onsdag 14. januar 2015

Fråsegn Fossedalen

Oversiktsbilde frå Blegja: Heileberget ved Fossedalen t.v med Søndre og Nordre Kringla i morgonsol.
Fossedalshengenipa og Langevatnet ved Nipebu midt i bildet. Eitrenipa og Skjerlia i grønt t.h.
I bakkant dei andre kjende fjella i Askvoll med Alden ytst.

Øvre Fossedal med Eitrenipa

Nedre Fossedal
(taket på løa t.v.er skifta no)

Fritidseigedommen "ELRAKI" ved Fossedalselva



Askvoll og Fjaler kommunar skal i kommunestyremøte 28. og 26.januar handsame søknad om 12 kraftverk. Mellom desse er søknad om utbygging i Fossedalen. Fossedalens Vener har utarbeidd ei fråsegn til desse møta.
Dale, 10/1-2015
Askvoll/Fjaler kommunar
Adm


Vedrørande søknad om kraftutbygging i Fossedalen/Fossevika


Fossedalens Vener vil utarbeide eiga og utførleg høyringsfråsegn til NVE i følgje høyringsfrist 27/2. Dette skrivet er ei kort oppsummering av nokre einskildpunkt til politikarar og administrasjon i høve handsaming i kommunestyret 28/1 (Fjaler 26/1).

  • Askvoll og Fjaler kommunar og NVE sa i 2004 med klårt fleirtal nei til kraftutbygging i Fossedalen. Utbyggjar utviser no manglande respekt for politiske vedtak med ny søknad.
  • Lite er endra i høve 2004. (Vatnet skal førast i tunnel i staden for røyrgate. Innslaget og stasjonen er flytta mot vest i Fossevika). Verknadane for Fossedalsfossen, elva og fosselandskapet gjennom dalen, lonane ved Nedre Fossedal og Vikafossen, med utløp i Dalsfjorden, er dei same som ved førre søknad.
  • Administrasjonen i Askvoll kommune skreiv i saksnr 2004000403 K2-S11 «Administrativt ser vi ingen viktige moment i denne søknad som tilseier at kommunestyret sitt hovudprinsipp i K sak 21/01 om at eit område i kommunen (Fossedalen) skal vere urørt frå vidare kraftutbygging». Nok er nok!

Fossevika i hausstmodus


  • Grunneigar av dei gamle kulturminna i Fossevika har fått offentlege midlar (STILK) til istandsetjing av bygningsmassen. Ei kraftutbyggjing bryt med autensiteten og heilskapen i vika..  
  • Fleire andre grunneigarar er mot utbygginga. M.a. Odd Fossedal i Nedre Fossedal og Heid og Ingrid Fagerheim, eigar av fritidseigedommen "ELRAKI".  




Deler av Fossedalsvassdraget med Øvre og Nedre Fossedal





  • Som følgje av Dalsfjordbrua og betre tilgjenge frå Dale-sida av fjorden, har besøkstala for DNT sine hytter, spesielt Nipebu, auka monaleg. Auken har vore på over 30% i 2014.(sjå Indre Sunnfjord Turlag sine heinesider). Det er utbetre nytt og forlenga stinett frå Otterstein til Fossevika støtta med tilskot frå DNT og Sparebankstiftinga. Den nye stien er særs mykje nytta. Denne er òg del av Kyststiprosjektet i kommunen til Heileberget. Området kjem med dette meir til sin rett for alle. Og vil truleg bli den mest nytta innfallsporten til dette unike natur- og fosselandskapet i framtida.
  • DNT og Kystarvstiprosjektet har vidare planar om utvikling av stinettet
  • Ein opplevde i sommar reine «folkevandringa» til Fossedalen der parkeringsplassen ved brua i fleire høva var for liten.


Vi ser Fossevika t.v. med Vikafossen og Laukelandsfossen , Kringla, Blegja og Laukelandshesten

  • År 2015 er Friluftslivets år. Trasèen mellom Otterstein og Fossevika vil bli opna med «pomp og prakt» 31. mai med mediedekning. Friluftsliv og fysisk fostring sparer  kommunen for utgifter! Kommunen kan vise ansvar og oppriktig meining med at friluftsliv er viktig for folkehelsa.
  • Det er under planlegging ny merka sti til Massbu frå Nedre Fossedal som del av eit "trekantopplegg". Avtale med grunneigar er skriven.


På dugnad er det sett opp fleire bruer over Fossedalselva


  • I regi av DNT er det på dugnad av Fossedalens Vener sett opp 3 nye bruer over Fossedalselva.
  • Miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen har definert Fossedalen/Nipebu som eit område av spesielle naturverdiar (EDNA) (sjå kart fylkesmannen)
  • Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen har avsett same område som friluftsområde (FRIDA) (sjå kart fylkesmannen)
  • Ei kraftutbygging vil redusere INON (inngrepsfri natur, spesielt nær Laukelandsfossen/Storelva. Eit parti som er verna.
  • Fagrapportane som er utarbeidde av utbyggar er mangelfulle. Dei er heller ikkje utførte av kompetent nok personell. I tillegg på feil årstid m.a. etter fugletrekk sesongen. Det vil bli sendt eigen rapport til NVE ifbm høyringsfrist som radbrekker rapportane som er laga. (Den er forøvrig ferdig utarbeidd av eigna folk).


Oversiktsbilde: Fossedalsvatnet t.v og området mot Nipebu. Vi ser m.a. Heileberget (merka kystarvtopp og fjelltrimpost i Askvoll) og Fossedalshengenipa t.h (fjelltrimpost i Askvoll) Foto frå Eitrenipa (fjelltrimpost i Askvoll).


  • Som typevassdrag, frå alpint høgfjell til fjord, er Fossedalsvassdraget det siste i kommunen som ikkje er bygt ut. Kommunen er frå før betydeleg prega av vassdragsutbyggingar m.a. nabovassdraget i Skorva, der det no føregår ei betydeleg utbygging, i Stongfjord-fjella og i Rivedal.  
  • Som landskapselement i Dalsfjorden er Vikafossen saman med Laukelandsfossen (sørvende begge to) viktige å ta vare på for framtida. Dei er ein del av identiteten vår.
  • Fossedalen/Fossevika er etter vårt syn ei merkevare for Dalsfjorden som turområde.




Del av utløpet av Fossedalselva i Dalsfjorden. Vikaholmen midt i bildet.


  • Nedre Fossedal har saman med noverande utbetring av kulturminne og bygningsmasse i Fossevika (støtta av kommune og stat) betydeleg potensiale i turistsamanheng. M.a. nyttar Åmot Operagard og celebre gjestar Fossevika og området i dag. Som omdømebyggar er dette i lag med Fossedalen, DNT sitt løypenett og Laukelandsfossen viktige i reiselivssamanheng, "på folkemunne" og i sosiale media. Ei utbygging vil skape støy og negativ merksemd for kommunen.
  • Folk som satsar på turisme i pakt med natur må prioriterast  Ei kraftutbygging i Fossedalen er ikkje framtidsretta.
  • Det er ikkje fast busetnad i Fossedalen som ei utbygging kan kome til gode.
  • Fallrettshavarar er heimehøyrande utanfor Askvoll kommune.  
  • Fossedalen, som tidlegare høyrde til Fjaler, er/var i stor grad knytt til fjalerfolk og folk med tilknyting her. Som ein veit frå underskriftsaksjonen mot førre søknad var det særs stor motstand mot utbygginga. Det vart samla inn 1561 seriøse underskrifter (dei vart alle gjennomgådde). Vil politikarane i Askvoll bli kjende av å ha «trakka naboen på tærne»?






Øvre Fossedal. Eitrenipa t.h.
Fossedalens Dag har blitt avhelde fleire gonger med stort oppmøte



For Fossedalens Vener
Agnar Åsnes
Arild Laukeland
Bente Liabø Thorsen
Roald Nordeide
Gustav Skaar
Alle foto G.Skaar


Ingen kommentarer: