteparten av isen, og tina resten. Det gjorde godt med nokre skiver og varm solbærtoddy. Sjølv om det var kaldt inne, var det herleg å sitte framfor ovnen og slå av ein prat. Ein passiar med Agnar på Nipebu i dag... Ei god stund seinare, etter at vi hadde fått temperaturen nokolunde opp i hytta, la Agnar seg likegodt til å kvile. Sidan eg var vekke fleire timar i går, fann eg heller ut at eg skulle sjå heim att til middag. Så eg gjorde meg klar, og sa farvel til Agnar i denne omgang. Eg tok ein ganske så lang omveg på vatnet, frå der vi gjekk gjennom i sørpa i stad. Det hjelpte diverre lite. Eg trakka gjennom, og alt skiutstyr vart til is - igjen. Helleveien! (Eg brukte verre ord der oppe...) Eg banka og slå på isen under fellane. Men det var som å skvette vatn på gåsa - for å bruke det uttrykket. I enden av Langevatnet, på veg opp i Nipevatnet, greidde eg endeleg å få av meg skia, og med ein del møye klarte eg å få av fellane. No var skia så blanke som ei barnerumpe under. Og null feste! Men dei gjekk som eit olja lyn kan du skjøne. Så Nipevatnet gjekk fort. Eg stava heile vatnet til endes på kort tid. Verre gjekk det sjølvsagt i bakkane opp frå vatnet til nedstigninga nord om Fossedalshengenipa. Det var eit slit. Men herifrå og ned var det heldigvis mykje unnabakke.... med fare for liv og helse...:-) Eg fekk problem igjen nede i ura. Skia var som spikra i skiskoa. Alt var is. Eg sladda meg difor ned det bratte skråberget, og kom meg inn igjen på sporet nedom ura. Hah - det gjekk som smurt. Reine risikosporten...:-) Verre vart det ned hammaren ovanfor Markavatnet. Skia var håplause å få av skoa. Til slutt tok eg rett og slett av meg skoa på bindingane, og gjekk laus med all kraft med vrikking og vriing. Og jammen fekk eg skoen laus til slutt. Så det same med den andre. Den hadde eg nesten gitt opp då eg fekk han av! Eg var gjennomsveitt og letta. Men siste stykket rundt vatnet og til bilen gjekk eg til fots - og heldigvis ikkje på sokkelestane...:-) Ein utruleg flott tur med innlagd action var til endes. Ei god erfaring rikare i alle kuldegradene. Når alt frys til is er det ikkje lett. Anten det er vatn eller skiutstyr! Likeeins er det vel med oss menneske...
Fra Fossedalshengenipa 100110

lørdag 9. januar 2010

Frisk skitur

Soloppgang på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Gradestokken vist 12 minus heime på Yndestad i dag tidleg i 7.30 tida. Eg var klar for skitur på Fossedalshengenipa. Det var kaldt. Men ikkje for kaldt. Eg køyrde difor i Skjerlia, og var oppe omlag då det var nok lys til å gå. Litt etter kl 08. Det var kjekt å oppdage at det var skispor oppover. Eg kryssa fingrane for at dei gjekk lengst mogeleg. For det var ein del laussnø og måtte trakke i utanom spora. Skispora tok diverre brått slutt rett før ura nedom Krokavatnet. Snøen låg til gagns her. No som sist eg var oppe. Men opp ura er det ikkje mogeleg å gå på ski uansett. Så dei tok eg av, og bakse meg opp gjennom laussnøen. Somme stadar gjekk han til livet på meg. Og på jamna opp på låra. Heldigvis er dette partiet av ruta ganske kort. Så rett ovanfor alle steinane, der berga hallar og det brukar å vere glatt, var det nesten ikkje snø igjen. Alt var blese av, utanom nede i slukta der elva renn. Men det passa heilt supert. Då unngjekk eg isen som spegla berga, og tok opp den vegen. Turen vidare oppover gjekk forbausande bra. Noko laussnø, men mest var det ganske hardt. Heile vegen opp dei bratte berga til toppen. Men derimot tok søraust-trekken ganske godt her oppe i dag tidleg. I tillegg til alle kuldegradene, gjorde dette det beinkaldt. Så sjølv om januarsola kraup opp over fjella sør om Dalsfjorden, og gav meg ein psykisk opptur, var det berre å komme seg i skjul for vinden, og få bytta kleda på overkroppen. Etter nokre fotoknips bar det ned igjen under toppen, der det er ein vindstille plass som er god å skjule seg bak når ein skal strippe i kulden...:-) Eg rennde deretter ned toppartiet. Og gjekk så vidare opp nord om fjellet, og sørvestover, først over Nipevatnet og deretter Langevatnet, til Nipebu. Eg tok ein kikk innom og sjekka at alt såg ok ut. Det var nokre veker sidan det hadde vore folk. Og temperaturen i hytta var vel omlag som den som var ute... Det var ikkje nokon grunn til å fyre opp i ovnen, for i dag ville eg heim igjen. Så etter å ha kikka litt rundt omkring både her og der, i hundehuset og utedoen, og skrive meg inn i protokollen, gjekk eg tilbake same vegen eg kom. Returen til Markavatnet er vel ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk heilt fint å renne ned igjen. Sjølvsagt med vit i det kuperte og steinete terrenget. Eg var vel nede ved bilen igjen rett etter kl 13.30. Dette var absolutt ein fin og vinterleg fjellskitur. Klart det er kaldt om dagen. Men med rette kleda er det ikkje noko problem. Som sagt før, er bøygen å halde seg varm i skiskoa og på tærne. I dag hadde eg smurt inn føtene med noko feit krem på førehand. Trur det hjelpte bra... Eg forfraus meg iallefall ikkje, sjølv om det beit godt i tærne somme tider...
Fra Fossedalshengenipa 090110

torsdag 7. januar 2010

Mot stjernene

Frå Toreheia 717 moh kl 19 i kveld Det var 11 minusgrader då eg kom heim frå arbeid i dag. Strålande vèr. Eg pakka difor nokre gode klede i sekken, kledde meg sjølv og la i veg oppover på Toreheia på ski. Og for ein flott tur. Gnistrande føre, glitrande snøkrystallar, funklande stjernehimmel og heilt vindstille! Stavane spraka av den tørre og samanpakka, kalde snøen. Det kunne ikkje blitt finare. Eg gjekk med feller, så om snøen var trå gjorde det ingen ting. Til og med på toppen var det dammande stilt. Så om det sikkert var 15-16 minusgrader, så kjendest det ikkje så gale ut sidan vinden uteblei. Sjølvsagt merka eg det når eg vrei av meg alle kleda på overkroppen og skifta til nye og tørre, men då var eg så varm at det gjorde ingen ting. Kleda rauk som frå ein varm hest i kulden...:-) Ned igjen tok eg det ganske så med ro som hin dagen. Ikkje lett å renne i lyset frå hovudlykta på skiftande føre. Og mange plassar er det både steinar og lyng som stikk opp av snøen, der denne har blese av. Men eg kom meg heilskinna ned igjen i kveld òg:-) Eg har merka at Olaug har vore litt meir skeptisk på desse kveldsturane mine på ski på fjellet no når det er så kaldt. Men det går heilt fint berre ein tek det med ro og ikkje bryt seg sund. For du skal ikkje liggje så lenge skada der oppe no før det kan bli alvor. Elles er det ingen problem med kulden. Faktisk berre friskt og godt, berre ein har med seg rette kleda.

tirsdag 5. januar 2010

Kulde på Toreheia

Vill i blikket frå blitzlyset på toppen av Toreheia i kveld...:-) Det var ein sur austavind i Stongfjorden då eg kom heim frå arbeid i stad. I tillegg til nokre kuldegrader i lufta, var det rimeleg kaldt. Eg bestemte meg likevel for å ta oppover på Toreheia med hovudlykt og fjellski. Det var første turen i år med den kombinasjonen av utstyr. Ei blanda erfaring kan eg vel seie. No er det ikkje heilt enkelt å renne når snøen skiftar frå skavlar, skare, fokksnø og til laussnø i same bakkane. Endå verre er det sjølvsagt å skulle vurdere snøen i lyset frå hovudlykta i fart. Så eg må innrømme at det gjekk litt på halv åtte ned igjen. Men å ta sjansen på nokre stunt der oppe i kveld, i mørkna og isande kulde, var rett og slett uforsvarleg. Så eg tok det heilt piano. På sjølve toppen var det bitande kaldt i austavinden. Toreheia ligg egentleg veldig eksponert til for vèret frå alle himmelretningar. Men i kveld var det ganske spesielt. Nevane vart nærast til is på nokre sekundar. Og jammen tok det ei stund før eg fekk kjensla igjen. Det vart umogeleg å fotografere. Og eg måtte berre komme meg i bevegelse og nedatt der i frå. Vel nede igjen på Krikavatnet var endeleg nevane begynt å "tine opp". Elles fungerte kleda heilt utmerka. Ingen problem med kulden elles. Eg kjøpte meg ein ny Devold Expedition Ullongs i dag. Den var heilt super. Varm og behageleg. Elles brukte eg Vaselin på BC-bindingane. Problemet med ising som eg hadde hin dagen, var ei saga blott i kveld...! Ei grei erfaring rikare. Ei vinterleg turoppleving kan eg vel trygt kalle dette...:-)

lørdag 2. januar 2010

Magisk start på det nye året

Kaldt, stilt og fint på Smørskornova i dag tidleg Eg køyrde opp i Oslandsbotnen i dag tidleg noko før kl 09, og ville gå på ski på Smørskornova og vest til Fanafjellet med retur på Stavsnes i Stongfjorden. Det var nettopp lysna av dag. og oppe i Botnen svei den kalde austatrekken som knivar i ansiktet. Det var vel ein 10-12 minusgrader kan eg tenkje meg. Skikkeleg friskt med andre ord. Det gjekk fint opp Brekka. Tek alltid nokre minuttar før ein kjenner at kroppen kjem i siget. Eg måtte dekke til fjeset oppe i bakkane. Det var bitande kaldt. Austavinden hadde blese stien rein for snø på toppen. Men det låg nokre skikkelege fonner i lè av nokre steinar. I skaret opp frå Botnastølen til Svelivatna, låg snøen derimot i tjukke lag. Første delen var noko tung. Men det kom seg mot toppen. Den raude morgonsola farga sørsida av Skålefjellet i rosa morgondrakt. Fantastisk flott! For ein vinterdag. Gnistrande snøføre og frisk kulde. Skålefjellet i rosa morgondrakt og månen er med... Svelivatna er regulerte. Men etter tjukna på isen som låg oppe på land, tok eg likevel sjansen på å gå inne vatna. Litt å spare på dette i forhold til å klive langs land og over demma midt på første vatnet. Over det smale partiet som deler vatna, var det derimot sørpe under snøen. Vart litt usikker på dei greiene, men heldt likevel fram inn heile vatnet utan problem. Det bratte skaret opp frå det vestre Svelivatnet mot Smørskornova var tung. Djup snø somme plassar, men mot toppen var snøen blitt ganske hard av vinden. I det brattaste og hardaste partiet fann eg ut at det var liten vits å sjå seg ned igjen. Opp måtte eg... I første delen på oppstigninga av sjølve fjellet litt lenger oppe måtte eg av med skia. Snøen rakk meg til livet, og eg hadde faktisk problem med å forsere første nakken. Men etter litt kaving gjekk det greitt. Flott syn på toppen av Smørskornova i dag tidleg... På toppen fekk eg dei første solstrålane for dagen i fjeset. Opptur. Psykisk stimuli. Og etter at eg fekk bytta klede var Adam i paradis. Nydeleg. Gnistrande vinter og nyttår. Det kunne jo ikkje bli betre. Eg måtte berre lage ein snutt på kameraet i tillegg til bilda. Etter å ha filma litt, rennde eg ned igjen på sørvest sida av fjellet og ned på Langevatnet. Hekkelfjellet låg drapert i vare rosa januarstrålar. Og T-en "min" der oppe i synsranda skein velkomen. Eg var på heimebane. I det flottaste skiterreng ein kunne tenkje seg. Heilt ute ved kysten. Fantastisk. Det var ein dag ein kunne ta med seg til dei evige jaktmarker... Eg rennde vidare ned på Siklabergvatna som låg i skugge, gjekk over vatna og heldt fram opp under Svarthamrane. Her opnar landskapet seg mot sør igjen og Holmedal og Holmedalsfjella dukkar opp. Likeeins Dalsfjorden. Sola spegla Blåfjellet og Blåfjellsåta i gull. Blåfjellet, Blåfjellsåta og Holmedal bada i januarsol... Rett vest om Mannskaret er det to vegar ein kan velje vidare utover til Fanafjellet. Over høgste hamrane med utsikt til Stongfjorden. Eller rett sør om, med utsikt til Dalsfjorden. I dag valde eg sistnemnde. Stien føl nærast ei hylle under toppen på fjellet. Men i dag låg her så mykje snø at stien halla ganske så bratt rett ned. Her valde eg difor å ta av meg skia for ikkje å risikere noko. Følte meg litt tryggare då. Men det gjekk heilt fint. Det som ikkje gjekk så fint var at BC-bindingen fraus til etterpå slik at eg ikkje fekk fast skoen. Men litt kluring og til slutt litt frisk og varm ånde løyste floka. Likevel - dette er eit lite aber med desse bindingane no når det er så kaldt. Kanskje litt Vaselin på førehand hjelper på isinga. Eg fekk på meg skia igjen og kom meg raskt og fint ut på Fanafjellet. Her viste det seg at det hadde vore folk i går. Og etter litt filming, høyrde eg stemmer nede i lia. Etter eit minutt dukka ein raudkledd skapning opp. Det tok meg 2 sekund å gisse på kven det var, Vigdis, og litt lenger bak Anita og Dag Tore. He he, skulle du sett slikt. Det var nesten heilt tima. Så då måtte vi jo fotografere litt... Eg traff to blide damer... ...og ein blid mann på Fanafjellet i dag... Det tok likevel ikkje så mange minuttane får kulden beit seg fast. Så eg svinga vestover igjen, og tok til på nedstigninga mot Stavsnes. Øverst oppe var snøen nesten heilt avblesen. Og det gjekk over mark og lyng. Lenger nede i lia låg snøen i djupe lag. Her gjekk eg på 4 hjortar òg. Dei hadde greve etter lyng og gras fleire plassar. Eg heldt meg heilt roleg til dei hadde komme seg lenger vest. Eg fann greitt ned igjen etter merka til Ansgar Bjarne. Litt verre var det sjølvsagt å skulle stå på ski etter stien. Nesten nede igjen måtte skia av, og då isa bindingen igjen, så då vassa eg resten av stykket ned til hovudvegen. Turen varde nesten 5 timar. Ganske krevjande, men aldeles praktfull. Kjempestart på det nye året..:-))
Fra Smørskornova_Fanafjellet 020110

fredag 1. januar 2010

Årets første skitur

Toreheia i føremiddag. Eg må seie det var litt rart å skrive 010110 i dag. Det virka som det var eit eller anna feil med datoen. Men rett er det no visst likevel. Eg var nemleg opp igjen på Toreheia i føremiddag. Fjerde dagen på rad! Men denne gongen tok eg skia med. Eg bar dei opp på Rinda, men gjekk der i frå med dei til topps med fellar under. Det var ei kjekk oppleving. Slapp absolutt å løfte føtene så mykje i all snøen. Og sjølv om eg trakka gjennom med skia òg i laussnøen, gjekk det ganske lett opp dei bratte bakkane. På toppen var det noko snøføyke av austavinden. For vinden tok ganske bra i dag. Noko som gjorde det ganske så kjøleg på toppen. Godt då å ha rette og varme klede å få skifte på seg. Eg var litt redd for kameraet på grunn av den veldig finkorna snøen som fauk rundt hovudet, men eg tok no likevel sjansen på nokre klikk der bak varden. Det gjekk sjølvsagt radig ned igjen med ski på føtene. Det er lenge sidan eg har stått på ski, men det var faktisk moro. Spesielt å stå litt utfor. Og modigare vart eg vel litt etter kvart. Dette gav absolutt meirsmak...! Fin start på det nye året...:-)
Fra Toreheia 010110