Då går vi inn i første helga i advent med mørketid og adventslys. Eg har såleis laga ein serie bilder med naturleg adventslys og desembersol. Og sett musikk til. Ynskjer med dette alle ei god adventstid og god helg!
fredag 28. november 2025
fredag 14. november 2025
Portafjellet
| Portafjellet t.v. i midten bak frå Osland i dag. Vardenova i midten. |
| Portafjellet 773 og 779 moh frå Osland i dag |
| Portafjellet frå Oslandsvatnet i dag |
onsdag 5. november 2025
Skjolden langhelg
Inn mellom besøk, barnepass og sosialt samvær i Skjolden denne helg vart det også tid til eit par "lufteturar" til fjellgardane på Rebni. Eit område eg ikkje hadde vore på før. Den eine turen i lag med Olaug. Desse turane gav lyst og motivasjon til å prøve lenger oppover i dette området ved eit seinare høve. Vidare inne i dalen mot Mørkrids og opp mot Osen og Åsetevatnet har vi vore fleire gonger.
Frå Rebni er det flott utsikt til Skjolden og ut Lustrafjorden til Molden. Eg laga ein liten bildeserie på vedlagde link.
torsdag 30. oktober 2025
Praktfull turdag
| Ytrevågefjellet i dag - i bakgrunnen t.h. N&S Kringla, Fossedalshengenipa og Portafjellet t.v. Gjelsvikefjellet, Indrevågefjellet og Heilevangstaurane i midten |
| Nydeleg utsikt til Svanøy og øyane i Florø - i midten t.v. Askrova og bak f.v. Kinn, Reksta, Skorpa, Batalden og Hovden Florø i høgre kant |
| Utsikt til Blegja som er snøfri - Storehesten bak t.h. Indrevågefjellet i midten |
| Stupbratt mot Stavestranda |
I dag gjekk eg den flotte ruta frå gruvane i Vågane til Ytrevågefjellet, vidare til Toreheia og retur via Krikavatna og heim! Perfekt! I eit aldeles strålande haustvèr. Ikkje eit vindpust. Og med snø på toppane. Ja det kunne ikkje bli vakrare.
No var det ikkje mykje liv å sjå då. Ein flokk trast på trekk. Og ein flokk med storfe på Rinda (sjå bildelink). Elles var det heilt stille.
4 skiver og ein halvliter cola gjekk ned på Toreheia. Fantastisk å sitte her oppe i det heilt vindstille og praktfulle veret.
fredag 17. oktober 2025
Ytrevågefjellet med boks
| Morgon på Osland |
| Fint og stille på toppen |
| Sunnfjords perle og øyane i Florø |
Som eg skreiv i går skulle metallboksen eg henta frå Nerviknipa opp igjen til Ytrevågefjellet. Her fjelltrimboka venta.... Så i det praktfulle haustvèret tok eg avgarde i dag òg. Frå gruvene i Vågane der stien startar.
I dag var det som sagt heilt fantastisk. Rett nok litt disig i nord og vest. Men heilt blikkstille. Sjølv på den eksponerte toppen var det stille. Eit lite dryss nysnø vitnar om ei komande årstid. Nydeleg utsikt til Toreheia og øyriket i Florø. Og aust til den nydelege fjellrekka i kommunen.
| Lett snødryss ved Ytrevågefjellet i dag - perlerekka med kjende fjell i aust.... |
For fjelltrimmarane er det kanskje litt greitt å vere klar over at det er noko tilgrodd opp til første høgda. Vonleg kjem dette seg når folk går til posten. Og når det går mot vinter. Ytrevågefjellet er som vi veit fint å gå på heile året. Gjerne med broddar i sekken vinterstid.
torsdag 16. oktober 2025
Nerviknipa i boks
| Dagens selfie |
| Boksen som no er komen til gards |
| Del av Vågane |
| Vågane og Flokeneset |
tirsdag 14. oktober 2025
Turfolk 2
| Fellesturen til Heileberget 300411 |
Del 2.
For ein del år sidan laga eg fleire seriar bilder med turfolk som eg har vore på tur saman med. Seriane er sjølvsagt ikkje uttømmande. Her er del 2 og seriane 3 & 4 av 7.
I ruskute oktoberdagar og snart vintertid kan det gjerne vere kjekt å sjå litt blide turfolk. Rett nok litt yngre enn i dag.
Ha ein fin dag🙋
søndag 12. oktober 2025
Praktfulle Skylefjellet
| Skylefjellet i dag |
| Ved Mangevatna |
| Øyriket ved Florøkanten med Svanøy fremst |
Etter at helgebesøket var reist, gjekk Olaug og eg den kortreiste turen frå dørgotta heime til Skylefjellet. Det er like fantastisk å kome opp på høgda ved Mangevatna kvar gong. Og gå den slake siste biten til toppen. Utsikta og roa som ein får her oppe er heilt unik. Og spesielt på ein nydeleg oktoberdag. Ja, det er nesten noko religiøst over synet - om eg får lov å bruke det utrykket.
Frå toppen er det òg nydeleg utsikt til Florøkanten og øyriket vest i havet. Og til Sunnfjords perle - Svanøy. Også innatt Førdefjorden. I aust troner Toreheia og dei flotte Krikavatna som ligg rett vest om. I sør ser vi Skålefjellet og Moldura. Mellom anna. Ja, det er praktfullt her oppe. Og ein tur alle kan gå.
Vi sat ei stund på toppen og naut utsikta før vi tusla ned att same vegen og heim. Og avslutta med eit bad i fjorden til 13 grader. Nydeleg!
fredag 10. oktober 2025
Turfolk
![]() |
| To av mange turar på Blegja (her med folk 😎) |
For ein del år sidan laga eg fleire seriar bilder med turfolk som eg har vore på tur samand med. Frå ut på totusen talet. Seriane er sjølvsagt ikkje uttømmande. Med helga som står for døra, og elendige vèrmeldingar til søndag, så publiserer eg eit par smakebitar opp igjen i dag.
God helg!
tirsdag 7. oktober 2025
Kultingane
| Askvoll sett frå Kultingane |
| Kultingane med flott utsikt mot Solund og til Askvoll, Atløy og Blåfjellet |
| Fin utsikt mot vest frå Kultingane. Vi ser m.a. Atløynipa, Blåfjellet, Eggene, Hjartåsen, Steinheia og mot Jamneheiane (utanfor bildekanten t.h.) |
søndag 5. oktober 2025
Morgon på Ytrevågefjellet
| Dagens selfier |
Flott morgontur på Ytrevågefjellet i dag. Medan sola endå skein. Litt tilvokse med gras, einer og grankvistar på det nederste partiet opp frå gruvene i Vågane.
På veg oppover er det nydeleg utsikt til Osland, Vågane og Flokeneset. Så dukkar Florø opp. Med øyriket vest i havet. Og Guleslettene med vindturbinane. Spegla seg i morgonsola frå sør. I aust dukkar perlerada av dei flottaste fjella i kommunen opp. Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N. & S.Kringla. Og framfor dei Portafjellet og Indrevågefjellet. I sør ser vi Vardenova, Røyrbotnholten, Skålefjellet og Moldura. Skikkeleg fin panoramautsikt med andre ord.
| Og Guleslettene med vindturbinane. Spegla seg i morgonsola frå sør. |
| I aust dukkar perlerada av dei flottaste fjella i kommunen opp. Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N.& S.Kringla. Og framfor dei Portafjellet og Indrevågefjellet. |
På toppen var det endå sol då vi nådde opp. Rett nok med ein frisk haustrekk. Men langt frå korleis det var hin dagen. Så fort skiftar vèret. Vi sat litt på toppen, Olaug og eg, før vi gjekk ned igjen. Sauer som vi elles såg etter var det ingen av.... Flott tur!
fredag 3. oktober 2025
Høgefjellet, Kvammen
| Det er fantastisk utsikt mot vest frå Høgefjellet |
| Haust på Høgefjellet - vi ser Gjelsvikefjellet t.v. og Håsteinen med snø på t.h. |
Høgefjellet i Kvammen på 683 moh er til liks med Moldura, Ytrevågefjellet, Røyrbotnholten og Kultingane ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober.
Fjellet er lettast tilgjengeleg ved å gå frå Rørvika eller Løvika. Frå Rørvika går stien oppom husa her. Frå Løvika ved innhegninga for sauer ved nedkøyringa av bakken. Ein kan så følge stiane her i frå og til Åsastølen og vidare opp bakken. Så finn ein Bjønnastien i skaret rett oppe i sør. Her er det tau å halde seg i for å kome seg opp. Ein må pårekne litt klyving. Så går ein vidare vestover høgdedraget til toppen.
Sjølv har eg gått fleire gonger frå Rørvika til Blegja og vest til Høgefjellet. Sjå foto mellom anna her, her og her. Og då anten via Synste Stauren eller nede frå Nipevatnet. Vidare vest mellom Tobbedalsvatnet og Blåvatnet. Rundar så Kringlefjellet. Deretter høgda nord for Bjørnastigvatnet og vest til toppen. Sjå kart her. Retur til Rørvika igjen. Ei veldig flott runde dette.
Det er eit fantastisk flott skue frå Høgefjellet i Kvammen. Nydeleg utsikt ned til Kvammen, inn og ut Førdefjorden, vest til Gjelsvikefjellet og havet og øyane her. I sør ligg Eitrenipa. Nedom i sør også Bjørnastigvatnet. Og i aust tronar Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Suverent med andre ord. Absolutt å anbefale 😊
God tur!🏃
torsdag 2. oktober 2025
Røyrbotnholten
![]() |
| Fjella vi ser frå Røyrbotnholten mot nord og aust er: Skålefjellet, Toreheia, Ytrevågefjellet, Indrevågefjellet og Vardenova. Vi ser elles Svelivatnet (Svædvatnet) frå venstre og Nyksvatnet t.h. |
Røyrbotnholten i Rivedal er også ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober. Fjellet er nok ikkje blant dei mest kjende og besøkte i Askvoll. Men likevel eit godt turmål med flott utsikt mot Dalsfjorden og Rivedal. Sjå elles foto og beskrivelse mot nord og aust.
Fjellet er lettast tilgjengeleg frå Rivedal. Frå parkeringsplassen ved kraftverket går ein opp kraftvegen mot nord. Passerer demningen på toppen av vegen og går myrane nordover vest av Lisetstølen. Så opp bakkane der ein kryssar den T-merka stien som går austover til Nipebu. Deretter føl ein merka opp til den 607 moh høge toppen. Turen ligg inne på ut.no. Kart.
Sjølv har eg gått ein del via Osland og Svelia. Her kan ein kan gå opp skaret i enden av Svelivatnet i sør. Og gå opp frå nord. Eller følge austsida av vatnet og kome opp rett på vestsida av Vardenova. Dette frå aust. Desse rutene er ikkje merka og medfører litt klyving.
Vedlagt ligg ein stillbilde-serie på YouTube som eg har teke (hugs lyd). Serien er også med ein del vinterbilder då toppen er fin å gå på heile året.
God tur!
tirsdag 30. september 2025
Oktober i bilder
Brått er oktober her òg. Her med arkivbilder.
I oktober blir det lagt ut nye fjelltrimpostar. Ei flott tid i fjellet om vèret lagar seg. Crossed fingers 😊
torsdag 25. september 2025
Nydelege fjellområdet på nordsida av Stongfjorden
| Dagens selfie |
| Stongfjorden |
| Yndestad - heim igjen til det raude....😀 |
I dag tidleg tok eg meg ei runde på fjellet her heime. Opp til Rinda og vidare oppover og nord til Skylefjellet. Det var ein kjøleg morgon, men opplett og fint. Litt meir trekk oppe på "platået". Litt av misjonen på turen var å sjå om her gjekk sauer igjen her ute - vest om Toreheia. Sidan Ytrevågefjellet litt lenger aust er fjelltrimpost frå 12. oktober, blir det meir anledning å gå opp hit frå Vågane seinare.
Vel, eg kom meg greitt opp på Skylefjellet. Rett nok litt vått og gjørme ovanfor Rinda. Det skal vel noko til at det tørkar opp igjen no.... Her var ingen ting å sjå av sauer. Men det gjekk ein heil del storfe vest om Svartevatnet.
| Storfe vest av Svartevatnet - Høgeheia i bakgrunnen t.v. |
Eg gjekk så vidare austover og opp bakkane mot Toreheia. Bra pust opp her...! Her var ingen kvite dottar å sjå her heller. Alt eg såg var ein forvirra enkeltbekkasin som skvatt opp framfor føtene mine. No bles det litt her oppe. Så skivene eg hadde smurt meg åt eg i lè rett sør om toppen i ein grasbakke. Nydeleg!
mandag 22. september 2025
Ytrevågefjellet - turtips
| Vi ser i vest Alden, Toreheia og øyriket i Florø frå Ytrevågefjellet |
Ytrevågefjellet er som tidlegare nemnt også ny post på fjelltrimprogrammet til Askvoll Idrettslag for sesongen 2026. Oppstart er 12.oktober då ny bok vil vere på plass.
Underteikna har gått ein god del på Ytrevågefjellet opp gjennom åra. Med sine 662 moh er fjellet eit relativt lett fjell å gå på heile året. Frå toppen er det flott utsikt. Mot vest finn ein Alden, Toreheia og øyriket i Florø. I nord ligg Florø, Førdefjorden og bygdelaga innover mot Vevring. Mot aust er det fantastisk utsikt til mange av dei flottaste fjella i Askvoll. Mellom anna Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og mange fleire. Nærast ligg Indrevågefjellet, Middagsnipa og Portafjellet. Elles er det veldig flott utsikt til Vågane og Flokeneset. I sør tronar Vardenova, Skålefjellet og Osland. Med andre ord suveren utsikt i alle himmelretningar (sjå video av stillbilder under. Hugs lyd og beste oppløysing).
![]() |
| Mange av dei flottaste fjella i Askvoll er å sjå frå Ytrevågefjellet. Her morgonstemning i november. |
Beste ruta opp er å gå frå den gamle kopargruva i Vågane ved FV 609. Stien ligg på ut.no her. Sjølv brukar eg å parkere ut for vegen på ei stor grasflate ca 50 meter ovanfor der ein startar ved gruva (ikkje parkèr på vegstubben ved gruva)! Elles står det nokre småvardar opp gjennom bakkane. Retningen opp seier seg sjølv.
God tur 😃!
torsdag 18. september 2025
Moldura - turtips
Mange kjende fjell i Askvoll ligg på nordsida av Dalsfjorden -
her med utsikt frå Moldura
Turtips: I dag er vi på Moldura. Eitt av fjella underteikna har gått mest på.... Høgste fjellet vest i kommunen med sine 837 moh.
Det er fleire ruter opp. Den vanlegaste er frå parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Her står det skilt. Ein går opp den vanlege vegen til dagsturhytta. Vidare langs merka sti opp ura. Ein kan også gå om sendaren som står lenger vest. Delvis merke.
Ei anna rute er å gå frå Størdal og opp Størdalen. Og ein kjem opp på vestsida av fjellet. På same staden som om sendaren. Det er også flott å kome aust i frå og via Fanafjellet og opp nordsida. Eller via Hålandsstølen/Tveitstølen og Fagredalen. Også i nord. Ruta underteikna har gått mest er nok frå Neset i Stongfjorden. Den flottaste. Reint subjektivt altså. Havutsikt nesten heile vegen! Ein spesiell flott tur er om du går frå Neset til toppen og via dagsturhytta til Dokka. Og så nedatt ranen på Dokka og til Holmedal. Då får du med deg i pose og sekk 😄
På Moldura er det flott utsikt i alle himmelretningar. Spesielt til Holmedal og Straumsnes i sør. Dokka ligg rett i sør òg. Med Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i søraust på hi sida av dalen. Hekkelfjellet og Siklebergvatnet i aust. Og i vest ligg Nyksvatna, Atløyna og havet. Og så mot Florøkanten og Stavenesodden i nord.
Her er ein bildeserie frå Moldura. Eit fantastisk flott fjell. Ein av favorittane mine.
lørdag 30. august 2025
Supert på Gjelsvikefjellet
| Blegja, Synste Stauren, Blåegga og Eitrenipa Vatna er Keisarlivatnet, Trollevatnet og Leknesvatnet |
Med fruen vekke på dametur i helga, valde eg å ta turen åleine til eitt av favorittfjella mine, nemleg Gjelsvikefjellet. Likar godt partiet opp Fesselia. Gjennom flott gamal furuskog. Urørt og ekte. Og så opp til den fine Selvikstølen med nydeleg utsikt til Eitrenipa og Fossedalshengenipa. Deretter opp og aust til Gjelsvikstølen. Med nydeleg utsikt til Blegja-massivet og Eitrenipa og mange vatn. Litt lenger oppe ser ein inn store deler av Førdefjorden - også til Engebø-utbygginga i nord. Ja turen opp hit er veldig flott - med unntak av sistnemnde då... I dag med god temperatur og delvis skya med litt sol inn i mellom.
fredag 29. august 2025
Joy of September
Nok ein månad er snart over, så her er september i bilder. Frå arkiv. Ein flott månad i fjellet som gir fint og lågt lys.
God helg!
mandag 25. august 2025
Rimmastien
| Dale i Sunnfjord frå Rimma |
| På veg vestover med utsikt til havs |
| Øyna og Storevik |
| Eikenesstølen med utsikt til Dale og Bortheim |
| Eikenesstølen |
Vi gjekk den nye Rimmastien i helga. Den nymerka ruta mellom Rivedal og Otterstein i Dale. Vi starta med å parkere ein bil på Vindheim i Rivedal og køyrde deretter til parkeringsplassen ved brufestet på Otterstein. Og gjekk deretter ruta til Bjergastølen. (Her frå kan du elles halde fram opp på Heileberget og Fløyen). Men vi gjekk vestover Rimma til Eikenesstølen og Vindheim.
Ruta var godt merka. Og såleis lett å finn fram. Elles er det å håpa at mange vil bruke stien framover for den er ein del tilgrodd med gras og anna. Di fleire som går di betre sti. Sjølve opninga er 14.september då Indre Sunnfjord Turlag arrangerer tur her. Som på ruta over Heileberget er det flott utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga kring fjorden. Elles utsikt heilt til Atløy og Bulandet òg.
torsdag 14. august 2025
Nye fjelltrimpostar 2025/2026
| Foto frå Moldura 11.11.11. Vi ser Alden etter solnedgang - Nyksvatna i framgrunnen |
Etter 7-års rulleringa av Fjelltrimprogrammet til AHIL, er dei nye postane for sesongen 2025/2026 Høgefjellet, Kvammen, Kultingane, Askvoll, Moldura, Holmedal, Ytrevågefjellet, Stongfjorden og Røyrbotnholten, Rivedal. Postane er ikkje stadfesta. Men føl ein "planen" er dette fjella ein kan bryne seg på frå starten av oktober. Dato vil bli kunngjort.
For underteikna er dette kjende fjell som eg har besøkt ein god del "før i tida". Eg har mange gode minner til suveren turar til desse toppane. Både sommar som vinter. Spesielt Ytrevågefjellet på nordsida her heime og Moldura er kjekke fjell å sjå tilbake på. Eller fram til om du vil... Her litt meir om dei to.
Moldura er som sagt eitt av fjella underteikna er godt kjend med. Fjellet er tilgjengeleg frå "alle" kantar. Frå Størdalen i vest, gjennom Fagredalen i aust og frå Stongfjorden i nord, anten via Gjerdedalen eller Neset. Du kan òg gå via Størdalsstauren i nordvest. Mange vegar til Rom med andre ord. Personleg likar eg best kombinasjonsruter der eg byter på ruter opp og ned. Sjølv om dei aller fleste vil gå frå Holmedal, er ruta frå Neset i Stongfjorden i nord minst like flott. Her i frå har du nydeleg utsikt til havet og øyriket både i Florø og Askvoll. Også til Førdefjordsia og Osland og Skålefjellet. Og sjølvsagt Stongfjorden. Har du ikkje prøvd denne ruta er den absolutt å anbefale.
Ytrevågefjellet er òg ein av favorittane mine. Spesielt ruta frå Vågane (ved den gamle gruva) og opp bakkane. Flott utsikt til Osland, Flokeneset og Førdefjorden. Og øyriket mot nord ved Florøkanten. Som kombinasjonsrute til Toreheia og Stongfjorden eller Grimelia, er denne turen fantastisk.
Det blir lagt ut info på AHIL fjelltrimmen når det nærmar seg oppstart. Elles er postane linka til ut.no ovanfor. Under ligg elles mine bildeseriar frå alle fjella.
P.S. No er det som vi veit att ei stund ein kan gå på dei inneverande postane. Så det er rikeleg med tid til ei runde eller to til på desse. Tida framover er gjerne den flottaste i fjellet òg. Fri for fluger, klegg, flått og knott... God tur!
Moldura
Ytrevågefjellet
Røyrbotnholten
Høgefjellet
tirsdag 29. juli 2025
Olsok i dag og snart august
torsdag 17. juli 2025
Ein liten ferietur 2
![]() |
| Flott utsikt til Hurrungane frå Osen i Skjolden |
| Drivandefossen på ruta til Osen ved Åsetevatnet |
| Ofsarvatnet |
| Stolpejakt på Sørheim - Molden i bakgrunnen |
Eit lite blogginnlegg kalla "Ein liten ferietur 2" frå nokre sommardagar i Skjolden. Nr 1 her.
Olaug og eg reiste nokre dagar til Skjolden frå 11/7-17/7 for å besøke son hennar Torbjørn og Ingrid Anita og dei fire borna deira. Og vi fekk nokre varme og solrike dagar i Sogn.
Hytta på Osen ved Åsetevatnet (830 moh) var første målet. Dit vi gjekk opp lørdagsmorgonen. Og vart der til tirsdagsmorgonen. Det vart varmt på turen opp. Sjølv om vi gjekk tidleg. Med god bør på oss vaksne. Og to ungar som gjekk sjølve. Den nydelege Drivandefossen møtte oss eit stykke opp i lia (sjå foto). På Osen bada vi. Og eg fekk meg ein dorgetur lørdagskvelden. Elles fantastisk å sitte på altanen og sjå på dei fantastiske Hurrungane.
| Hurrungane sett frå Osen |
| Osen ved Åsetevatnet |
Mandagen gjekk vi så til Ofsarvatnet. 1003 moh. Opp langs eit nydeleg fosselandskap - sjå bilder og video. Fjella og vatnet her oppe var heilt eineståande.
Det viste seg også svært varmt då vi returnerte til Skjolden igjen tirsdagen. Til møtes kom det hordar av cruisebåt-turistar. Dei fløymde elles over bygda fleire gonger i veka. Alt har sin pris... Resten av tirsdag og onsdag gjekk med til strandliv. (Utanom ein stolpejakt-tur på Sørheim onsdags morgonen). Det var rett og sett for varmt til noko anna. Så flotte dagar vart det i Skjolden denne gongen også.
Foto frå eit offentleg album 1107-170725 (elles er mange av bilda eg tok av privat art og ikkje med her).



