onsdag 9. juli 2025

Ein liten ferietur

Ved Korslinuten 0207

Gaustatoppen 0307

Olaug nyt ein kremvaffel i Kongsberg 0407

Vøringsfossen 0507

Kossdalssvingane 0707

På Mjøs, Hosanger 0707

På Vidden mellom Ulriken og Fløyen 0807

Frå Vidden nær Ulriken 0807


Eit lite referat frå dei siste dagane.

Vi tok oss nokre dagar austpå og i Bergen siste veka. I varierande sommarvèr og temperatur. Først reiste vi til Odd og Ellen på Blefjell. På hytta deira. Her besøkte vi mellom anna Korslinuten. Flott tur i flott ver. Elles var eit av ynskja våre å gå på Gaustatoppen. Det klaffa fint i relativt kald nordavind. Flott å få med seg dette fjellet! Ruta var prega av mykje stein og turen sa godt i leggane dagen etter! Så besøkte vi Kongsberg og jazzfestivalen. Med eit yrande folkeliv! Og eit sentrum med matboder, musikk og servering. Kjekt. Og vi fekk med oss ei jazzmesse i den flotte Kongsberg kyrkje.  

Forrige lørdag reiste vi så vestover igjen. Via Hardangervidda til Bergen. Vi hadde oss eit flott stopp ved Vøringsfossen. Spektakulært. Søndag var vi på Lepramuseet i Bergen. Også noko vi hadde på ønskelista. Lærerikt og sterkt følelsesmessig. Elles ein god del stolpejakt rundt om i sentrum. Mandag reiste vi så til Osterøy og tok turen ned Kossdalssvingane frå Svenheim til Mjøs og opp igjen. Fantastisk murarbeid opp dei 17 svingane! Og i går stod Vidden for tur. Med ruta frå Ulriken til Rundemannen og Fløyen. Ca 5 timar i fantastisk vèr. 

Så ja. Det har vore nokre veldig fine dagar. Og regnklede har vi ikkje hatt på oss på over ei veke. No står sognatur til Skjolden på programmet for helga. Det ser visst ut til å bli den varmaste så langt i sommar!  

Ovanfor er nokre bilder. Nokre held eg unna som privat. Under eit par bildelinkar. 

Over Vidden 080725

Kossdalssvingane Osterøy 070725

Ingen kommentarer: