lørdag 22. mars 2025

Glimrande tur på Hekkelfjellet

God stemning på Hekkelfjellet

ds

På veg inn dalen til Kleppenes-/Bogestølen og Bakkestølen

Broddane må på...

I dag gjekk turen til Holmedal. Og den flotte turruta til Hekkelfjellet. Via Kleppenes-/Bogestølen og Bakkestølen. Og opp dei bratte bakkane. Vidare inn platået mot toppen. Vi som var med var broder Sigvard, Olaug, Sissel, Velaug og underteikna. 

Vèret var strålande. Sol frå skyfri himmel, og særs god og to sifra temperatur. Men ein relativt sterk nordaust vind tok bra inne mot toppen. 

Damene og Sillan skein visst om kapp med sola. God stemning med andre ord. Flott sosial tur. Turen vart forøvrig avslutta med ein tur på loppemarked i Holmedal samfunnshus. Og vask av bil i Askvoll. Glimrande vårdag 😎 

Foto Hekkelfjellet 220325

Ingen kommentarer: