 |
| Olaug på Anfi |
 |
| Utsikt frå leilighetshotellet Amadores Beach |
 |
| Ved Sjømannskirken i Arguineguin |
 |
| Utsikt frå el Balcon |
 |
| Fjellet ved Los Azulejos er prega av flotte kopar, svovel og jern årar |
Eg har laga ein link til bilder eg tok på den solrike turen Olaug og eg hadde til Gran Canaria frå 7/2-22/2. Turen gjekk som i fjor til Amadores. Med (nesten) daglege vandringar til den litt større plassen Puerto Rico. 5 gonger gjekk eg også opp dei 709 trappene og over åsen til Amadores igjen. Lett jogg ned igjen. Vi tok også bussen til Arguineguin og gjekk til Amadores via Patalavaca, Anfi og Puerto Rico. Dessutan motsatt frå Amadores til Arguineguin og bussen heim igjen. 10.februar gjekk vi dessutan fjellturen til Norskeplassen og Sukkertoppen. Så alt i alt vart det litt mosjon, og ikkje berre strandliv. Latmannsliv på solmadrass i 14 dagar bli litt slitsomt.... 😎
Vi fekk òg oppleve ein dag med calima. Men då var vi så heldige at vi hadde bestilt tur til vest- og nordsida av øya. Via Mogan og heilt opp til La Aldea San Nicolas og til Agaete (den kvite byen). Der ferja til Tenerife går. Imponerande utsikt frå El Balcòn. Flott tur med diverse stopp undervegs (sjå bilder). Vi enda opp på veg sørover igjen ved dei imponerande saltslettene ved Salinas de Tenefè (sjå link under bilde) og informasjon. Veldig kjekk tur i to minibussar med guide på walkie talkie. Og neste dag var sanden frå Sahara vekke frå lufta.
Elles må eg få skryte av god mat overalt. Prisnivået er omlag som her heime. Kjekt å besøke "Little Norway". For nordmenn var det overalt.
P.S. Sjå elles nettversjon av bloggen for oversikt!
Gran Canaria 0702-220226
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar