tirsdag 30. august 2016

The Glory of Autumn

Fint på altanen hin kvelden...

In own pictures: The Glory of Autumn


Etter kva ein seier har vi visst hatt den finaste før-sommaren og den dårlegaste ettersommaren i manns minne. Ja, eg hugsar så godt den svidde plenen og angsten for at vatnet skulle ta slutt i juni... 

Javel, herr Statsråd, vatnet kom igjen det, til gagns. Men heldigvis er hausten ofte veldig fin. Spesielt i fjellet. Og mykje finare enn om sommaren. Den kalde, klåre lufta speglar naturen i fargesprakande idyll, og gir vidt utsyn i alle himmelretningar. Klar for nye opplevingar som vitnar om tida som har gått og nye vårar som kjem. For det er ikkje lenge til sola snur igjen.

Hausten er så inderleg fri for pollen, mygg, klegg, flått, kveps og tusenvis av fluger som om sommaren kan ta knekken på den friskaste fjellgeit! Den kalde lufta gjer det lett å puste. Du slepp strie straumar av sveitte og solkrem i raude og sviande auge. Og borte er dunkinga av pulsen i skallen av varmen. For ei sælebot – for ei lette! Ja, kjenn kor opplagd du blir etter ei god natts søvn – fri frå klame, varme dyner som tek kvelartak på deg i eit soverom som aldri vert kaldt nok!

Ja, hausten er finaste tida i fjellet. Den styrker både kropp og sjel. Startskotet går no. Kva ventar du på? Vel, ta deg tid til å sjekke ut linken ovanfor først - ei lett samanrasking av haustlege goodies...


Ingen kommentarer: