tirsdag 27. januar 2015

Fossedalshengenipa


Fossedalshengenipa, eller berre Hengenipa, er med sine 713 moh eitt av fleire fjell på Askvollhalvøya som er mellom 7-800 meter. Fjellet ligg sentralt i same område som mange av dei andre, lett tilgjengeleg frå fleire kantar. DNT-hytta Nipebu ligg som næraste nabo i vest. Rutene frå Otterstein/Fossevikja til Fossedalen, Rivedal, Massbu og Førdefjordsida/Markavatnet er DNT-merka til Nipebu. Desse er greie som tilkomst til oppstigninga av ryggen på Fossedalshengenipa òg. Sjølve toppen på Hengenipa er lett synleg frå hytta.
Det er berre tilkomst til siste oppstigninga på Fossedalshengenipa frå aust. Fjellet ligg som ”ein grå kval” med bratte sider i nord, sør og vest. Ryggen er ganske bratt, omlag 300 meter, godt varda og består av flott og fast konglomerat. Berga er gode å gå opp når dei er tørre, men er det vått, er det ein fordel å ha godt mønster under skoa. Om vinteren er ryggen flott å renne ned på ski, akebrett eller rumpa for den del...
Oppe ved sjølve topp-partiet kan du anten ta rett nord om første toppen, eller ta opp kløfta/grasbakken og ned på andre sida. Då ligg dei siste hundre meterane til varden rett mot vest. Platået er ovalt forma, ganske breitt og hallar som sagt utfor på alle kantar. Det er difor umogeleg å gå feil.
Frå toppen er det veldig flott utsikt i alle himmelretningar. Mot nordvest ser vi mot Markahengenipa, havet, Florøkanten og ytst i Førdefjorden, mot nord ser vi Ålfotbreen. I sør ser vi deler av Fossedalsvatnet, Strand, Dalsfjorden og Heileberget. I aust ligg Eitrenipa, Blegja, Storehesten og Nordre og Søndre Kringla. I vest ligg som sagt Nipebu ved Langevatnet og mange andre fjell, ryggar og fjelltoppar.
I tillegg til at Fossedalshengenipa er eit flott og greitt fjell å gå på for stor og liten, kan det nemnast at i nedslagsfeltet til fjellet er det fleire gode fiskevatn med fjellkjø (ørret) av god kvalitet. Er du tolmodig og heldig er her kilofisk å få. 


Ingen kommentarer: