torsdag 17. juli 2025

Ein liten ferietur 2

Flott utsikt til Hurrungane frå Osen i Skjolden

Drivandefossen på ruta til Osen ved Åsetevatnet

Ofsarvatnet

Stolpejakt på Sørheim - Molden i bakgrunnen

Eit lite blogginnlegg kalla "Ein liten ferietur 2" frå nokre sommardagar i Skjolden. Nr 1 her

Olaug og eg reiste nokre dagar til Skjolden frå 11/7-17/7 for å besøke son hennar Torbjørn og Ingrid Anita og dei fire borna deira. Og vi fekk nokre varme og solrike dagar i Sogn. 

Hytta på Osen ved Åsetevatnet (830 moh) var første målet. Dit vi gjekk opp lørdagsmorgonen. Og vart der til tirsdagsmorgonen. Det vart varmt på turen opp. Sjølv om vi gjekk tidleg. Med god bør på oss vaksne. Og to ungar som gjekk sjølve. Den nydelege Drivandefossen møtte oss eit stykke opp i lia (sjå foto). På Osen bada vi. Og eg fekk meg ein dorgetur lørdagskvelden. Elles fantastisk å sitte på altanen og sjå på dei fantastiske Hurrungane

Hurrungane sett frå Osen


Osen ved Åsetevatnet

Mandagen gjekk vi så til Ofsarvatnet. 1003 moh. Opp langs eit nydeleg fosselandskap - sjå bilder og video. Fjella og vatnet her oppe var heilt eineståande. 

Det viste seg også svært varmt då vi returnerte til Skjolden igjen tirsdagen. Til møtes kom det hordar av cruisebåt-turistar. Dei fløymde elles over bygda fleire gonger i veka. Alt har sin pris... Resten av tirsdag og onsdag gjekk med til strandliv. (Utanom ein stolpejakt-tur på Sørheim onsdags morgonen). Det var rett og sett for varmt til noko anna. Så flotte dagar vart det i Skjolden denne gongen også. 

Foto frå eit offentleg album 1107-170725 (elles er mange av bilda eg tok av privat art og ikkje med her).

Ingen kommentarer: