| Friskt opp frå Ringstad |
I dag vart eg med Halgeir T på jakt etter to lam i området Ringstadstølen Dokka Kalderasnipene. Lammet til Halgeir var observert i lag med eit anna frå Ringstad m.a. på mandag. I tillegg til Halgeir var vi 9 personar frå Ringstad og Holmedal, smått og stort, pluss ein gjetarhund. Vèret var temmeleg grått med skodde i Dokka då vi møttest på Ringstad i 10-tida. No melde vèrvarslinga betre seinare på dag, så vi gjekk friskt avgarde oppover mot Smilderstien.
Ringstadstølen var òg eit nytt bekjentskap for meg. Eitt av dei få områda på fastlandet i kommunen eg ikkje har vore på før. Dei ligg nydeleg til opp under sørsida av Dokka. Godt skjerma for nordavinden. Og i tillegg på ei flate over den tyngste bakken, også skjerma for det verste synnavèret (mine antakelsar).
Anders R synte oss inn i hytta si. Skikkeleg koseleg var ho med fleire overnattingsplassar.
| Ringstadstølen, ei av tre hytter |
| Ringstadstølen i gråvèr og motlys |
Det regna lett då vi tok vidare oppover. Skodda kom og gjekk. Og til tider skapte ho problem med å sjå. Men sidan lamma var observerte litt lenger oppe, rekna vi med at vi fann dei forholdsvis fort. Det synte seg diverre ikkje å stemme. Sjølv om vi delte oss og såg over store område, var lamma ikkje å finne. Så då bar det vidare oppover på vestkanten av Dokka, med utsikt nordvestover til Kalderasnipene og vest til Eidsfjorden. Lamma var heller ikkje å sjå her. Kvar dei så har teke vegen må no fuglane vite - som han sa fyren. Så etter fleire timar på jakt etter dei to fjellkjære lamma, vart enden på visa at 4 av oss gjekk nordover til Nyksvatnet, og returnerte til Holmedal, medan dei andre gjekk ned att til Ringstad. Så då fekk vi dekka området nord om Dokka òg.
| Speidar etter lamma... |
| Nyksvatnet i Holmedal |
Historia om dei to lamma som føretrekkjer fjellivet i staden for heimebøen, held fram. No har eg noko å sjå etter komande helg òg. Så neste tur er allereie under planlegging...
(P.S. Vanskelege lysforhold for fotografering idag, så bilda er ikkje av beste sort)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar