| Hei på deg... seier Olina og Peter |
| Jeg gikk en tur på stien.... |
| Håvard Torbjørn og Peter |
| Big brothers |
| Ingrid Anita nyt utsikta |
| Kos i lyngen |
| Stongfjorden |
| Håvard og rikeleg med kosestoff... |
Nei i staden gjekk vi "heile gjengen" inn Solsidevegen då eg kom heim igjen. Ein treng ikkje gå høgt og langt for å ha ein fin tur. Iallefall når ein skal kose seg i lag med ungane. Dei høgste toppane og dei lengste turane er i grunn berre for Facebook. Og fort gløymde. Å få ungane med på tur er vèl så viktig. Så kan dei få vekse opp med gledene av natur og friluftsliv dei òg. Som eg gjorde som liten.
Det er nydeleg å gå inn Solsidevegen i Stongfjorden for små barneføter. Og utsikta ut fjorden er "breathtaking". Som det heiter på godt norsk. Kakao, kaffi, sjokolade og kjeks smaka heilt utmerka i den vårlege sola. Ein kjekk liten tur.
Foto Solsidevegen 100318
| Portafjellet |
| Skålefjellet |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar