mandag 31. august 2020
søndag 30. august 2020
Sosialiseringsrunde
lørdag 29. august 2020
Kremtur
Frå Dalsfjordbrua ser vi m.a Fossevika, Kringla, Blegja og Laukelandshesten
torsdag 27. august 2020
Augustidag over Dalsfjorden
Nydeleg morgontur på Bakkefjellet igjen i dag. Frisk og klår luft med litt sol. Haustleg i lufta, men sola varma i bakkane. Fantastisk å sjå den stille Dalsfjorden blenkje seg i morgonlyset. Stille bygder spegla i fred.
onsdag 26. august 2020
Om å bli teken på senga....
Mangevatna sør for Skylefjellet
I går gjekk eg ruta til Blåfjellet og Eggene i Askvoll. Vått og ein del gjørme. Men jammen vart det litt sol òg. Flott!
I dag tok eg turen frå Vågane og opp til Ytrevågefjellet, vidare til Toreheia og Skylefjellet. Ei rute eg likar veldig godt. Diverre skjemmer vindturbinane på Guleslettene no synsranda nord for Florø. Over 33 kilometer unna! Desse turbinane er 158 meter høge. Kan du tenke deg korleis turbinane på Lutelandet som no blir sette opp vil vise att i Askvoll både frå sentrum og kring om frå fjella? For ikkje å snakke om på Atløyna? Turbinane på Lutelandet er over 180 meter høge og ligg berre 7-8 kilometer unna kommunen... Turbinane vil bli eit skrekkscenario. Ja, mange her i kommunen vil bli tekne på senga!
Elles såg sauene i området ut til å ha det bra. Det gjekk mange på nordsida av Toreheia. Også ved Krikavatna gjekk det fleire. Flott tur igjen!
mandag 24. august 2020
Sturtebyer
...og så dukka regnbogen opp òg...
Det kom nokre voldsomme sturtebyer både på Skylefjellet i går og Bakkefjellet i dag. Men i motsetnad til i går snudde vèret tvert om på toppen. Ja, eg fekk til og med sjå sola nokre minuttar frå Bakkefjellet i stad. Slikt gjer godt når alt er vått...😀
fredag 21. august 2020
Før "Ellen"
torsdag 20. august 2020
Lett på Fossedalshengenipa
Foto Fossedalshengenipa 200820
tirsdag 18. august 2020
Go ahead Dokka
Nydeleg tur opp ranen på Dokka i dag tidleg. Retur om Nyksvatnet. Stilt, delvis skya og god temperatur. Tørr og fin sti. Ei nydeleg runde. Go ahead!
Eg vart møtt av ei runde med svermande flygemaur på toppen. Desse kan vere ganske innpåslitne (sjekk selfie inkl. maur...😄). Elles traff eg på eit par blide damer ovanfor Vikastølen. Sjølvsagt med ein liten kjekk passiar. Så var det heim att å lage middag...
mandag 17. august 2020
Stilig gjennom skodda
Vi ser toppen av Atløyna over skodda.
Her ser vi Moldura og Dokka bakerst og Kultingane og Fristadfjellet fremst.
Eg gjekk meg ein tur gjennom skodda i dag tidleg òg. I dag på Blåfjellet og Eggene i Askvoll, sidan eg hadde eit ærend der nede likevel. Stilig å gå litt småhutrande gjennom skodda i shorts og rett opp i strålande og varm sol. Som i går låg vel skodda heilt frå fjorden til omlag 400 moh. Artige turar dette!
søndag 16. august 2020
Fint over heia heime
Mellom Toreheia og Ytrevågefjellet i dag (mobil)
Flott og lett tur over Toreheia og Ytrevågefjellet i dag heime i frå. Retur til Vågane. Og som tenkt gjekk eg rett gjennom skoddelaget ved fjorden ovanfor Rinda. Herleg å gå gjennom skodda på morgonen, og kome opp i knall sol og blå himmel!
Som forventa går det ein del sauer i skuggepartiet på nordsida av Toreheia. Kjøligare her. Og friskare gras sidan snøen ligg lengst på denne sida. Elles går det sauer litt rundt omkring. Både ved Krikavatnet og i lia mot Osland.
Sauer i Kjennahola nord om Toreheia
Herleg med slike nydelege seinsommar-dagar!
lørdag 15. august 2020
Lett og kjapt
Sauene har det bra på Bakkefjellet... |
eg òg...😄
Eg gløymde visst å blogge turen på Moldura hin dagen. Ikkje at det betyr noko spesielt - der har eg jo vore mange gonger før...😄
I dag vart det til ein lett og kjapp tur på Bakkefjellet i Holmedal. Også som før. Ganske tørt og fint. God temperatur og vindstille. Ja til liks med meg såg sauene ut til å trivast heilt utmerka.
mandag 10. august 2020
Blegja opp
I dag var så turen komen til Blegja og normalruta frå Rørvika. Ruta er nyleg remerka. Det er veldig greitt for ukjende, men også fint for oss andre. Spesielt ned igjen urane. Dei kan jo vere litt tricky for eldre folk. Også for nylege pensjonistar...😄
No var det Olaug som var mest gira på denne turen i dag. Eg er egentleg ganske lei desse urane her oppe. Og sist eg var opp var då eg la ut fjelltrimboka i oktober i fjor. Tidlegare år har det jo tildels vore eit renn opp hit for å sanke meg poeng til fjelltrimmen... Ikkje det - det er jo flott å stå på høgste punktet i kommunen. Fenomenal utsikt er det òg. I alle retningar. Men å gå opp og ned desse urane ser eg på nærast som ein transportetappe for å kome meg opp på toppen.
Det var flott vèr på morgonen. Stilt og fint i Rørvika. Men det drog opp med nokre skyer då vi kom opp under Rørvikenipa. Godt då å ha nokre ekstra klede og vindtett i sekken. Og på toppen var det òg eit kjøleg nordadrag i lufta. Spesielt då sola forsvann. Så mange minuttane sat vi ikkje ikkje der. Vi åt eit par skiver før vi snudde nasen ned att same vegen.
Eitt av høgdepunkta i dag var då vi traff på eit kull fjellryper under Rørvikenipa (sjå video). På akkurat same plassen eg filma eit kull hitt året. Så mange var det diverre ikkje igjen av årets kull. Forhåpentlegvis var det fleire som hadde gøymt seg vekk enn dei få vi fekk sjå.
Elles er det no sjølvsagt alltid ei god kjensle å kome seg heim att frå Blegja-turar. Det er no høgste fjellet her og greier... Så Olaug er no strålande nøgd. Ok - litt eg òg... 😃Så då så...😎