mandag 4. desember 2023

Eitrenipa eller Ertrefjellet ved Fossedalen

Dalstunet og Tross før i tida
Gamleløa t.v. 
Vi ser Eitrenipa og Kringla oppe t.h.
Vikafossen renn som før og fjella står der like traust...
 
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla sett frå vassenden på Fossedalsvatnet

Frå Facebook sida til Fossedalen - i grøne far
Når du står i Dale og ser mot Dalsfjordbrua, Fossevika og fjella bak, ser du i røynda tre fjell. Eitrenipa 856 moh, Nordre Kringla 782 moh og Søndre Kringla 800 moh. Førstnemnde lengst bak til venstre. Desse fjella ligg rett i nord og aust for Øvre Fossedal. Og er heilt annleis å sjå til enn frå andre himmelretningar enn Dale i sør.
Eg laga eit blogginnlegg om Eitrenipa i fjor. Her ligg det biletkavalkade og turinfo. Du kan sjå dette på denne linken:
Foto 1: Eitrenipa i vinterskrud sett frå Leknesvatna. Med ruta opp skaret til toppen (sjå detaljar på link).
Foto 2: Utsikt mot vest frå Eitrenipa. Langevatnet med Nipebu midt i biletet.




Ingen kommentarer: