tirsdag 6. august 2024

Luftige møte i sommarvind

To kjenningar eg traff på i sommarvinden - med luftig utsikt til Stongfjorden...


Vinda ruska bra i kroppen (og håret)...

Desse m.fl. traff eg også på - og fekk gitt rapport


Eg gjekk meg ein tur på mitt kjære Toreheia i dag. Både for å sjå etter nokre sauer og sjekke ut ein tur på fjelltrimposten. Begge ting klaffa. I overskya vèr. 

No bles det ganske så bra søraustvind på toppen. Også ned att på Yndestadhøgeheia. Her traff eg på to kjenningar på veg opp denne ruta. Vi slo av ein prat i den friske sommarvinden. Med den luftige utsikta ned til Stongfjorden. Like etterpå og litt lenger vest traff eg dessutan på eit yngre par. Det vart tid til nokre ord her òg. Kjekt å sjå turfolk her oppe. Ikkje nett kvar dag det skjer. Her er plass til fleire enn meg og sauene - for å seie det slik...😅 

 Foto Toreheia 060824

Ingen kommentarer: