lørdag 16. desember 2017

Woow tur








Toreheia Yndestadhøgeheia 161217 



Eg venta ut myrkna i dag tidleg, og fekk meg ein strålande tur gjennom skodda på Toreheia. Skodda låg ved Rinda. Ovanfor var det nydeleg solskin. Heilt utruleg. Nesten surrealistisk å gå ut att Yndestadhøgeheia etter å ha toppa ut Toreheia. Ja, det var ikkje sikt ned igjen til Stongfjorden. Skodda låg ut heile fjorden til havs.

Elles var det ingen problem med å gå over Krikavatnet. Vinterbadet i fjor er historie. Vidare oppover vart det ganske så tungt. Hard pusting i bakken med trugar på føtene. Det er flott å gå med trugar, men det er rimeleg tungt i lengda. Her oppe hadde det nok gått med ski, men det stikk opp mykje stein. Og mange plasser er det heilt avblese. Som på Yndestadhøgeheia. Her måtte broddane fram. 

Eg har gått mange gonger her oppe. Noko tal har eg ikkje. Kanskje 4-sifra snart. Det er sjeldan same forholda. Turen i dag vil eg nok minnast.

Ingen kommentarer: