onsdag 27. desember 2023
onsdag 13. desember 2023
mandag 4. desember 2023
Eitrenipa eller Ertrefjellet ved Fossedalen
Dalstunet og Tross før i tida Gamleløa t.v. Vi ser Eitrenipa og Kringla oppe t.h. Vikafossen renn som før og fjella står der like traust... |
Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla sett frå vassenden på Fossedalsvatnet |
mandag 27. november 2023
Desember i bilete
Så står desember månad for døra. Ubrukt og ny. Det lyser i stille grender - og litt julekav.
Her er ei samling bilete frå denne månaden.
torsdag 23. november 2023
Dalstunet er eit monument fattigare
|
tirsdag 21. november 2023
Ufatteleg hærverk...
Julegrana til høgre. Planta 1929. Her er eit bilete frå 1957 frå Dalstunet. Året eg var fødd. Julegrana i bakgrunnen t.h.. Fotograf Atle Hjelmeland. Biletet ligg på Fylkesarkivet med denne teksten:: Herlege ungar, godt kledde i skinnluer og oljebukser. Snøen ligg endå i Dalstunet. Dei står framfor gamle stova til 'Bonden i Dale', som Johan Dale vart kalla. Den er diverre riven. F.v. Tove Fossedal, Per Dale, Frank Fossedal, Mona Thomassen, Olve Fossedal og William Dale.
Etter å ha skrive dette blogginnlegget 12/11 om gamleløa og julegrana, kan eg berre konstatere at det tok 9 dagar før ein fann ut at julegrana måtte vekk. Vi som har vakse opp i Dalstunet for over 60 år sidan har hatt grana som eit kjært symbol for Dale. Den var ca 90 år. Etter å ha styrt raseriet mitt i heile dag, og inn i mellom nekta for at det var sant at grana var vekke, tok tårene meg fatt då Roald Standnes posta det flotte biletet med julegrana i bakgrunnen. Ein tradisjon med jula er vekke for alltid! Utan å henge ut nokon i gapestokken synest eg den nye ordføraren Leif Jarle Espedal bør gå ut å beklage det som har hendt. Timinga med saginga var usedvanleg dårleg vurdert. |
mandag 20. november 2023
Album Dalsstølen og ELRAKI - frå Fossedalen - i grøne far
Dalsstølen i vinterskrud |
Elsbeth Paulus på ELRAKI |
Eg har laga eit par album frå Dalsstølen og ELRAKI-hytta. Bileta ligg på Facebooksida til Fossedalen - i grøne far. Dette er mest historiske bilete.
tirsdag 14. november 2023
Ei dose D-vitamin
Litt vind og godt med dun på toppen |
Ved Litlevatnet og Svartevatnet |
Ved Krikavatna |
Krikavatna og Mangevatna ytst ute - Yndestadhøgeheia t.v. Skylefjellet t.h. |
Vi nærmar oss toppen - litt snø Alden, Stavenesodden og Yndestadhøgeheia i bakgrunnen |
Yndstadhøgeheia - Flott utsikt til Krikavatna og øyriket i Florø - Skylefjellet i midten |
Olaug hadde fri denne flotte tirsdagen, så det vart til at vi gjekk på Toreheia. Fjellet som ligg på nordsida av Stongfjorden "her heime". Det er fjelltrimpost for denne sesongen.
Det var frost i bakken, litt austleg drag i lufta, og eit par plussgrader då vi gjekk frå Yndestad. Som eg tenkte fekk vi morgonsola oppe ved Rinda. Nydeleg!
Vidare oppover hadde vi sola til vi runda opp den nordlege merka ruta til Krikavatna. Her var sola borte eit parti. Også delvis opp første del av dalen, før vi fekk ho att lenger oppe. Litt trekk var her. Og issvullar. Men heilt problemfritt utan broddar. Supert når myrar og vatn er frose på i terrenget. Oppe ved toppen låg det elles litt gamal snø. Ved varden vart det fult klesskift. Til tørre ull- og dunklede.
Etter sedvanleg foto tok vi den andre ruta ned igjen. Den som går over toppane på Yndestadhøgeheia. Med flott utsikt heim igjen. Sol heile vegen! Og frå Yndestadhøgeheia ned til den første ruta ovanfor Svartevatnet og til Rinda igjen. Nydeleg tur!
Yndestadhøgeheia - heim til Yndestad t.v. |
søndag 12. november 2023
Gamleløa 2
Gamleløa i Dalstunet med julegrana til venstre. Januar 1954. |
Eg skreiv eit blogginnlegg om gamleløa til Harald`n i Dale for ei stund sidan. Og kom i dag på at pappa teikna eit bilete av løa frå kjøkkenglaset heime. Her er eit mobilfoto av biletet.
Pappa var flink til å teikne og måle. Og var egentleg kunstnar i sjela. Men vart lærar for å brødfø ein stor ungeflokk. Pappa gjekk vekk 3.mars 2015.
Som eit minne om ein kjær pappa tek eg fram igjen biletet av gamleløa, gamle Dalstunet, julegrana og den flotte Kringla. Finaste fjellet ved Dalsfjorden. Og ynskjer alle fedre ein god farsdag.
P.S. Av biletet ser vi julegrana i Dalstunet. Januar 1954. Den står den dag i dag.
onsdag 8. november 2023
Krokavatnet
fredag 3. november 2023
Fossedalstraktene
Med eit bilete teke 4/11-19 frå Driveknolten på Heileberget mot Fossedalstraktene ynskjer eg alle god helg. Eg har sett namn på ein del av fjelltoppane. Hugs at du kan forstørre opp biletet.
onsdag 1. november 2023
Framhald stadnamn i Fossedalen
Vi ser Ingrid Fagerheim, Greta Hekneby, underteikna, Hjørdis Åsnes og Målfrid Skaar (arkiv). |
mandag 30. oktober 2023
Helg for barnepass
Det kveldast på Søråshøgda |
Mykje rart i "haustskogen"... |
Nokre ukjende ungar i haustlauv - foto med løyve |
Helga gjekk med til nok ein Bergens-tur. Olaug har jo fått 3 (!) nye barnebarn i Bergen dei par siste månadane. Så litt avlastning og fleire hender til hjelp kan jo vere greitt. Det vart rimelegvis dårleg med fjellturar. Men akkurat det har eg vel litt å gå på frå før av. 😅Ikkje er det eit "must" heller lenger. Kanskje like greitt. Vi får vandre i fjellet når vi kan og har lyst - ikkje at dette skal ha første prioritet framfor alt anna. Og når sant skal seiast tèl vel denne fantastisk flotte hausthelga meir i lengda enn å nå oppom nokre fjelltoppar (som eg har gått på mange gonger før)...😄
onsdag 25. oktober 2023
Fjelltrim Eggene
Turbinane på Lutelandet er godt synlege frå Eggene |
Flott utsikt til Alden, Tvibyrgje og Hovden på Atløy t.h. |
Staveneset og Høgeheia |
lørdag 21. oktober 2023
Vindfull moro
Vi traff Anita og Dag Tore på veg på Fossedalshengenipa i dag |
Olaug og Velaug på Fossedalshengenipa |
Mot Fossedalen (i kraftig vind) |
På veg opp ryggen på Fossedalshengenipa ser vi Nordre og Søndre Kringla |
Det vart ein vindfull tur då eg slo følge med Olaug og Velaug på Fossedalshengenipa i dag. Rett nok var det relativt vindstille til vi nådde opp til Krokavatnet, men her i frå og opp var det kraftige vindkast. Oppe mot toppen var det sikkert storm i verste kasta. Her er det heller ingen ting som tek av for vinden. Av erfaring veit eg at aust, søraust og synnavinden tek litt mindre siste stykket oppe på nordvestsida. Her er det eit lite dalsøkk å gå opp. Framfor oss oppover hadde vi to stk Anita-jenter frå Holmedal. Men dei møtte vi faktisk ikkje sidan vi valde ei litt mindre vindfull sløyfe mot toppen (ikkje merka).
Under toppen på nordsida |
Vermessig elles var det overskya. Og obs obs - med minusgrader i natt var det issvullar mange plassar. Men som tenkt var heile bergsida opp mot toppen relativt isfri etter den sterke vinden.
På toppen var det berre å kome seg litt i lè bak den små varden. Få namnet i boka. Og hasta oss ned igjen til rett på nordsida der det var relativt vindstille. Eg bytte alt på overkroppen og fekk på meg den varmaste dunjakka eg har!
På veg ned igjen traff vi elles Dag Tore og Anita. Dei på veg opp. Og etterpå ei overnatting på Nipebu. Vi slo av nokre ord som snarast.
Fin og vindfull tur med to pratsomme turtelduer (når vinden ikkje tok alle orda for ein hørselshemma pensjonist utan høyreapparat).
Foto Fossedalshengenipa 211023
Ved Krokavatnet - Svortevikstølen t.v. |
torsdag 19. oktober 2023
Toreheia fjelltrim
Soloppgang over Skålefjellet - foto frå Rinda |
Krikavatna, Mangevatna, Blåfjellet og Skylefjellet - frå ruta opp dalen |
Vi ser vindturbinane på Lutelandet frå toppen - Askvollfjella og Atløy mot høgre |
Flott utsikt mot aust frå toppen - m.a. Blegja, Storehesten bakerst t.v. i midten frå venstre ser vi Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla mot høgre fremst ser vi det flotte Portafjellet |
Eg starta tur på Toreheia i dag tidleg i 08.30 tida. Fekk ein flott soloppgang ved Rinda. Det var skyfritt, men her oppe møtte eg ein sur vind frå aust. Som tenkt. Det var òg frose på i løpet av natta. Og med alt regnet i det siste var det is mange plassar.
Oppe ved Krikavatna tok vinden endå meir. Heldigvis hadde eg godt med klede med meg. Her oppe var det heller lite med morgonsol. Så det var berre å halde tempo opp bakkane for å halde varmen. Så godt som det let seg gjere for ein pensjonist-kropp....😅
For dei som kjenner litt til Toreheia frå før, så veit dei at fjellet er rimeleg eksponert for vèr og vind. På toppen vart det difor fullt klesskift på overkroppen i den isande vinden. Ja, trur eg hadde på meg 4 lag til slutt...😃Det hjelpte på!
Ned igjen heldt eg fram over Yndestadhøgeheia, og vest igjen til eg møtte på ruta eg hadde gått opp aust i dalen av Svartevatnet. Ei fin runde dette. Og så heim igjen til Yndestad via Rinda.
Yes, god trim. Knall sol. Og landskapet skein av gull... 🌞
Utsikt heim |
fredag 13. oktober 2023
Ein oktoberdag
Morgonstemning over Dale |
Brendeheiknappen med utsikt til Fossedalshengenipa i nord |
Massbu (Øvre Laukelandsstølen) |
ds |
Utsikt mot vest frå Søndre Kringla |
ds |
Øvre Fossedal med Eitrenipa og Nordre Kringla |
Nedre Fossedal |