søndag 23. mars 2025

Fin tur i Liavika og Lia


I solveggen på den gamle fjøsen i Lia.

Det blømer av vår 

Olaug og eg gjekk oss ein fin tur frå Stubseidvågen til Liavika og opp i Lia i dag. Vårsola skein frå skyfri himmel og tjelden song langs land. Nydeleg. Utover langs Førdefjorden med utsikt til øyane  Florø er det berre fantastisk å gå no om våren. Ja, heile året for den del. Stilt og fredeleg med havutsikt. 

Ingen kommentarer: